Det har landa ein meteoritt

Publisert

Inne i plantehuset, innimellom dei høge plantane, ligg ein meteoritt inni ein boks. Han lagar lyd.

Fysikkprofessoren Kristian Birkeland, som er mest kjent for å ha oppdaga nordlyset, laga sin terrella for å simulera nordlys. Birkeland plasserte den magnetiske kula inne i ein glaskasse som kunne tømmast for luft.

No har kunstnar Signe Lidén plassert sin modell av jordkloden inne i plantehuset i Muséhagen. Prosjektet «Skala» er ein del av «Imagining Commons» - 12 dagar med utstillingar, performance, camp, samtalar og førelesingar. Volt står bak, og fleire av prosjekta finn ein knytt til UiB.

– Eg har tenkt meg meteoritten som jordkloden, og samstundes som bilete på noko heilt enkelt, som kjernen i noko, seier Lidén.

Spole
Meteoritten er frå Gran Chaco i Argentina, og stammar frå det store nedfallet for 4000-5000 år sidan. Rundt meteoritten har Lidén surra kopartråd.

– Det gjer at han vert ein spole. Eg sender lyd inn, og steinen lagar vibrasjonar og sender lyd tilbake, seier kunstnaren.

For å høyra lyden, må ein heilt inn i kassen som er plassert innimellom tropiske vekster. Lidén seier at ho har vore oppteken av å skapa eit rom rundt meteoritten. Boksen steinen er plassert i, er inspirert av monterar som ein finn på museum.

– Eg er oppteken av korleis røyndommen vert presentert. I tillegg er meteorittar ofte museumsgjenstandar, seier Lidén.

Testa ulike lydar
Ein lydsekvens på 12 minutt går i loop. Kunstnaren fortel at ho testa ulike lydar, og begynte med meir sfæriske lydar. Men ho landa på at lydar der ho slår i metallobjekt, er det som fungerer best.

– Då høyrer ein at steinen jobbar på eit vis. I tillegg til dei metalliske lydane brukar eg ekko frå rommet me er i no, og lydar frå fuglar som stadig flyg forbi.

Metallband
Utanfor Institutt for fysikk og teknologi finn ein fysikkmuseet. Inne i det nærast kvadratiske bygget er gamle tekniske isntrument stilt ut. no har dei fått selskap. I vindauga har kunstnar Øystein Aasan hengt opp verket “Coil”, som er ein serie variasjonar laga med metallband.

– Fleire av desse instrumenta er instrument for å manipulera lyd. Prosjektet mitt handlar mellom anna om å skapa romklang. Eg er òg oppteken av arkitektur, og ein måte å sjå på arkitektur på, er å sjå på korleis ein brukar eit rom, seier Aasan.

Han seier at når han vanlegvis har utstillingar, i Noreg eller i utlandet, er det ofte eit spesielt publikum som kjem.

– Difor er det no fint å stilla ut i byrommet, seier han.

 

Powered by Labrador CMS