Kva skal barnet heite?

Publisert

Det er ikkje sikkert På Høyden kjem til å vere På Høyden lenger. Spørsmålet er kva ein skal heite i staden.

 – På Høyden er eit godt og innarbeidd namn. Men det har òg nokre svaktheiter: Det inkluderer ikkje heile UiB, og det kling ikkje godt internasjonalt.

Det seier På Høyden-redaktør Dag Hellesund.

– Universitetsstyret har bede oss om å vurdere om På Høyden bør byte namn. Namnet er veldig norsk, med norske bokstavar. Det er mange tilsette som ikkje er norske, seier styreleiar Stein Kuhnle.

– I tillegg er det slik at ikkje alle føler at dei sit på Høyden. Men det er eit godt namn med dobbeltbotn, seier han.

Ny drakt
Noko kjem uansett til å verte nytt med UiB si nettavis. Ei ny publiseringsløysing er på trappene. Med dette får På Høyden også ein ny utsjånad.

– Eit eventuelt nytt namn kan verte lansert saman med den tekniske omlegginga, trur Kuhnle.

Hellesund seier at dersom nettavisa skal byte navn, bør namnet vere inkluderande for heile UiB og samstundes enkelt å forstå for utanforståande.

Dobbelttyding
– Det at Høyden òg er ein stad, gir navnet ei dobbelttyding som dempar det klysete ved eit slikt namn, meiner Karl-Fredrik Tangen, som er førstelektor ved Markedshøyskolen.

Han seier at det generelle rådet er å byta namn dersom ein ønskjer å endre assosiasjonen navnet gir.

– Til dømes har Siviløkonomforeningen bytta namn. Det har dei gjort fordi siviløkonom-tittelen passar dårleg med dagens studiesystem med bachelor- og mastergrad, seier Tangen.

Han er ikkje like imponert over andre namnebyte, og viser til dei som for nokre år sidan begynte å bruke «fokus», som Fokus bank, og til Norges Landbrukshøgskole på Ås.

– Før heitte det Ås. No heiter det Universitetet for kva det no er, illustrerer Tangen.

Kva med å og ø?
Tangen åtvarar mot å byte ut namn som er narrative, slik På Høyden er.

– Eg synest namnet er fint, og eg synest det kan forsvare Bergen som studiestad. Då du ringte, skjønte eg kva På Høyden er. Det vil alle som har studert i Bergen og mange som jobbar i media òg gjere, seier Tangen.

Han meiner at argumentet om at namnet ikkje fungerer på engelsk ikkje held mål.

– Å kalle avisa noko sånt «university of campus» vert feil. Navnet kan fungere i utlandet nettopp fordi det har å og ø i seg – då ser ein at det er norsk, meiner Tangen.

– Dersom ein skal byta navn, kva retning bør ein då gå i?

– Eg vil anbefala å ikkje byta namn. Eg meiner styremedlemmene må disiplinera seg. Dei må først og fremst tenkje på kva som er best for avisa.

– Men dersom ein likevel vil byte?

– Eg trur eg ville valt noko med «Fløy» i, eller noko anna som er spesielt for den geografiske staden Bergen.

 – Andre universitetsaviser heiter Universitetsavisa (NTNU) og universitetsavisen (København). Kva meiner du om slike namn?

– Ein har jo òg Universitas. Det fungerer fordi Universitetet i Oslo er nummer ein. Slike namn fungerer, men det er ikkje noko eg vil tilrå, seier Tangen.

– Eg synest det er gode grunnar til å halde på det namnet ein har.

– På Høyden er inarbeidd
Han får støtte frå Helge Østbye, professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Han meiner På Høyden er eit greit og morsomt namn.

– Det einaste vesentlege argumentet mot å halde på dette namnet er at universitetet ikkje berre held til å Nygårdshøyden. For eksterne kan det heller ikkje utan vidare knytast opp mot Universitetet i Bergen. På Høyden er tungt innarbeidd, og vi som er mest aktuelle som lesarar veit kva namnet dreiar seg om. Universitetsavisa i Trondheim heiter berre Universitetsavisa. Det kan tusen andre universitetsaviser også gjere. Eit nytt navn burde tydeleggjere at dette er universitetet i Bergen sitt blad.

Åtvarer mot dyre prosessar

Heller ikkje Trond Albert Skjelbred, som er partnar i NOR PR, meiner at namnet utan vidare bør endrast.

– Eg synest namnet er godt, og har vorte nærast eit omgrep. Dersom ein bestemmer seg for å byte namn, må ein vita kva ein gjer, og ein må vera modig. Det finst mange døme på verksemder som har brukt mykje pengar på ein namnebyteprosess, men som ikkje torer å ta steget heilt ut, seier Skjelbred.

Fellesmeieriene vart til Tine, og Televerket til Telenor. Dette synest Skjelbred er namnebyte som fungerer.

– I forhold til Tine skjedde namnetbytet fordi ein var redd for EU. Ein ville trene forbrukarane i å kjøpa Tine mjølk og Tine ost – ikkje berre mjølk og ost.

Eksotisk eller lokalt
Sjølv har Skjelbred kontor i Slippenbygget på Marineholmen. GC Rieber eig bygget, og dei har gjort eit poeng av å velja namn som viser kva som har vore i området før. På Danmarksplass står framleis mellom anna Utrustningsbygget, Motorhallen og Administrasjonsbygget.

– Og så har ein Telegrafen. Det er ikkje telegraf der lenger, men namnet fungerer for det. Det handlar om kva som er kjernen og om kva ein vil. Namnet må stå for noko, seier Skjelbred.

Han meiner det er eit dårleg argument å byte ut På Høyden fordi det ikkje fungerer på engelsk.

– Det norske gjer tvert om navnet eksotisk, meiner han.

Han meiner heller ikkje at det er eit stort problem at ikkje heile UiB kan knyttast til Nygårdshøyden.

– Ein har jo til dømes jussen, som strengt teke ikkje er på Høyden. Men navnet er meir enn eit stadnamn – det har nesten vorte ein logo, meiner Skjelbred.

Litt snevert
– Alt er mogleg. Men viktigast av alt er å tenke strategisk frå starten av, slik at ein tek gode val, inkluderer brukarane og strekkjer seg mot riktige mål og ambisjonar. Å avklare kvifor ein vil bytte namn er difor viktig, seier Stine Karlsen, dagleg leiar i designbyrået Karlsens.

- Kva vil På Høyden utstråle, og kva er vinsten med eit namnebyte? Merkevarebygging handlar om å gje rette assosiasjonar til dei rette brukarane og skille seg frå dei øvrige som liknar, påpeikar Stine Karlsen. 

– Det er altså naudsynt å tore å stå tydeleg ut og å ha ein klar målsetnad. Det er ein del som heftar ved å halde på  namnet ein har i dag, samtidig som namnet er kjend for brukarane av På Høyden. Eit aber er at namnet kanskje er litt snevert og lite beskrivande for eit stort universitetsmiljø. Eit nytt namn vil vere positivt og opne opp for heile miljøet.

Ho seier at eit namneskifte kan vere ei god løysing dersom prosessen ellers er riktig.

Meir forståeleg for utanlandske tilsette og studentar
Natalia Mæhle er forskar ved Samfunns- og næringslivsforskning. Ho er også positiv til eit navnebyte.

– Namnet burde gjenspegle at de skriv om Universitetet i Bergen.  Dersom namnet har ei tydelegare kopling til universitetet vil det vere lettare også for dei som ikkje kjenner til På Høyden å forstå kva de skriv om. I tillegg kan det vere lurt å ha eit meir internasjonalt namn som er meir forståeleg for studentar og tilsette med utanlandsk bakgrunn. Å byte namn samtidig som nettsidene vert endra er eit godt tidspunkt. Med full fornying av sida vert det lettare å få aksept for eit nytt namn, seier Mæhle.

 

Powered by Labrador CMS