Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når realfagsbygget skal gjera seg lekkert, er det studentar frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen som står bak.
I taket heng ein installasjon av plast, og to store teppe er hengt opp under trappa. Ein student festar ei av dei siste platene på sitt prosjekt. – Kva grep kan ein gjera for å få realfagbygget til å vera eit samtidslæresenter, spør Kari Dyrdal. Ho er professor ved Kunst- og designhøgskolen, og har rettleia studentane gjennom det som er deira første oppgåve med utsmykking av eit offentleg rom. Vil fjerna store lesesalsareal – Det funksjonelle er annleis no enn då bygget vart bygd for snart førti år sidan. Me er det universitetet som har størst auke i talet på kvalifiserte søkjarar til realfaga. Då må me òg kunne tilby dei noko, seier Bjørn Åge Tømmerås, fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Han seier at planen er ei stor ombygging av bygget. Dette gjeld først og fremst dei store lesesalsområda i underetasjen. – Studentane ønskjer seg gode arbeidsplassar, dei ønskjer seg bibliotek, pauseplassar og kanskje små kaffibarar. Eg synest bygget bør vera prega av at det er eit bygg for realfag, men samstundes skal det vera ein atmosfære her som seier at det er godt å vera her. Her har kunsten ei rolle, meiner Tømmerås. Skal kåra vinnar – Dette er studentane sitt første offentlege oppdrag. Kurset vert avslutta no, og ein jury skal kåra ein vinnar blant dei ti. Så er det opp til UiB om dei vil gå vidare med planane eller ikkje, seier Dyrdal. – Nokre av studentane har brukt fargar og materiale, og har mellom anna sagt at kollokvieøyene som er her i dag kan gjerast noko med i forhold til farge og mønster. – Endra på bygget sine premiss – Bygget var ein milepæl for realfaga. Men om det har fungert godt for studentane, er eg ikkje heilt sikker på. Det har fungert ganske godt for forsking, men me veit ikkje heilt korleis det har vore å studera her, seier Tømmerås. – Når ein skal koma med forslag til kva ein skal gjera, er det vanskeleg å konkurrera med bygget. Endringane må skje på huset sine premiss, seier Siri Meyer. Ho er professor i kunsthistorie og leiar UiB sitt estetiske utval. – Prosjektet handlar på mange måtar om kva læring er i dag, og om kva eit læringssenter er, seier Meyer vidare. Det poetiske og undrande Baksida av bygget har store glasflater ut mot Nygårdsparken. – Då bygget kom, var opning mot naturen ein del av grunntanken, parken var rett og slett ein del av konseptet, seier L’orange. I dag er det store gjerde mellom bygget og det grøne området. – Fleire av prosjekta tek opp forholdet til parken. Eitt brukar parken, eit anna ser på bygget i forhold til området rundt, og andre ser på lys og visualisiering av luft, forklarar L’orange. Liv og rørsle – Eg vil ikkje endra så mykje i sjølve bygget, eg synest det har ein fin, logisk struktur. Men eg ønskjer å få inn litt liv og rørsle inn. Lyset bryt gjennom, seier Paulsen. Han ønskjer å visa at det kan vera natur – òg i den logiske, symmetriske og brutalistiske konstruksjonen som realfagbygget er. – Det eg viser her er jo fysikk. Det er straumar av luft og vatn, seier Paulsen. Slik er prosjektet hans i tråd med det fakultetsdirektør Tømmerås ønskjer. – Dette skal vera eit bygg der ein kan kjenna att realfaga, til dømes skal ein kunne sjå Amundsen sitt utstyr stilt ut. Men samstundes med ei god realfagskjensle skal bygget ha eit moderne uttrykk når det kjem til form, farge og arkitektur. Dette har vore ei drivkraft frå mi side, seier han. Dei ti studentarbeida kan ein sjå i realfagbygget frå i morgon. Shebeta Mekdes i gang med siste finpussen før juryen skulle seia sitt om dei ti arbeida. Foto: Hilde Kristin Strand
Utgangspunktet er ganske enkelt: Realfagbygget treng renovering.
Dei ti studentane, som er bachelorstudentar ved Kunst- og designhøgskolen, har fått temmeleg frie tøylar. Nokre har sett på heile bygget, medan andre har jobba med deler av det.
Realfagbygget vart bygd i 1977, og det var den danske arkitekten Harland Ram Østgaard som teikna det.
– Bygget er på mange måtar veldig ferdig, det er laga i betong. Kunsten kan bidra med det uferdige, det poetiske, det tvetydige og undrande. Det er ikkje mykje undring her i dag, seier Mette L’orange. Ho er professor ved Kunst- og designhøgskulen med spisskompetanse i form, farge og rom.
Egil Paulsen har laga ein installasjon som har fått namnet «Lethe». Det er same namnet som elva i gresk mytologi. Den som drikk vatn frå Lethe, vil missa hugsen.