Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Statsminister Erna Solberg hadde med seg ei aldri så lita gåve då ho vitja NHH tysdag: Ein halv milliard til å rehabilitera hovudbygget.
– Dette er ein viktig milepæl for NHH. Som ein handelshøgskule med høge ambisjonar, treng me moderne bygg og fasilitetar som står i stil, seier NHH-rektor Øystein Thøgersen i ei pressemelding.
Tysdag vitja både statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø NHH. Dei kunne fortelja at rehabiliteringa av hovudbygget frå 1963 kan starta til våren. Prosjektet vil vera eit såkalla kurantprosjekt, som er det same som mellom anna Høgskulen på Vestlandet sitt nye Kronstad 2 skal vera. Det er òg snakk om at nybygg for Griegakademiet på Møllendal kan byggast som kurantbygg. Ei slik løysing betyr at Statsbygg byggjer og eig, og den som skal bruka bygget leiger.
Både høgblokka, lågblokkene og klasseromsfløyen skal rehabiliterast. I pressemeldinga heiter det at ved hjelp av nye arbeidsformer og fleksible kontorløysingar skal arealeffektiviteten kunne aukast med 20-25 prosent. Totalt vert det over 12 000 kvadratmeter. Det skal lagast undervisningsrom som legg til rette for moderne undervisningsformer.
Prisen er rehabiliteringa er på 555 millionar kroner. I tillegg kjem 3,9 millionar til utsmykking.
– NHH har ein evne til å utvikla leiande internasjonale fagmiljø. Det krev strategisk arbeid å heva seg internasjonalt, og fasilitetar som legg til rette for god forsking og undervisning er difor viktig, sa Solberg då ho vitja NHH, ifølgje pressemeldinga.
Statsministeren hadde med seg ein vernehjelm som rektor Thøgersen fekk.
Etter planen skal bygget vera innflyttingsklart att 1. januar 2021.
– NHH ønskjer eit framtidsretta og levande campus som matchar vår undervisning og forsking. Rehabiliteringa vil bidra til utviklinga av eit framifrå lærings- og forskingsmiljø til glede for både studentar og tilsette, seier Thøgersen.