Krev svar om ph.d.-fjusk

Sivilombodsmannen stiller ei rekke spørsmål til UiB om handsaminga av saka der ein ph.d.-student blei utvist av programmet og blei nekta å levere avhandlinga si etter å ha sitert to kjelder for dårleg.

Ph.d.-kandidaten leverte inn avhandlinga si i november 2010, men ho blei underkjent på grunn av manglande sitering. Kandidaten har tidlegare sagt til På Høyden at det var snakk om 3-4 sider i innleiinga som var mangelfullt sitert.

Spør om lovheimel
Sivilombodsmannen spør mellom anna om UiB har rettsleg grunnlag til å kaste studenten ut av programmet, og korfor UiB ikkje følgjer framgangsmåte i Universitetslova når det gjeld klaging på vedtak.

UiB må og svare på korfor andre doktorandar har fått levere omarbeidd avhandling når dei har blitt underkjende på grunn av manglande eller feil sitatbruk. Universitetsstyret, som er leia av rektor Sigmund Grønmo, må svare Sivilombodsmannen innan fredag 17. august.

Arbeidslaus
Den utviste doktoranden har fått fleire støttespelarar, blant andre professor i allmennmedisin, Eivind Meland og jusprofessor Jan Fridthjof Bernt.

– Nå må vi berre vente på svaret frå universitetsleiinga, men Sivilombodsmannen vil ha ei avklaring på om vedtaka til UiB er i pakt med Forvaltningslova og Universitetslova, seier Meland til På Høyden.

Doktoranden sjølv har vore utan arbeid og inntekt sidan januar i år. Det har vist seg vanskeleg å få jobb innan hans fagfelt med ein ikkje godkjend doktorgrad.

– Eg har eit stort håp om at denne doktorgraden går gjennom, seier han til På Høyden.

Sender signal
Han har heller ikkje fått dekt utgiftene han har hatt til advokat, trass i at dette står eksplisitt i Universitetslova § 4-8: «Kandidaten har rett til å la seg bistå av advokat eller annen talsperson fra sak om bortvisning eller utestenging er reist, eventuelt fra skriftlig advarsel etter første ledd er gitt. Utgiftene til dette dekkes av institusjonen.»

– Universitetet ser ut til å meine at reglane i Universitetslova berre gjeld andre enn doktorgradsstudentar. Men det er ganske klart etter mi oppfatning at det ikkje skal vere større høve til å bortvise studentar på doktorgradsnivå enn på lavare nivå, seier Jan Fridthjof Bernt til På Høyden. Handsaminga av saka er, meiner Bernt, på fleire punkt klart i strid med Universitetslova, mellom anna når det gjeld klageadgang, og om doktoranden har rett til å få advokatutgiftene sine dekt .

– Det er openbart at UiB har følt at ein treng å vise klart at dei tek fjusk alvorleg, og vere litt tøffe i signala. Eg har ikkje inngåande kjennskap til kva denne studenten har gjort, men sakshandsaminga er i alle fall ikkje i samsvar med reglane i Universitetslova. Og i tillegg må ein vurdere om reaksjonen i dette tilfellet står i høve til overtrampet. Det kan eg ikkje sjå at ein har gjort, seier Bernt.

Vil levere på ny
– Det vitskaplege står på trygg grunn. Det han er skulda for gjeld innleiinga, og han meinte aldri å la det framstå som sitt eige. Den eine kjelda er opponenten hans, og det ville vore dumt å tru at noko slikt ikkje ville blitt oppdaga, seier doktorandens advokat, Alice Jervell.

Ho håper at avgjerda vil bli endra, slik at klienten kan få levert avhandlinga si.

– Det viktigaste for oss er at han får høve til å omarbeide avhandlinga, og gå opp til prøven på nytt, seier Jervell.

 

 

Powered by Labrador CMS