Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Den einaste måten å bremsa og stoppa utbrotet av kusma på, er at studentane sjølve gjer tiltak, seier smittervernoverlege Kari Øystese.
Det kjem framleis meldingar om fleire tilfelle av kusma i studentmiljøet i Bergen. No er det meldt om opp mot ti tilfelle, seier smittevernoverlege Kari Øystese, men ho trur talet kjem til å stiga.
– Viruset har lang inkubasjonstid. Det vil seia at ein kan smitta andre utan å vita at ein sjølv er sjuk, seier Øystese.
Handhygiene
Utbrotet byrja i Trondheim, og der er det no rapportert om om lag 70 smitta studentar.
– Det som er spesielt med dette utbrotet er at det spreier seg i ein vaksinert populasjon. No viser det seg at viruset som står bak dette kusmautbrotet høyrer heime i ei anna gruppe enn viruset ein vert vaksinert mot gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, seier Øystese.
Ho legg til:
– Det betyr ikkje at vaksina ikkje har effekt, men me trur effekten minskar noko raskare.
Øystese understrekar at det no er svært viktig at studentane sjølve tek grep.
– Den einaste måten å bremsa og stoppa dette utbrotet på, er at studentane sjølve gjer tiltak.
Ho listar opp følgjande som svært viktig:
– Ein bør tenkja over om dette er den rette tida for å arrangera store festar, seier smittevernoverlegen.
Sender ut informasjon
UiB sin HR-direktør Janicke Stople seier at informasjonen om forholdsreglar no vil gå ut til alle studentar, og eventuelt òg til alle tilsette.
Kusma er ikkje sett på som ein farleg sjukdom, men kan få konsekvensar: Menn kan få betennelse i testiklane, som igjen hos nokre kan føra til redusert fertilitet. Nokre av dei som får kusma, kan òg få ei mild form for hjernehinnebetennelse.