Kronprinsen ville vekk

– Då eg skulle studere i utlandet hadde eg fire kriterier. Det første var at universitetet skulle vere langt unna Noreg. Eg enda på Berkeley, men såg og på Australia, fortalde kronprins Haakon då han opna Internasjonaliseringskonferansen 2013.

Dei andre eigenskapane han såg etter var at institusjonen skulle vere av bra kvalitet, at undervisningsmålet måtte vere engelsk, og at studentmassen måtte vere spanande og multikulturell.

– Eg fekk mykje ut av faga, men det var òg mykje av det andre eg lærde av.

Samlar 400
Konferansen blir arrangert for andre gong, denne gongen ved UiB. I to dagar er over 400 menneskje som arbeider med internasjonalisering av utdanning samla i Bergen for å drøfte temaet under tittelen «Internasjonalisering som kvalitetsstempel i høyere utdanning».

Fikk fram konfliktane
Kronprinsen valde Berkeley i Kalifornia, og budde på International House, der mange nasjonar var representerte. Og det var spennande med dei mange kulturane.

Då dei skulle ha internasjonal dag gjenskape verda med eit bord til kvar nasjon kom konfliktane til syne: Kubanarane ville til dømes ikkje snakke med eksilkubanarane.

– Eg er ikkje så veldig glad i konflikt, så eg prøvde meg med ei litt norsk tilnærming, fortel kronprinsen.

Ikkje smeltedigel
Ei ny forståing av korleis ulike kulturar bør leve saman var noko av det han tok med seg heim i bagasjen:

– Det er ikkje slik at det bør vere ein smeltedigel, men heller eit samfunn av fredelig sameksistens og gjensidig respekt. Ved å reise ut får vi justert verdsbiletet vårt.  Å sjå verda litt breitt og ope trur eg er sunt for oss. Og så ser vi kanskje at det er vanlegare å sjå verda slik indarar eller kinesarar gjer det.

Kronprins Haakon kunne sjølv vitne om verdien av utdanning i utlandet då han opna konferansen. Foto: Dag Hellesund

 

 

Powered by Labrador CMS