Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Mat.nat-fakultetet går som einaste fakultet inn for tilsette instituttstyrarar frå neste år. Dei andre fakulteta vil av ulike grunnar førebels fortsetja med valde instituttstyrarar - men nokre vurderer tiltak for å styrka instituttstyrarrolla, som til dømes å utvida tilsetjingsperioden for styrarene.
– På Mat.nat-fakultetet føl vi opp Mjøs-utvalet si innstilling. Vi går inn for tilsetja styrarar som får som oppgave å leia med utvida fullmakter samanlikna med dagens situasjon. Dette er ein del av omstillingsprosessen ved Mat.nat - der vi skal ha ei meir aktiv styring og leing. Skal ein få orden på ting må det kraftigare lut til enn det som er vanleg med valde styrarar. Slik det er i dag blir det for lite oppfølging av kvar enkelt forskar og tilsett, meiner Sælen som er overraska over at så få fakultet vel å tilsetja styrarar . Mat.nat-fakultetet vedtok overgong til ny ordning på fakultetsstyremøte 4.september i år. Med.fak. skal igong med ei omfattande omorganisering og bestemte nyleg å redusera talet på institutt frå 17 til 7. I ei spørjeundersøking som vart utført ved Med.fak. i 2000 var det fleirtal for tilsette instituttstyrarar, men førebels er fakultetsstyret avventande. Ved Juridisk fakultet, Psykologisk fakultet og Odontologisk fakultet er prolemstillingane noko annleis enn ved fakulteta med mange og store institutt. Desse tre fakulteta har få, eller berre eitt institutt - og ingen går i dag inn for tilsette styrarar. Det vil i såfall vera ein dyr modell, meiner leiinga ved fleire av fakulteta.
Sjølv trur Sælen at det vil verka positivt at instituttstyrarane tar leiinga. Dei skal både ha fagleg ansvar og personalansvar på eit fakultet der 80 prosent av forskaraktiviteten er eksternfinansiert. Mat.nat-fakultetet går inn for å opna for tilsetting på åremål i opptil 12 år, fordelt på fireårsbolkar.
– Vi må gje tillit til dei som skal leia. Dei skal ha det heile og fulle ansvaret og ikkje kunna overprøvast på instituttnivå, seier Sælen.
Som søkjarar ønsker Mat.nat-fakultetet både interne kandidatar og eksterne kandidatar som kjenner fagområdet. Truleg blir Geofysisk institutt det første instituttet med tilsett instituttstyrar så fort som mogleg etter 1.januar 2003.
Med.fak. avventar - HF og SV seier nei
– Vi har enda ikkje tatt stilling til denne saka. Vi har ikkje gjort noko vedtak, men avventar universitetsleiinga si behandling av dette spørsmålet. seier Johs. Teigland, fakultetsdirektør ved Med.fak.
HF ønsker ikkje å innføra ordninga med tilsette instituttstyrarar, men diskuterer om dei skal prøva ut ei ordning med utvida fullmakter for styrarar.
– Det kan vera interessant å sjå korleis dette vil fungera, ikkje minst fordi HF har liten tradisjon for sterke forskningsleiarar. Dette har gjerne blitt sett på som ein trussel mot den individuelle forskninga og fridomen til enkeltforskaren. Sjølv delar eg ikkje denne frykta. Styrarane kan til dømes få sterkare verkemiddel til å initiera samarbeidsprosjekt eller samordna pågåande forsking ved instituttet. Slik kan ein styrka både samarbeid internt på instituttet og samarbeid på tvers av institusjoner, samtidig som hovedfokus ligg på den individuelle forskeren, seier dekanus Vigdis Songe-Møller.
Ho ønsker seg dyktige og handlingskraftige styrarar, og meiner eit anna verkemiddel for å oppnå dette er å innføre lengre styringsperioder, til dømes opp til fem år.
Men foreløpig er dette på ideplanet og har ennå ikkje vore skikkeleg diskutert med fagmiljøa, seier Songe-Møller, som ikkje trur at HF i nær fremtid kjem til å endra meining i dette spørsmålet.
Ved SV-fakultetet er også det fleirtal mot å gå inn for tilsette styrarar. Ifølgje dekanus Alf Erling Risa er det to hovudgrunnar til det.
– Dei fleste miljøa ved SV-fakultetet meiner at det her ikkje passar å gå så langt som på Mat.nat. Mat.nat har nok større behov forskningsleiing på grunn av den dyre infrastrukturen på forskingsutstyr. Eg forstår at dette er ein tungtvegande grunn til sterkare forsknngsleiing. Her på SV-fakultetet har vi nokre utsstyrstunge fag, men vi har likevel ikkje det same behovet. Den andre viktige grunnen er at vi har ganske små instiutt. I slike tilfelle kan det bli ganske dyrt å setta av ei heil stilling. Tilsette styrare med store fullmakter ville difor måtta bety organisatoriske endringar som til dømes samanslåing av institutt, seier Risa.
– Dyrt med tilsette styrarar
Ved Odontologisk fakultet som kun har eit institutt og ein klinikk har ein vedteke å gå over til tilsett leiar av klinikken. Dette skjedde i forkant endringane i universitets- og høgskolelova. I dette høvet vart det fleirtall i fakultetsstyret for å tilsetja ein leiar for klinikken, men å behalda velt instituttstyrar for instituttet.
– Vi har ikkje drøfta eller problematisert dette med tilsett instituttstyrar - men slik eg ser det er dette truleg ikkje ei ordning som passar på Odontologisk fakultet i dag. Arbeidsmengda som instituttstyrar tilsvarar ikkje ei full stilling - og det er mogeleg å kombinera arbeidet med ein viss forsking og undervisning. Det vil derfor vera naturleg å ha ein fagleg leiar som blir velt frå vårt fagmiljø, seier dekanus Magne Raadal. Han legg til at fakultet vil vurdera erfaringane frå MatNat før ein tar stilling til utvida fullmakter for instituttstyrarar.
Ved Det psykologiske fakultet har dei ifølge fakultetsdirektør Audun Rivedal fire institutt og fire mindre senter/program og har førebels ikkje fått sterke ønske om å tilsetje styrarane.
– Vi veit likevel frå tidlegare undersøkingar at instituttstyrarane er delt i synet på dette spørsmålet der eine halvparten kunne tenkje seg tilsetjing, den andre ikkje. Vi har institutt som varierer frå 12-25 tilsette og for oss kan dette i såfall verte ein dyr modell, særleg med tilsetjing av eksterne søkjarar på heil tid. Vårt fokus no er på betre samordning av senterstrukturen, medan instituttstrukturen truleg vil bestå. Vi er igong med eit omstillingsprosjekt i administrasjonen der vi ønsker ei sterkare grad av spesialisering og der ein del av ei administrative tenestene vert organiserte i fellesfunksjonar der styrarane og institutta kan få sørvis på bestemte tenesteoppgåver, seier Rivedal.
På Jus fungerer prodekanus som instituttstyrar og ein vil der ha valt styrar så lenge det er mogleg, seier dekanus Ernst Nordtveit