– Kunnskap er eit allment gode

Publisert

Forskinga, undervisninga og kunnskapen skal vere tilgjengeleg for alle, enten ein kjem frå Dar es Salaam, Bergen eller Boston, meiner rektorkandidat Rune Nilsen.

– Kvifor ønskjer du å bli rektor?

– Eg er grunnleggande oppteken av at universiteta skal vere ryggrada i samfunnet. Dette gjeld både dei fattigaste og dei rikaste landa. Dette har eg engasjert meg i gjennom prorektorperioden, og det har skjerpa interessa for å halde fram. Det er viktig å skape eit internasjonalt godt vurdert forskingsuniversitet som studentane har lyst til å bruke åra sine på. Kvifor skal studentane reise til Bergen? Den viktigaste motivasjonen bør vere fagleg. Det er det faglege som bør vere grunnen til at dei unge skal ønskje seg hit. Eg har lyst til å bli rektor for å arbeide for komande generasjonar, som universitetet er svært viktig for. Vidare har eg lyst til å bli rektor for å følgje vidare dei spennande prosessane eg har vore med på som prorektor. Eg har vore med i arbeidet for å få til ei tenleg universitetslov og ny forskingsmelding, eg har vore med å arbeide fram UiBs nye forskingsstrategi, med i dialogen rundt formidlings- og utdanningsstrategien og eg har vore involvert i prosessen med omorganisering i forhold til universitetet si randsone (Unifob). Den siste perioden har vore formidabel. Eg meiner rett og slett at eg har kvalitetar som kan vere brukandes til å følgje opp.

– Kva vil vere dine sterke sider som rektor?

– Eg har interesse for alle delar av institusjonen og er oppteken av at grunnmiljøa skal vere hovudleverandør i prosessane som skjer i organisasjonen. Eg meiner dessutan at eg har evne til å tenke strategisk og til å få folk til å arbeide saman. Og eg trur at eg er i stand til å setje ein agenda som er viktig ikkje i minst i ein global samanheng. Eg trur eg kan samhandle godt med institusjonane utanfor universitetet. I tillegg er eg glad for at vi kan gå til rektorval som team, og trur eg og prorektorkandidat Gerd Kvale kan supplere kvarandre godt.

Gode læringsmiljø

– Dersom du skulle bli valt, på kva måte vil studentar og tilsette merke det?

– Eg håpar dei vil merke at eg meiner det eg har vore med å arbeide med i denne perioden. Vi har kome i gang med mange tiltak. Vi har dessutan fått ei ny universitetslov, ei ny og svært ambisiøs stortingsmelding om forsking, og vi er framleis i implementeringsfasen med Kvalitetsreforma. Vi må få til desse prosessane innan dei rammene vi har. Elles vil utvikling av gode læringsmiljø bli prioritert. Eg er særleg oppteken av at mastergrads- og doktorgradsstudentane i større grad enn før skal vere partnarar i forskingsprosessen, i forskingsmiljøa og dermed også i læringsprosessen. Ein del av dei initiativa eg har vore med på siste åra viser noko av kva eg står for. Eg vil nemne arbeidet med IKT-strategien og læringsmiljøa, initiativet til koordinert utdanning og forskning innan ernæring, og ikkje minst det nye PhD-programmet, forskarskular og rettane til forskarutdanningsstudentar. Studentar og tilsette vil også merke eit tydeleg fokus på dei globale utfordringane.

– Dersom du blir rektor, kor mykje makt vil du få?

– Makt er ikkje ein lineær storleik. Men det er klart at universitetet er ein uhyre kraftig konstruksjon med den intellektuelle kapitalen vi har, kunnskapen og eit par milliardar kroner til å drive systemet. Med andre ord er det sprengkraft i universitetet, men den sprengkrafta kan også trekke i alle retningar. Rektor sit i ei stilling der ein kan kanalisere denne krafta som er i organisasjonen og få den til bety noko. Slik sett har rektor makt. Ein køyrer med eit enormt trekkhundspann, og dersom vi ikkje er i stand til å få det til å trekke saman i forhold til dei oppgåvene vi har, står vi stille, og alle trekk i alle retningar.


Partnarinstitusjonar

– Kor viktig er det for deg å markere deg utanfor universitetet, og kor viktig er det for deg å markere deg i media?

– Relasjonen til media er viktig. Men media er ikkje alt. Det viktige er å bety noko i dei institusjonane som er rundt oss. For det første må vi erkjenne partnerskapet med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar. Det har eg brukt mykje tid på siste åra, særleg i forhold til høgskular, og der synest eg vi har fått til mykje. Samfunnet vi har rundt oss er ikkje eit virtuelt samfunn. Det består av næringsliv, kommuner, foretak, fylker, forvaltingsdelar, faglege delar, kultur, skulesystem – alt dette er arenaer vi må vere til stades på. Vi må gi meirverdi og vere aktive og konstruktive aktørar til dømes i diskusjonen om regionsutvikling og kunnskapsbasert næringsutvikling. Dette er eit av våre viktigaste oppdrag som deltakar i demokratiske prosessar. UiB har til dømes ønskt å fungere saman med Helse Vest, som det ikkje var så smidige relasjonar til i utgangspunktet. Med Helseforetaket har vi no eit svært nært felleskap og felles mål for forskning og utdanning. Vi må bruke tid og krefter og vere generøse i relasjon til desse partnarinstitusjonane våre som også inkluderer høgskular og forskingsinstitutt. Det er ikkje sjølvsagt at slike samarbeid skal fungere. Utan ei nær samhandling med andre kunnskapsmiljø, sviktar vi samfunnsoppdraget vårt. I denne diskusjonen er media viktig som den kritiske vindusflata til kunnskapsarenaen. Eg meiner at Noreg ikkje vil kunne fungere og utviklast som velferdssamfunn utan ei ryggrad av sterke kunnskapsinstitusjonar og ikkje minst eit sterkt kunnskapsbasert næringsliv. Så kan ein spørje, er media opptatt av dette?

– Er utfordringa kanskje å få media opptatt av det?

–Absolutt. Eg synest vi har fått ein god relasjon med media. Vi har ei formidlingsavdeling som på ein heilt annan måte enn for berre få år sidan knyter oss til media.


– Må klynge oss saman

– Universitetet står føre omorganiseringar når det gjeld instituttstruktur og styringsstrukturar? Korleis ser du på denne prosessen?

– Eg trur utviklinga vi har hatt av institutta våre er ein styrke. Den er i tråd med det styret har vedtatt og ikkje utan støtte frå fagmiljøa. Institutta må få større leiings - og handlingsrom. Eg trur samhandling med fakulteta og styrkt fagleg leiing på institutta er eit viktig steg framover. Dette legg vi stor vekt på i vårt program.

– Omorganiseringar og instituttsamanslåingar vil vel skape ein viss turbulens?

– Poenget må vere å nå faglege mål. Å ha større administrative einingar utan at det gir noko meir, verken i innsparing eller fagleg utvikling, er poenglaust. Vi er på jakt etter fagleg utvikling. Den auka vekta på fagleg leiing er verktøy for å skape denne utviklinga. Det handlar om å skape fagmiljø som heng saman, der forskarar løfter kvararandre, der forskarar er interessert i kvarandre sine innspel og der studentar blir involverte i fagprosessar. Dette krev fagleg leiing. I tråd med denne tanken har vi eit klart mål også for den sentrale leiinga, som vi er opptekne av at ikkje skal vere for stor. Vi vil dra nytte av kortare avstandar frå fagmiljø til fakultet og rektorat – særleg å få dekanane inn mot sentralleiinga.

– Når det gjeld styringa av universitetet er UiB prega av ein konsensukultur. Kan det vere at debattemperaturen er for lav?

– Nei. Eg håpar vi ikkje bruker for mykje tid på dei organisatoriske diskusjonane. Eg ønskjer meg faglege diskusjonar på tvers av fakultets- og instituttgrenser. Universitetet har alltid vore prega av at organisatoriske grenser ikkje er heilage. Derfor er det så viktig at vi har ei fagleg leiing som har styrke og legitimitet på institutta våre.

– Korleis meiner du demokratiet best kan ivaretakast ved UiB?

– Det viktigaste er at folk stemmer og deltek i dei prosessane som går i institusjonen. Ikkje minst må ein vere tilstades på dei faglege arenaene og vere med å hamre ut dei faglege linene i institusjonen. Dessutan må folk følgje opp dei strategiar og handlingsplanar som dei har vore deltakarar i å utforme.

– Korleis skal ein få folk til å lausrive seg frå kontor- og lesesalar?

– Gjennom å skape ein kultur som gjer det triveleg og ønskjeleg å arbeide saman. Ein kultur der ein blir utfordra på eigne faglege standpunkt, og der det er spennande å arbeide i fellesskap. Vi må klynge oss saman, ikkje minst fagleg.


Treng ”vi-kultur”

– I samband med ny universitetslov har det vore mykje snakk om den akademiske fridomen og universitet si autonome stilling i samfunnet. Samstundes må ein ha krav til innsyn og kontroll i ein slik samfunnsinstitusjon. Kor autonomt bør universitetet vere?

– Det viktigaste er å sikre at den kunnskapen vi arbeider med blir eit allment gode. Kunnskap er eit allment og fritt gode. Vi skal ikkje ha universitet som lukker seg inne. Forskingsresultata våre skal vere tilgjenglege for alle, enten dei bor i Bergen, Dar es Salaam eller i Boston. Etter mitt syn burde det vere det same med læremateriellet. Kommersialisering av læremateriell er eg grunnleggande skeptisk til. Eg er skeptisk til at vi skal få eit utdanningssystem der dei rike og betalande skal ha fortrinnsrett hos oss. Du skal ikkje måtte ha rike foreldre for å studere ved UiB.

– Kva syn har du på den nyleg framlagde stortingsmeldinga for forsking?

– Det er ei svært god melding. Det skal også seiast at det er eit dokument som har tatt med responsen frå universitets-Noreg, som har blitt lytta til i prosessen. Men regjeringa har gitt seg sjølv stor fallhøgde. Meiner ein noko med meldinga, krev det handling.

– Internasjonalisering er eit sjølvsagt mål i dag, men kva bør vere dei viktigste måla med internasjonaliseringa ved UiB?

– For det første må vi arbeide akademisk både på utdanning og forsking med internasjonalt viktige spørsmål. Nitti prosent av problema i verda finn vi i dei fattige landa. Dette må utfordre både undervisninga og forskinga vår. For det andre må vi fungere slik at det er lett for forskarar og ikkje minst studentar å komme hit til UiB. Vi må ha både struktur og kultur for å vera internasjonale og opne heime. Eg ønskjer meg dessutan ei internasjonalisering i hovuda på 17000 norske studentar. Eg ønskjer at det skal vere interessant, fagleg og sosialt, for dei norske studentane våre å ha kontakt med studentar frå Kroatia, USA og Uganda.

– Spørsmålet om UiB skal vere eit breidde- eller eliteuniversitet har blitt tatt opp ved fleire høve. Kan ein vere begge deler, og i så fall korleis?

– Vi skal forske mot den internasjonale forskingsfronten, og basere undervisninga på dette . Våre forskingspublikasjonar skal gi ny kunnskap, den skal vere fagfellevurdert, og den skal vere tilgjengeleg. Dette stiller krav til oss. Vi må forholde oss til ein knallhard konkurranse. Vi skal vere eit internasjonalt forskingsuniversitet, og det er det vi skal målast på. I dette biletet vil det vere nokre miljø som har meir kraft til å yte og satse. Utan breidde i teori, metode og miljø, er vi ikkje i i stand til å fange opp viktige nye utfordringar. Men utan at vi samlar oss i større grad enn vi gjer i dag, får vi for lite slagkraft på viktige faglege arenaer. Vi må samlast om noko som gir kraft og gjennomslag og løfte i lag innan dei rammene vi har – vi treng ein ”vi-kultur”, ikkje ein ”eg”-kultur. Utan at vi ser på alle tilsette i alle ledd av institusjonen, og då meiner eg alle, som eitt team, får vi ikkje gjort jobben vår. Utfordringa er då å skaffe ressursane som trengst.


Vekstmedium for samfunnet

– Korleis ser du på den kommersielle forskingsdelen i Unifob og den såkalla randsonen av UiB?

– Unifob er eit kraftig verktøy og eit hovudverktøy for oss. UiB som ein grunnforskingsinstitusjon treng i auka grad den fleksibiliteten og dynamikken Unifob gir. Unifob og randsona vår er også fundamental for å kunne vere partnar med næringslivet. Kunnskapen som gir grunnlag for næringsutvikling skal vi applaudere. Dette skal ikkje gå på bekostning av UiBs grunnforsking og utdanning, det er eit viktig tilleggsverktøy. Vi skal vere ryddige og samhandle og stimulere – og legge til rette for at kunnskapen fungerer som eit vekstmedium for samfunnet rundt oss.

– Kva er dei viktigaste tiltaka for å sikre rekruttering til forskings- og undervisningsstillingar ved UiB framover?

– Først vil eg seie at vi har grunn til å vere stolte over mykje av det vi har fått til. Då tenkjer eg særleg på at vi har fått ei ny doktorgradsutdanning og allereie fleire forskarskular. Korleis få unge til å bli interesserte i forsking? Det er den store utfordringa. Vi må møte dei tidlegare. Inkludering av mastergradsstudentarar i forskingsmiljø og auka samhandling med næringsliv og ulike foretak er slike gode tiltak Vi må derfor ha mekanismar ved universitetet som fangar opp dei som har genuint lyst til å satse på forsking allereie på ungdomsskular og vidaregåande skular. Forskingsdagane, oppfølgjing av dei interesserte i ”Olympiadane” på vidaregåande skular og liknande er særs viktige tiltak.

( HØYDEN HAR INTERVJUA ALLE DEI TRE KANDIDATANE TIL REKTORVALET 2005. INTERVJUA MED LEIV K. SYDNES OG SIGMUND GRØNMO BLIR PUBLISERTE FREDAG OG MANDAG.)

Powered by Labrador CMS