Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva vil rektorlaga gjera med dei delane av Det humanistiske fakultetet som fell utanfor dei eksternfinansierte prosjekta?
Jan Heiret (bak) var ein av tre debattleiarar då Det humanistiske fakultetet inviterte til rektordebatt før helga. Framme: Dag Rune Olsen, Anne Lise Fimreite og Oddrun Samdal. Foto: Hilde Kristin Strand – Frihumsam. Det høyrest nesten ut som ein vits, sa Jill Walker Rettberg då dei to rektorlaga møtte kvarandre til debatt ved Det humanistiske fakultetet fredag. Ho viste til Forskingsrådet si ferske utlysing av frie prosjektmidlar. Nytt av året er at det ikkje er eigne midlar for humaniora og samfunnsvitskapelege fag – dei to kategoriane er slått saman og har fått namnet Frihumsam. – HF er nedprioritert over heile verda. Me meiner at breidde er viktigast – universiteta treng mangfald, sa Rettberg. Vil bruka eigne midlar – Dei to rektorteama vil satsa på det marine og på utvikling og eventuelt på klima, og de vil ha HF og SV inn. Det er prisverdig. Men det vil vera ein rest att på HF. Har de blikk for det som er utanfor det eksternfinansierte? Og kva blikk? – Me meiner at me kan baka kaka større. Me kan trekkja inn mykje pengar frå EU og få både HF og SV med der. Og me vil kjempa for å få potten med fripro-midlar større, sa rektorkandidat Dag Rune Olsen. Team Atakan meiner UiB må bruka eigne midlar for å styrka HF, SV og juss. – Desse tre er nesten vekke i forskingsmeldinga. Me ser ein tendens både i USA og i Storbritannia til at HF og SV vert rasert. Me ønskjer at UiB skal bruka eigne midlar til å styrka forskingsmiljøa i denne sektoren, og me meiner at det er nok med dei to satsingane me har. Me vil gjera utviklingsforskinga annleis og mellom anna få HF inn der, sa Vigdis Broch-Due, kandidat som prorektor hos Team Atakan. Vil bruka Uni – Me meiner at ein kan bruka Uni som karriereverkemiddel. Det er òg ein måte å halda fast på unge forskarar utan å fløyma over av mellombels tilsette, sa Olsen. – Uni kan òg vera ein stad ein kan få til meir humanioraforsking, la han til. Olsen meiner at når forskarar ved UiB får inn mykje pengar og store prosjekt, som til dømes SFF og ERC, kan nokre mellombelse stillingar verta gjort faste. – Dette er langsiktige prosjekt, som kan opna for det, sa Olsen.
Rettberg, som er kandidat for vervet som viserektor for internasjonale relasjonar hos Team Atakan, svarte på Jan Heiret, førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- religionsvitskap, og ein av debattleiarane, sitt spørsmål:
Dag Rune Olsen peika på at Uni Research kan vera ein stad å byrja for unge forskarar.