Kuhnle blir professor i Berlin

Publisert

Sam.pol-professor Stein Kuhnle reiser frå Bergen til fordel for eit prestisjetungt professorat ved det nystifta universitetet Hertie School of Governance i Berlin.

785 forskarar frå 52 land søkte på dei seks professorata som vart utlyste i The Economist i fjor. Professor ved Institutt for samanliknande politikk i Bergen, Stein Kuhnle, er ein av dei utvalde. I første omgang skal han arbeide i Berlin i tre år.

– Tyskland er viktig for Samanliknande politikk, og vi har lenge hatt studentutveksling med Humboldt-universitetet og Freie Universität i Berlin. Eg håpar å styrke sambandet mellom Tyskland og Universitetet i Bergen, seier Kuhnle til På Høyden.

Han har fått permisjon frå UiB i tre år, frå og med januar 2006, men vil gradvis arbeide seg inn ved universitetet i Berlin frå hausten av.

Den nye forskings- og utdanningsinstitusjonen i Berlin vart offisielt godkjent som universitet 20. april og satsar ambisiøst på det nye tverrfaglege og internasjonale programmet ”Master of Public Policy”, der Kuhnle skal undervise. 30 studentar skal takast opp, ein tredel frå Tyskland, dei andre frå resten av verda. Etterkvart skal opptaket aukast til 80 studentar i året. Hertie School of Governance er eit privat universitet, men med ein ikkje-kommersiell profil, finansiert av The Hertie Foundation.

Kuhnle har vore professor ved UiB sidan 1982 og styrar ved Institutt for samanliknande politikk i 13 år. Han har tidlegare hatt forskingsopphald mellom anna ved University of California, Berkeley og The London School of Economics.

– Eg ser fram til å arbeide i eit internasjonalt og tverrfagleg forskingsmiljø. Kanskje kan det òg blir meir tid til å forske. Tyskland er det største landet i EU og svært viktig politisk. Det blir spennande å følgje utviklinga på nært hald, seier Kuhnle.

Powered by Labrador CMS