Arve E. Asbjørnsen er ein av tre redaktørar som står bak det nye tidsskriftet Journal of Prison Education and Reentry (JPER). Her er han med fyrste utgåva. Foto: Karl Kristian Langeland

Etterlengta tidsskrift endeleg på plass

Publisert

Mangel på ein arena å publisere forskingsmateriale innanfor utdanning i kriminalomsorga, og eit ynskje om ein plattform å kunne diskutere fagfeltet på, har resultert i eit nytt tidsskrift; Journal of Prison Education and Reentry (JPER).

Arve E. Asbjørnsen, professor på institutt for biologisk og medisinsk psykologi, er saman med William Muth frå Virginia Commonwealth University og Anne Costelloe som er lærar i det irske fengselsvesenet, redaktør for det nye tidsskriftet.

Det tek sikte på å formidle forsking og studiar innanfor utdanning i kriminalomsorga og tilbakeføringa til samfunnet etter soning, noko som har vore etterlengta.

– Det er veldig få kanalar internasjonalt for å publisere denne typen studiar. Går vi til dei meir sedvanlige tidsskrifta innanfor utdannings- og opplæringsverksemd får vi ofte tilbakemeldinga på at det er eit for snevert utval. Innsette under utdanning er ikkje av interesse, fortel Asbjørnsen.

Har vore vanskeleg å få oversikt over forskinga
Då vart det ofte til at ein fann andre problemstillingar, som kanskje var litt på sida av ein var opptekne av, for å få publisert noko av informasjonen.

– Vi har delstudie som har gått inn i kriminologiske tidsskrift og i meir psykiatriske tidsskrift, men det er få kanalar for å kunne diskutere akkurat dette med opplæring i konteksten av kriminalomsorga. Dette blei diskutert mellom oss som arbeider innanfor dette feltet, og dette tidsskriftet kom no som eit resultat av det, fortel Asbjørnsen.

Det at ein har mangla ein arena å publisere på, gjer at mykje av informasjonen er vanskeleg å finne.

– Når slike typar studiar vert gjort i mange land og dei ikkje får plass i fagtidsskrift, så ender dei opp som rapportar til internt bruk. Sjølv om det er tilgjengeleg kan det vere vanskeleg å finne. Det har ikkje vore ein plass eller ein kanal ein kunne bruke for å finne det.

– Betyr det at de vil publisere eldre studiar også?

– I dette tidsskrifter er det så langt ny forsking som vert presentert, med unntak av ei samling med såkalla historiske vignettar frå ein kollega i California som har sett nærare på historia til opplæringa i kriminalomsorga.

Slikt vil gjerne Asbjørnsen ha meir av.

– Vi ynskjer fleire bidrag som kan vere med på å byggje opp under at dette er eit fag som har si eiga historie. Etter kvart vil vi nok også trekkje inn eldre forsking og vise kva som har skjedd tidlegare.

Tre typar stoff
Det ein hovudsakleg vil finne i JPER er to hovudbolkar med innsendte bidrag.

–Det er forskingsartiklar og det vi kallar <<practitioner papers>> som då er lærarar, praktiserande folk ute i feltet, som skriv om noko dei har vore opptekne av i jobben sin og korleis dei har gjennomført dette. Vi har også eitt bidrag som kom frå ein mottakar av desse tenestene som beskriv korleis det var å vere med på eit college kurs i eit fengsel i USA. Det er kanskje noko av det som har fått flest treff på nettsidene våre så langt.

Forskingsartiklane vert publisert etter ei tradisjonell fagfellevurdering. Både tematisk og geografisk har dei fått til ei god samansetning til fyrste nummer.

–Vi har eit bidrag frå Noreg som går på utanlandske innsette i norske fengsel og deira behov, vi har ei sosiologisk analyse frå ein kollega i Storbritannia, ein amerikansk studie som diskuterer lærarrolla i fengselet og eit bidrag frå Australia som går på bruk av digitale  hjelpemiddel i opplæringa.

Elles vil ein også finne mellom anna kortare featureartiklar som er knytt til dette fagfeltet.

Asbjørnsen fortel at det har vore ein lang prosess å få på plass dette tidsskriftet.

– Vi undra oss lenge på om det var eit behov for det, kven vil lese det? Kva vil skje dersom vi prøvar oss med noko slikt? Gjennom heile prosessen har vi hatt ein god dialog med <<European Prison Education Association>>  (EPEA) som er ei foreining for lærarar som jobbar med utdanning innanfor fengselsvesenet. Vi har fått lov å vere med når dei har hatt sine møte for å legge fram planane våre, og då har vi fått gode tilbakemeldingar på at dette er noko dei ynskjer.

Innad i gruppa har dei også diskutert kort tett dei skal knytte seg til ei foreining som EPEA.

– Vi har kome fram til at vi har dei med på laget, men er uavhengige i den redaksjonelle prosessen. Vi håpar vi skal få til ein spalte frå formannen i EPEA kvar gong vi lanserer eit nytt nummer.

– Kor ofte blir det nytt nummer?

– Det vi har tenkt, er at det skal vere kontinuerlig publisering av materiale etter kvart som det vert publisert. Det er det fine med elektronisk publisering, vi treng ikkje å ha noko forseinking. Når folk har skrive noko og vi har sett over det kan vi presentere de tmed det same. Det er ein fordel både for dei som vil bruke den informasjonen og for forskarar som vil ha publisert tinga sine, seier Asbjørnsen.

I tillegg til kontinuerleg publisering vil dei forsøke å få til to nummer i året som vert utgjevne.

Spesiell lanseringsdato
JPER vart lansert den 13. oktober i år og det var ingen tilfeldig valt dato.

– Vi valde den 13. oktober som lanseringsdato fordi det er <<the international day of prison education>> som EPEA har jobba for å få på plass for å sette søkelyset på opplæringa i kriminalomsorga. Datoen markerer dagen for at Europakommisjonen underteikna anbefalinga om opplæring i kriminalomsorga for 25 år sidan Det er eit initiativ vi også støttar opp om så då valde vi den datoen for å markere det.

– Korleis er reaksjonane så langt?

– Det er ikkje så mykje tilbakemelding som vi hadde håpa på for dei forskjellige artiklane, men vi ser at folk har lasta dei ned. No har vi også opplevd ei viss <<forseinking>> på nettet då Google og andre søkjemotarar ikkje finn sida vår enda, men det jobbar vi med å finne ut av. Forskarane finn oss uansett på Google scholar, men det er ikkje så mange av praktikarane, som vi også vil fange opp, som brukar det.  

No håpar gjengen bak JPER at fleire vil nytte seg av tidsskriftet som er ope, fritt tilgjengeleg og gratis.

– Belønninga vår ligg i den grad at folk vil bruke det og vi ser at det kjem til nytte. Med det håpar vi å få meir kunnskap og ein betre praksis i opplæringssituasjonen både nasjonalt og internasjonalt.

Dugnadsprosjekt
JPER er eit nullkostsprosjekt og det er ikkje noko økonomisk støtte som er direkte knytt til dette, fortel Asbjørnsen.

– Vi har god teknisk støtte frå fleire hald og har fått litt strømidlar her og der. Det som hjelper oss i gang her er at både plattforma vi nyttar og arkiveringa får vi gjennom UB. I tillegg har William Muth, som er redaktør for forskingsdelen i tidsskriftet, fått tildelt arbeidstida til ein doktorgradsstudent som vil jobbe eit visst tal timar kvar veke med det administrative. Vi må også nemne Fylkesmannen i Hordaland som har vore til stor hjelp gjennom å gi oss både litt midlar og deltatt i å utvikle ein kunnskapsbase til dette arbeidet.

Kunst frå dei innsette
Framsida på det fyrste tidsskriftet er pryda av eit kunstverk laga av ein innsett frå Irland, og det kjem til å kome meir av slikt også framover.

– Vi har fått tilgang til veldig mykje kunstverk som innsette verda rundt har bidrege med. Det ligg veldig mykje flott som ventar på å bli vist fram. Det er også litt av poenget med tidsskriftet å få promotert dei positive og hyggelege tinga som skjer innanfor desse rammene. Det er ikkje berre gangsterar, seier Asbjørnsen og ler.

Her kan du lese meir om JPER.

Powered by Labrador CMS