Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor Jostein Gripsrud har gjennomført ein retorisk analyse av valprogramma før haustens stortingsval. – Mykje er repetetivt og dårleg skrive, seier han.
800 sider må ein lesa dersom ein verkeleg vil setja seg inn i kva dei ulike politiske partia meiner. Jostein Gripsrud, professor i medievitskap, har gjort det. På oppdrag frå Språkrådet har han gjennomført ein retorisk analyse av partia sin språkbruk. Han har òg sett på kva dei ulike partia seier om språkpolitikk. – Programma har mykje å seia for partia. Heile partiet er med på å utforma programmet, gjerne heilt ned på detaljnivå. Dersom ein enkeltrepresentant har ei spesiell interesse, er det når programmet skal lagast at ein må ta opp kampen. Å skriva partiprogram handlar både om ei skulering og ein mobilisering av organisasjonen, seier Gripsrud. Alle er med – Teksten vert eit lappeteppe, det politiske innhaldet er overordna den språklege utforminga. Det kunne nok lønt seg for partia å setja av midlar til ein språkkyndig person som kunne sjå på om ein kan seia det ein vil på ein kortare og klårare måte, meiner Gripsrud. Denne teksten er henta frå eit av partiprogramma: «Det overordnede prinsippet for miljøpolitikken og den økonomiske politikken vår er derfor økonomisk utvikling innenfor rammene av bærekraftig bruk. Ressursene skal brukes på en slik måte at de varer lenge og ikke utpines av for intensiv bruk eller forurensing. Veksten skal ikke være større enn naturen og samfunnet kan tåle. (…) I vårt økologiske helhetssyn har mennesket et naturlig ansvar for å ta vare på naturen og miljøet. Menneskets framtid er avhengig av at naturens funksjoner, produksjonsevne og mangfold opprettholdes. Senterpartiet står i en tradisjon som mener at ressursene nyttes best gjennom bærekraftig bruk. Vi kan ikke frede oss til en bærekraftig utvikling». – Mykje er repetitivt og dårleg skrive, og ber preg av bevisstlaus redigering, seier Gripsrud. Journalistar, politikarar og veljarar – Partiprogramma er ein katalog over standpunkt. Ein skriv til politisk interesserte personar, og tek utgangspunkt i at aller er opplyste og politisk interesserte, seier Gripsrud. Han peikar på tre grupper lesarar: journalistar eller andre som les programma kritisk og gjerne for å finna skilnad mellom teori og praksis hos partia, veljarar som er interesserte i spesielle saksområde, og partiet sine eigne medlemmer og aktivistar. Dei les både eige og andre sine program for å gjera seg klare til politisk dyst. Gripsrud seier at nokre stader er det mogleg å sjå at partia kan ha hatt eigne kjerneveljarar i målgruppa då dei skreiv deler av programmet. Men han vart meir overraska over kor like programma er. – Frp er tydelege, dei har eit prosjekt dei vil ha gjennomført. Rødt og Miljøpartiet De Grønne er det òg lett å sjå kva ønskjer. Men Venstre, Høgre og Arbeiderpartiet er meir vage. Det overraska meg at Arbeiderpartiet og Høgre er såpass like, seier Gripsrud, og viser til at begge partia til dømes har valt «Norge er et godt land å bo i» som første setning i programmet. «Uekte plattheter» – Dei brukar eit språk som er ganske enkelt, det vil seia at syntaksen er enkel. Men dei snakkar om mange ting på ein gong, og då vert det gjerne abstrakt. Dei har òg eit merkeleg forhold til ideologi; dei framhevar han gjerne innleiingsvis eller i eigne prinsipprogram, men gøymer han gjerne vekk i programpostane. Fleire stader ser ein at partia kjem med ei skildring av ein situasjon alle kan vera samde i, og så konkluderer dei med at «difor må me gjera slik eller slik». Men konklusjonen krev ein bestemt tenkemåte, eit ideologisk premiss som ikkje er direkte uttrykt, seier Gripsrud. Professoren seier at partia brukar ein type enthymem i argumentasjonen. Eit enthymem er ein logisk slutning som føreset at oversetningen, eller den allmenne regelen, er kjent av ei gruppe eller eit samfunn og difor kan utelatast. I partiprogramma vert gjerne allment kjende sanningar uttrykt som ein slags oversetning, men slutningen er klart merka av partiet sin ideologi – som det ikkje vert direkte vist til. – Ein kan spørja om det er rimeleg å venta av lesarar som ikkje deler ideologien at dei skal sjå samanhengen, seier Gripsrud i rapporten. Professoren viser til eit liknande fenomen, som danske Klaus Kjøller har kalla «uekte plattheter». Slike plattheiter er formuleringar som for eit utrent lesarblikk kan verka som allment aksepterte og difor ikkje kan angripast, men som kan ha små innslag eller tillegg som gir dei ei langt meir spesifikk og politisk kontroversiell meining. I rapporten nemner Gripsrud det Frp no seier om klimapolitikken som døme: «Fremskrittspartiet skal føre en ansvarlig og fremtidsrettet klimapolitikk basert på fakta. Vi vil gjennomføre fornuftige tiltak for å redusere globale utslipp av klimagasser, og legger vekt på tiltak som vil ha generell god miljøeffekt, fremfor dyre symboltiltak. Vi vil kutte utslipp av klimagasser der hvor man får størst effekt». 169 sider – Det er svært ulik redigering, og lesarane hadde nok tent på ei meir felles ordning av stoffet. Men nokre av partia deler ut eigne brosjyrar etter tema, seier Gripsrud. Han har sett på korleis dei ulike partia skriv om språk og språkpolitikk. Temaet er behandla under skule, kultur og innvandring. – Partia seier at språk er viktig, kommenterer Gripsrud. Partia er òg samde i at det er viktig at innvandrarar lærer seg norsk, men dei er usamde i måten det skal skje på og når det skal skje. – Dersom ein ser på Høgre og Frp, er det mellom dei som legg stor vekt på at norsk språk er ein viktig del av norsk kulturarv. Men samstundes vil desse partia fjerna sidemål, og dei meiner òg at offentleg tilsette ikkje treng å svara på brev i same målform som brevet er skrive i, seier Gripsrud. Framsidefoto: Arbeiderpartiet
I rapporten skriv han at språket dei politiske partia brukar er heller stivbeint, som oftast abstrakt, med veksling mellom prinsipielle synspunkt, det som er sjølvsagt og runde formuleringar, og heilt spesifikke påstandar, både skildrande og normative.
Men kven skriv partia for?
Måten partia argumenterer på, er òg ganske lik.
Nokre av partia har laga to program: Eit forholdsvis kort prinsipp-program og eit mykje lenger handlingsprogram eller arbeidsprogram. KrF har rekorden: 169 sider.