Kvalitative metodar inn i varmen

Publisert

Sosiologiprofessor og påtroppande rektor Sigmund Grønmo har forfatta ein liten murstein av ei metodebok. Der viser han måtar å jobbe på der kvalitative og kvantitative metodar går over i kvarandre.

Å nytte ”harde” og ”mjuke” metodar i same arbeid er relativt nytt i lærebøker, og den nye boka ”Samfunnsvitenskapelige metoder” på Fagbokforlaget er ei av dei første norske bøkene som legg vekt på slike metodekombinasjonar.

Sigmund Grønmo fortel at dei seinare åra har det vore ein tendens til at ein har sett verdien av å kombinere kvantitative og kvalitative metodar for å få meir allsidig innsikt. Kombinering av metodar går under namnet triangulering, og sosiologen viser korleis dette er praktisk mogleg.

– Eg prøver å dekke heile breidda av metodetilfang i samfunnsvitskapane, både kvantitative og kvalitative metodar. Vi er van med å tenke i desse grove kategoriane, men det fins svært mange ulike metodar, seier Grønmo, som drøftar tilhøvet mellom kvalitative og kvantitative metodar gjennom heile boka.

Medan kvantitative metodar tidlegare vart sett på som meir vitskaplege enn kvalitative, har dette no endra seg, hevdar forfattaren.

– I aukande grad ser ein på dei to som likeverdige når det gjeld vitskaplighet og forskingspotensiale. På Sosiologisk institutt har vi no ein litt meir kvalitativt orientert profil enn før. Eg har skrive denne boka ut frå kva eg meiner bør vere fellesstoff for dei samfunnsvitskaplege faga, men den kan også vere nyttig for andre fag, føyer Grønmo til.

”Samfunnsvitenskaplige metoder” er allerede selt til Sverige og kjem til å bli utgjeven på det svenske forlaget Liber. Her i landet er den tatt i bruk som pensum i ulike studieprogram. Frå haustsemesteret vil den vere hovudbok i metodeundervisninga på bachelor-nivå for sosiologi, sampol og admorg ved UiB.

Powered by Labrador CMS