Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dannelsesutvalget reproduserer eit apolitisk og gammalt syn på dannelse: Oppfør deg fint, og ikkje stå i vegen for utviklinga.
Akademisk fridom er fridom til å definere vitskaplege og pedagogiske problem og metodar sjølvstendig - på vitskapane sine eigne premissar - og forfølgje kunnskapsinteresser på ein metodisk etterprøvbar måte. For at praktisering av fridom i forsking og undervising skal vere muleg over tid, må fridomen forankrast i demokratiske prosessar og organ i universiteta sjølve. Men dette føreset at samfunnet elles godtek dette sjølvstyret ved å gi løyvingar til det over statsbudsjettet, demokratisk vedtatt av parlamentet, utan å krevje at forskinga skal gi løysing på dei konkrete problema som politikarane eller sterke næringsinteresser balar med til dagleg. Forsøk på å styre kunnskapsutviklinga for bestemte politiske eller snevre næringsmessige føremål, set vitskapane tilbake, noko som i neste omgang svekker utviklinga av det allmenne kunnskapsgrunnlaget som er nødvendig for å løyse dei meir konkrete utfordringane. Kunnskapssamfunnet Kunnskapsauke ved vitskapleg forsking er statane sitt viktigaste bidrag til å styrke konkurransekrafta både i marknaden og mellom statane innbyrdes om politisk og kulturell sjølvhevding. Den sikraste måten å gjere dette på, er gjennom teknologiske innovasjonar på grunnlag av ny, vitskapleg fundert kunnskap. Men for at dei nye kunnskapane og teknologiane skal bli tatt i bruk i stor stil, må det settast i verk høgare masseutdanning av arbeidskraft, humankapital, som lett omstille seg. I tillegg kjem behovet for kvalifisert arbeidskraft i privat og offentleg administrasjon for å kunne informere, organisere og styre - utøve makt - i stadig meir differensierte samfunn og globale relasjonar. Akademisk arbeidarklasse Med teorien om humankapitalen hevdar økonomane - og ikkje berre dei - at dermed blir det gamle klassesamfunnet, der forholdet mellom arbeid og kapital står sentralt, oppheva ettersom lønsarbeidarane no er blitt eigarar av sin eigen kapital. Men for at humankapitalen skal gi den nødvendige «avkasting» for næringslivet, må det framleis finnast kjøparar som er villige til å betale for desse kvalifikasjonane ved arbeidskrafta slik at verdiauke (verdiskaping med profitt) kan finne stad når arbeidskrafta blir sett i arbeid. Humankapital er difor ikkje noko anna enn moderne kvalifisert arbeidskraft, ei vare som blir omsett i marknaden. Forholdet mellom arbeid og kapital er altså ikkje oppheva likevel, berre endra i samsvar med produktivkreftene og nye differensieringar i samfunnet. Bru mellom masse og elite I staden for at universiteta framleis, i tråd med gamle ideal, skal integrere utdanning med forsking, går reformene i hovudsak ut på å skilje mellom masseaspektet (utdanning) og elite (forsking, kunnskapsutvikling). Stjernøutvalet prøvde å slå ei bru over denne kløfta ved å gjere framlegg om at høgskulane (som i stor grad driv profesjonsutdanning) og universiteta (som i mykje større grad driv forsking) skulle slå seg saman i større einingar. I eit demokratisk perspektiv var dette ein riktig tanke. Men den politiske feilen utvalet gjorde, var at det ville gjennomføre slike fusjonar om nødvendig med politisk dekret frå regjering og Storting, ikkje på institusjonane sitt frivillige tildriv nedanfrå, kombinert med økonomiske insitament ovanfrå. Og ettersom det i mellomtida er blitt mykje lettare for høgskulane å bli opphøgde til universitet utan å slå seg saman med etablerte universitetet, var det ikkje noko stønad for Stjernøutvalet å få frå den kanten heller. Universiteta distanserer seg Dannelsesutvalget maktar ikkje å gripe fatt i desse problemstillingane. Tvert om blir studentane sin dannelse forstått som «evna til å sjå seg selv som produkter av og deltakarar i brede tradisjoner av kunst, idear og verdiar», med evne til «kritisk tenking» i forhold til denne arven, til forståing av etikk og førebuing av studentane til å delta i «offentligheten». Dannelse som elitefenomen? Men moderne dannelse vil ikkje hemme, men heller auke akademikarane si evne til omstilling til nye krav frå teknologien og samfunnet - frå marknaden, i følgje filosofien bak liberal arts. Utvalet greier å gi ein diagnose av vår globale samtid utan med eit ord å gå inn på den kapitalistiske dynamikken som formar denne samtida. På dette viset fornyar Dannelsesutvalget den gamle, apolitiske, forståinga av kva dannelse var også før globaliseringa og finanskapitalismen si tid: Evna til å tilpasse seg samfunnsutviklinga på ein kritisk, etisk reflektert måte - men utan å kome i for sterk motsetnad til denne utviklinga, kort sagt: oppføre seg med dannelse, eit elitefenomen - utan konsekvensar for universitets- og forskingspolitikken. Kva er vel då meir naturleg å gjere enn slik UIB gjer når det no skal diskutere dannelse 17. mars? Ein arrangerer ein konferansen i Bankettsalen på Hotel Norge, med inngangsbillett kr. 900,- pr. deltakar. Våren 1969, derimot, arrangerte UiB ei fagkritisk veke om universitetet og vitskapane si rolle i samfunnet, open og gratis for alle. Viss konferansen verkeleg er utslag av dannelse, treng vi ikkje meir, men mindre dannelse. Kronikken sto først på trykk i Bergens tidende 17. mars 2010
Omgrepet om «kunnskapssamfunnet» har vakse fram dei siste 50 åra parallelt med endringa av dei akademiske institusjonane frå elite- til masseuniversitet. I tilknyting til dette står førestellinga om «humankapital» (human capital) som grunnlag for verdiskaping og verdiauke sentralt. Drivkrafta bak dette er vitskapane og den høgre utdanninga si rolle som produktivkrefter, det vil seie faktorar som aukar arbeidsproduktiviteten i samfunnet.
Professor Knut H. Sørensen hevdar at vitskapane i stadig større grad formaterer arbeidskrafta. Høgre utdanning både kvalifiserer og programmerer studentane til ulike karrierar arbeidsmarknaden (sjå tidsskriftet Vardøger nr. 32 om Vitenskapene og kampen om universitetet). På 25 år har det vore ei fordobling av studentar ved norske universitet. I løpet av om lag 20 år vil ca 1 million nye lønsarbeidarar i arbeidsmarknaden ha akademisk utdanning i Norge.
Ut frå denne logikken har alle universitetsreformer etter 1960 hatt som målsetting å effektivisere universiteta med referanse til den stadig sterkare, meir globale konkurransen på alle samfunnsnivå. Men logikken har ei innebygd motsetning: På den eine sida kravet om meir effektivt nyskapande kunnskapsproduksjon til støtte før teknologiutviklinga og marknadskonkurransen m.m., på den andre sida det aukande behovet for masseutdanning av arbeidskraft som er på høgde med dei nye produktivkreftene.
Av same grunn søkjer dei veletablerte universiteta (særleg UiB, UiO, NTNU) å distansere seg frå dei nye hybriduniversiteta med lite forsking og mykje undervising ved å definere seg sjølve som forskingsuniversitetet, ja, UiO går til og med rundt med eit eliteuniversitet i magen. Over tid vil dette svekke sambandet mellom kunnskapsutvikling, utdanning og demokrati - mellom det interne demokratiet med akademisk fridom ved universiteta og det politiske demokratiet i samfunnet elles, noko som kan få alvorlege konsekvensar for det siste.
Fenomenet dannelse, etter mønster av det amerikanske liberal arts, er løfta opp i ein sfære av kulturelle og etiske verdiar utafor verdiskapings- og utbyttingsforholda i høgmoderne, globalisert kapitalisme. Rett nok lever vi i ei stadig meir teknifisert verd med krav til raske omstillingar, får vi vite.