Ein rapport frå Riksrevisjonen viste at mange bygg i UH-sektoren treng omfattande rehabilitering. Det gjer både staten og institusjonane sjølve no noko med. UiB fekk 35 millionar kroner i fjor og 30 i år.

Førjulsgåve frå statsnissen: Nytt tak

Publisert

30 millionar frå Kunnskapsdepartementet gir nytt tak og læringssenter i realfagbygget.

– Me er lukkelege. Men me skulle jo gjerne hatt ein null til i beløpet, smiler eigedomsdirektør Even Berge.

Under julekaffien for administrativt og tekniske tilsette kom universitetsdirektør Kjell Bernstrøm med ei gladmelding: Kunnskapsdepartementet har løyva 30 millionar kroner til opprusting av realfagbygget. Med i summen er eit krav om at institusjonen sjølv finn like mange kroner.

Det har UiB gjort, og det betyr at det er 60 millionar kroner som no kan brukast på bygget. Realfagbygget var ferdig i 1977. Faktisk er taket like gamalt. Eit tak av denne typen reknar ein eigentleg med at har ei levetid på mellom 20 og 25 år.

– For nokre år sidan hadde me ute anbod på nytt tak på realfagbygget. Men det vart funne hussopp i eit anna av UiB sine bygg, så då måtte realfagbygget venta, fortel Berge.

No vert det altså nytt tak, og i tillegg læringssenter i underetasjen.

– Me håpar òg å få i gang nokre andre prosjekt, mellom anna håpar me å kunne begynna arbeidet med å få skifta vindauge, seier Berge.

Det er tidlegare sagt at realfagbygget treng ei totalrehabilitering, men at dette bør skje etappevis.

Powered by Labrador CMS