Kunsten å fange Grønmo

– Sigmund Grønmo har vore ein tålmodig og disiplinert modell. Det har vore ein gjensidig tillit i arbeidets gang, sa kunstnar Arvid Pettersen då portrettet av Sigmund Grønmo vart avduka fredag.

Fredag var kunstnaren Arvid Pettersen i Håkonshallen for å avduke portrettet han har arbeidd med det siste året. 

– Det er ingenting der oppe i knollen som vi ikkje har erfart med sansane våre. Alt vi ser skal fortolkast ved hjelp av sanseapparatet vårt, sa Arvid Pettersen. 

Det gjeld også når rektorar skal portretterast. Fortolkinga av avtroppande Sigmund Grønmo skulle ende som eit portrett på Kollegierommet, og starta over eit par øl.

– Vi møttest på Wesselstuen, tok nokre øl, og teikna nokre skisser og fann ei gjensidigheit, sa Arvid Pettersen.  

– Karakteristisk utsjånad
Pettersen starta å teikne skisser av Sigmund Grønmo. Skissene vart fleire, etter kvart vart dei utarbeidd til å verte større bilete. I nær eit år har Sigmund Grønmo vore modell i Arvid Pettersens sitt atelier i Sandviken.

Her har Arvid Pettersen arbeidd med å avbilde Sigmund Grønmo, slik han er. Eller slik han kan vere, og slik han kan sjåast.

– Paradokset er at sanninga ligg i løgna, overdrivinga og underdrivinga. Sjå berre på karikaturteikningar. Dei kan vere sanne og presise, samtidig som dei er løgnaktige. Grønmo har ein markant fysiognomi og ein karakteristisk utsjånad, sa Arvid Pettersen.

Denne forsøkte han å fange i eit portrett som skal pryde veggen i Kollegierommet på Muséplass. Her vil portrettet til Grønmo henge ved sidan av portretta av forgjengarar som Bjørn Trumpy, Håkon Mosby, Ørjar Øyen og Kirsti Koch Christensen.

Kasta fløyelskappa
– Portrettet gjekk i fleire fasar. Grønmo har vore ein tålmodig og disiplinert modell. Vi har samtala og arbeidd. Det har vore ein gjensidig tillit i arbeidets gang, sa Arvid Pettersen.

Førre helg kunne avisa BT vise fram kunstnaren Arvid Pettersen som måla ein burgunderkledd Grønmo, pryda med kjede og hermelin. Men det var ikke dette biletet som vart avduka i dag,

Trass i at arbeidet som rektor gjev rikeleg med høve til å smykke seg med dress, kapper og fløyel: Det er kvardagar det er flest av.

– Det er i kvardagen arbeidet vert gjort. Det er her dei viktige avgjerdene vert tatt, sa Arvid Pettersen, og viste fram biletet av ein grådresskledd Sigmund Grønmo på talarstolen.

Utan rektorsmykke, men med UiB-pin på plass på slaget.
– Eg er svært nøgd med dette biletet, sa Sigmund Grønmo.

Samfunnskritisk kunstnar
Det var Sigmund Grønmo sjølv som valde kunstnaren som skulle portrettere han. Bergensaren Arvid Pettersen har vore maleriprofessor og rektor ved Kunsthøgskulen i Oslo. Han har tidlegare portrettert Inge Lønning då han gjekk av som rektor ved Universitetet i Oslo. I arbeidet med kunsten har Pettersen mellom anna uttrykt protest mot undertrykkande regime, EEC og overforbruk av naturressursar.  

– Eg har sans for det samfunnskritiske uttrykket som kjem fram i kunsten hans, sa Sigmund Grønmo.

Kunstnar Arvid Pettersen og nytilsett rektor Dag Rune Olsen kunne i dag avduke portrettet av Sigmund Grønmo. (Foto: Nikita Solenov)

 

 

 

Powered by Labrador CMS