Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tenk deg ein fotballkamp der det ikkje er spelereglar. Kaotisk? Sannsynlegvis. Tenk deg så eit klasserom der elevane vil gjere som dei vil. Godt læringsklima? Vel.
Denne våren blir det meisla ut ny nasjonal rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Sist det var gjort, var i 2003. Trass i at det berre er ni år sidan, har det skjedd store digitale endringar i den vidaregåande skulen: Digital kompetanse har blitt den femte basiskompetansen i læreplanverket, alle elevar har fått kvar sin berbare PC, alle skular har digitale læringsplattformer, Internett er tilgjengeleg for elevar overalt i skulane, digitale læremiddel har fått same statusen som den papirbaserte læreboka, alle elevar har sin eigen mobiltelefon, og det er innført IKT-basert eksamen. Klasseleiing sett på prøve Facebookgenerasjonen Må vere online Leidd inn i freisting Ser ikkje konsekvensane Multitaskar Alt dette syner at den digitale livsstilen til elevane må handterast både i samspel og motspel med elevane i skulen – også fordi elevane sjølve ønskjer meir styring frå læraren si side: Teknologitette klasserom Kronikken sto først på trykk i Bergens Tidende 10. februar 2012.
Alt dette har ført til ei rekkje positive straumdrag i vidaregåande opplæring, og elevane sin gode digitale kompetanse har opna eit mangfald av nye læringsvegar i den digitale skulekvardagen. Samstundes er det ei kjennsgjerning at klasseleiinga til lærarane blir sett på prøve i dei stadig meir teknologitette klasseromma, og ein nyleg publisert studie blant 1784 elevar og 606 lærarar i vidaregåande skular i Rogaland dokumenterer mellom anna følgjande:
Den digitale livsstilen til facebookgenerasjonen har dermed blitt ei stor utfordring for lærarane og klasseleiinga deira, og dei mange digitale freistingane gjer at både læringa og læringsklimaet blir sett på prøve. Mange chattar, tekstar, bloggar, søkjer, spelar, tvitrar og les aviser og har i det heile eit mylder av bruksmønster i dagens klasserom. Det seier seg sjølv at det ikkje er lett for læraren å skulle konkurrere med den kraftige underhaldningsmaskina berbare PC-ar er. Nokre av desse digitale freistingane handlar om at det er ein del av ungdomskulturen å vere online døgnet rundt: Mobilen er aldri langt unna, og Facebook har blitt ein fast del av både natte- og morgonrutinen – du kan miste status om du ikkje er til stades.
Det sosiale presset med å vere online er dermed stort og eit slags «catch 22»: Er du offline, er det ikkje berre eit dilemma fordi du eigentleg ønskjer å vere online, men også fordi du trur at andre forventar at du skal vere online døgnet rundt. Dette sosiale presset gjer at skulearbeidet for ein del blir skadelidande, ettersom søvnmangel som kjent ikkje er nokon god medisin for læring. Vi ser konturane av ein «digital Matteus-effekt»: Elevar med høge skuleambisjonar og gode karakterar klarer betre å styre unna dei digitale freistingane i undervisninga enn elevar med låge ambisjonar og svakare karakterar. Teknologiavhengigheita blir dermed ein stressfaktor for mange elevar, og ein kan spørje kvifor nettopp Facebook er ei såpass sterk digital freisting at elevar ikkje klarer å halde seg unna – sjølv ikkje i klasserommet medan det går føre seg undervisning. Biletet er samansett, men har ein felles klangbotn i høve teknologifilosofen Marshall McLuhan (1967) sitt postulat: Han var tydeleg på at ein ikkje må undervurdere påverknadskrafta til teknologien, og at det først og fremst er mediet sjølv som formar oss.
I dag tyder McLuhans frase The medium is the message at vi på eit umedvite plan lèt oss «leie inn i freisting» av påverknadskrafta frå sosiale medium. Facebookgenerasjonen si ekstreme avhengigheit av nettopp Facebook syner oss at dette i høgste grad er tilfelle. Verknaden blir ekstra kraftig fordi dei sjølve har regien for kva «røyndom» dei ønskjer å syne omverda, og når dette blir vevd saman med «narsissismen» i sosiale medium sitt vesen, opplever individet dette som ein «intellektuell protese» – ei forlenging av seg sjølv. Difor blir bileta frå dei siste ungdomlege bragdene, til dømes sjølvpromoterande bilete frå konsertar, beinveges plasserte på facebookprofilen med forventing om eit påfølgjande «Likar dette»-skred frå nære og fjerne facebookvener, tidvis vel så viktige som konserten i seg sjølv. Det blir ein «show off» og ein sosial markør som individet har regien over sjølv, samstundes som den søte dufta av «Likar dette» gir sosial fagnad.
Den enorme populariteten til Facebook botnar difor mykje i at han vev saman det folk ofte søkjer reint eksistensielt: sosial fagnad, tilhøyrsle og eit snev av narsissisme. Difor er det ikkje vanskeleg å skjøne tiltrekkingskrafta slike digitale freistingar har på ungdomen – både innanfor og utanfor skulen sine vegger. Og som kjent er fisken den siste som oppdagar vatnet rundt seg, og difor er det òg til å forstå at elevane ikkje ser korleis digitale freistingar som sosiale medium endrar både danningsreiser, livsstil, døgnrytme og læringsstrategiar.
Ein vanleg læringsstrategimyte blant elevane er at dei klarer å følgje med på sosiale medium og undervisninga samstundes (multitasking). Det er tydeleg at elevane forvekslar «fritids-multitaskinga» (til dømes følgje med på TV og vere på Facebook samstundes) med multitasking i læringssamanheng. Forsking syner at det ikkje er mogleg å konsentrere seg om kognitivt krevjande oppgåver samstundes som ein driv på med noko anna i undervisningssamanheng.
Vel så viktig er det at lærarutdanninga grip tak i dette, og at klasseleiing i teknologitette klasserom er noko det blir teke høgd for i den nye nasjonale rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Det vil hjelpe både lærarstudenten, læraren og elevane i ei tid der digitale freistingar og digitale livsstilsmønster som høyrer fritida til, stadig bankar på klasseromsdøra og på mange måtar ber læraren om å tre til side og abdisere som klasseleiar.