Kva er det som fins djupast nede i havet ?

Publisert

Ved Bergen Museum kan ein no bli med langt ned i havet på ei ny utstilling kalla ”Dyphavets hemmeligheter”.

På fleire tusen meters djup bur sjødjevelen og andre eksotiske fiskeslag i lag med spektakulære maneter og blekksprutar. Ein film frå 4500 meter djup, på den midtatlantiske rygg, er blant høgdepunkta på den nye utstillinga.

På filmen har forskarane mellom anna fått auge på ein hittil ukjend art - og ein kan sjå korleis det “snør” på havbunnen. Filminga er gjort av det russiske undervassfartyet MIR på veg til vraket av Titanic i fjor sommar.

- Utstillinga viser tidlegare og pågåande djupshavsforsking i Bergen og UiB, seier Morten Steffensen, leiar for publikumsseksjonen ved Bergen Museum.

Test trykket på 40 meter

Det er i samband med MAR-ECO ekspedisjonen som går ut frå Bergen på laurdag 4.juni at Bergen Museum onsdag 2.juni opna si nye utstilling. I det nye, blå rommet kan ein sjå materiale frå den store Michael Sars-ekspedisjonen i 1910.

Ein kan også sjå korleis materialet ein finn i djuphavet blir DNA-analysert, ein kan teste trykket på 40 meters djup og barna kan lese ei nyskriven følgjetong om fisken Røffen og hans liv i havet. Barna som vitjar utstillinga får også ei bok om Røffen.

- Vi har prøvd å skape ei kjensle av korleis livet artar seg i djuphavet. Vi har tatt med både det klassisk museale, som gamle gjenstandar, men også høgteknologiske moment i utstillinga. Vi tykkjer vi har klart å få med mykje informasjon, men samstundes bevare eit ryddig uttrykk, seier utstillingsarkitekt, Anne Aspen ved Bergen Museum.


Popularisering viktig

- Popularisering er ein viktig del av MAR-ECO prosjektet. Vi ønskjer å bidra til rekruttering og auka interesse for havforsking gjennom slik presentasjon av materialet. Dette er eitt av ei rekke tiltak.

- MAR-ECO-toktet vil bli filma av NRK og vi har mellom anna tett samarbeid med skular i fem EU-land. Ein nettstad samlingspunktet for elevane frå dei ulike landa. Vi har også kunstnaren Ørnulf Opdahl, fortel informasjonssjef ved Havforskingsinstituttet, Jo Høyer. Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen koordinerer MAR-ECO-ekspedisjonen.


Kjem heim med nye artar

Til stades på ”Dyphavets hemmeligheter” var også toktleiar på det foreståande MAR-ECO-toktet, Olav Rune Godø. Godø vonar at han og dei andre deltakarane på toktet kan bringe tilbake endå fleire uoppdaga artar frå toktet til den midtatlantiske rygg.

- Det er hundre prosent sikkert at vi kjem til å finne noko som ingen har sett før, seier Godø.

Bergen Museum skal vere blir hovudsamlingsstad for materialet som blir samla inn under toktet i sommar – og der blir det høve til å sjå nye, spennande ting frå djuphavet til hausten.

Powered by Labrador CMS