Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den tyske kunnskapsministeren Annette Schavan skal ifølge ei gransking ha juksa med vitande vilje. Ho vert verna både av leiande akademikarar og politikarar.
Kristelegdemokraten Annette Schavan frå CDU skreiv doktorgradsavhandlinga si ved universitetet i Düsseldorf for 32 år sidan. Universitetet som i si tid kreerte Schavan har no sett i gang ein formell prosess mot den tidlegare studenten, melder University World News. Avslørt av bloggar Avhandlinga vart granska av ein ekspert på Jødiske studier, Stephan Rohrbacher, som konkluderte med at ein kunne finne teikn til at Schavan med overlegg hadde plagiert. Intensjonen hennar var altså å jukse, meinte Rohrbacher. Nektar for plagiat Jan-Hendrik Olbertz seier også at skuldingane berre er eit forsøk på å «sverte ryktet til ein suksessfull kunnskapsminister». No ber han om ei ny og uavhengig gransking. Krevjer ny gransking Alliansen argumenterer med at det å trekke tilbake ein doktortittel fordrar ein grundigare prosess med fleire høgt kompetente involverte som arbeider uavhengig av kvarandre. Bjørneteneste Han meiner leiande akademikarar gjer høgare utdanning og forsking ei bjørneteneste ved å skape det pinlege inntrykket at ein kan oppnå det politiske resultatet ein ynskjer ved å heve stemma i offentlegheita. Han meiner dette undergraver universiteta sin integritet. – I framtida, når avgjersler om midlar til universiteta eller forsking er gjeve, vil nokon alltid spørje seg om pengane kom berre fordi dei fekk ei hjelpande hand til rett tid, seier han ifølge University World News. Må ho gå? Foto: flickr.com/photos/wissenschaftsjahr
Skuldingane om plagiat kom fram i mai i fjor, då ein anonym bloggar peika på moglege plagiat i Shavan si avhandling kalla “Character and conscience Studies on the conditions, necessities, and demands on the development of conscience in the present day”.
Schavan har avvist skuldingane. Blant dei sterkaste forsvararane hennar er Jan-Hendrik Olbertz, direktør ved Humboldt Universitet i Berlin. Han er sjølv også kristelegdemokrat, og er ifølge nettavisa rysta over at plagiatskuldingane har nådd pressa.
Også Allianz der Wissenschaftsorganisationen, som famnar om ei rekke leiarar ved forskings- og vitskapsinstitusjonane i Tyskland, har gått ut og kritisert Universitetet i Düsseldorf.
Bernhard Kempen, president ved Deutscher Hochschulverband som representerer tyske høgskulelektorar, seier at han har full tillit til at Universitetet i Düsseldorf sjølv klarer å føre ein sunn og korrekt prosess. Han er sterkt kritisk til at alliansen av forskarinstitusjonar har teke parti i saka.
Schavan er ikkje den fyrste kristelegdemokraten som har blitt teke for fjusk. Også partikollega Karl-Theodor zu Guttenberg måtte gje frå seg doktor-tittelen etter at fjusket vart avdekka i 2011. Som følgje av dette måtte han også gå av som forsvarsminister.