Statssekretær Bjørn Haugstad peikar på to aktuelle kandidatar når UiO ikkje vil ha ansvar for språksamlingane: UiB saman med Høgskulen i Volda eller Nasjonalbiblioteket. Arkivfoto: Nikita Solenov

Reknar med språkavklaring om nokre månader

Publisert

Først må ein få klargjort kva som skal skiljast ut frå UiO. Så kan UiB og andre verta involvert i språksamlingsaka.

Dette er i korte trekk konklusjonen etter at representantar frå UiB og Høgskulen i Volda måndag hadde eit møte med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

– Eg oppfattar at det er politisk vilje til å prioritera saka, seier rektor Dag Rune Olsen.

Vart ikkje snakka om pengar
Det har vorte skrive mykje om språksamlingane ved UiO. Universtitetet i hovudstaden vil ikkje lenger ta ansvar for dei. UiB har sagt seg villige til å ta over ansvaret – dersom det følgjer pengar med.

– På dette møtet vart det ikkje sagt noko om pengar. Men me har registrert at Kulturdepartementet er tydelege på at pengane følgjer med oppgåva. Det må følgja pengar med dersom me skal overta samlingane, seier Olsen.

Han seier at det frå departementet si side vart skissert at fase éin er å kartleggja kva som skal skiljast ut frå Universitetet i Oslo og sjå på kva det representerer av kostnader. Deretter vil UiB og eventuelle andre interessentar verta involverte.

– Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet må para beina, men det er sagt at ein håpar å landa saka i løpet av dei næraste månadane, seier Olsen.

– To kandidatar
Statssekretær Haugstad seier til Nynorsk pressekontor at departementet ikkje kjem til å avgjera saka utan å involvera dei som er seriøse interessentar.

– Eg oppfattar at det er to aktuelle kandidatar per no, og det er Nasjonalbiblioteket og dei to som var på besøk i dag, seier Haugstad.

Det er UiO som har føreslege å flytta samlingane til Nasjonalbiblioteket. Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen har vore i debatt med både UiB-instituttleiar Johan Myking og Nynorsk kultursentrum ved direktør Ottar Grepstad i På Høyden sine spaltar.

Haugstad vedgår at saka hadde vore tent med ei avklaring, men vil ikkje gå for raskt fram heller.

– Vi tar sikte på å finna ei løysing på dette i fornuftig tid, men eg trur det er viktigare at vi finn den rette løysinga enn at vi forhastar oss, seier statssekretæren til NPK.

Powered by Labrador CMS