Kvalitetsreforma: Alle manglar tid

Mindre tid til forsking for dei vitskapeleg tilsette. Mindre tid til fordjuping for studentane. Desse to verknadane av kvalitetsreforma uroar rektor Sigmund Grønmo.

For ti år sidan vart norsk, høgare utdanning reformert. Den nye kvalitetsreforma hadde blant anna som mål at fleire studentar skulle fullføre utdanningsløpet sitt på kortare tid.

Men ein fersk rapport frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) viser at kvaliteten på høgare utdanning ikkje har blitt betre, trass i at det er ti år sidan kvalitetsreforma vart innført.

Med reforma vart studieåret utvida til ti månader. Studentane skulle følgjast tettare opp, og møtte  også krav om fleire innleverte oppgåver, meir obligatorisk deltaking og meir klasseromsundervisning.

Oppfølging tek tid
Grønmo meiner dette ikkje er udelt positivt verken for tilsette eller studentar. 

– Den tette oppfølginga av studentane er tidkrevjande. Eg er uroa for at dette kan få følgjer for forskingstida til dei vitskapelege tilsette. Ved UiB skal dei tilsette bruke like mykje tid på forsking som på utdanning. Dersom det vert vanskelig å få tilstrekkelig tid til forsking, vil dette slå tilbake på kvaliteten på utdanninga.

– Kritikarar av kvalitetsreformen har hevda at det obligatoriske opplegget har fortrengt høvet til å arbeide med pensum i fred?

– Eg trur det er eit poeng, fordi vi har fått ein veldig sterk strukturering av studia. Vi har fått ein god og regelmessig oppfølging av studentane. Det er på den eine sida positivt, fordi det fører til at færre sluttar og at fleire fullfører på kortare tid. På den andre side fører dette til at dei får mindre moglegheit til å fordjupe seg i dei grunnleggande sidene ved faga dei tek. Derfor har vi på UiB stilt oss fore å gjenreise danninga hos studentane, seier rektor Sigmund Grønmo til På Høyden.

Samanhengande forsking
I budsjettet for 2013 foreslo universitetsdirektøren å endre ordninga med forskningstermin, slik at alle som er tilsette i faste, vitskapelege stillingar får rett til eitt år med forskingsfri etter fem år i tenesta. Slik skulle dei sikrast meir rom for samanhengande forsking. Universitetsstyret har enno ikkje tatt ei avgjerd i denne saka.

– Framlegget om hyppigare forskingstermin tar sikte på å styrke den enkelte sitt høve til samanhengande forsking. Betre forsking gir betre utdanning, er utgangspunktet. Men vi vil sjølvsagt også arbeide for at studentane på eit kurs framleis får god undervisning det semesteret der enkelte vitskapeleg tilsette er ute på forskingstermin.

– Finansieringa er god
Jon Haakstad og Katrine Nesje har arbeidd med Nokut-rapporten. Til Klassekampen seier Haakestad at det ikkje ser ut til at utdanninga har blitt meir effektiv – noko som var eitt av dei fremste måla med reforma.

– Det ser ikkje ut til at kvaliteten i høgare utdanning har blitt forbetra. Det ser ut til at det spesielt er studiene på bachelornivå som har lidd mest under reforma, seier Jon Haakestad til Klassekampen.

Han meiner uteblitte kvalitetsauken ikkje kan forklarast med at sektoren får for lite pengar.

– Alle ropar etter meir ressursar, men vi må ikkje gløyme at det vert satsa mykje på universitets- og høgskulesektoren i Norge allereie. Finansieringa er god, men det er for lite til alt. Dette kan peike i retning av at sektoren lir under eit ressursmessig paradoks og at organiseringa og fordelinga av arbeidsoppgaver i akademia ikkje er optimal.

Langt unna måla
Direktør i Nasjonalt Organ for Kvalitet i Utdanningen, Terje Mørland, er samd i at kvalitetsreforma har svake punkt. Men han vil ikkje seie at den har slått feil.

– Vi kan ikkje seie om kvalitetsreforma har vore vellukka eller ikkje, men vi er langt unna måla, seier Mørland til Nrk.no.

Overfor Nrk.no seier Grønmo at kvalitetsreforma liknar mest på ein «kvantitetsreform».

– Ressursane har blitt spreidd for tynt, seier du til Nrk.no. Kva utslag har dette gitt for Bergen sin del?

– Vi var inne i en situasjon der vi vart for ivrige med å opprette nye emner og nye kurs. Dette har vi no endra litt på. I dei seinare åra har hatt som overordna linje at vi skal konsolidere, snarare enn ekspandere. Vi satsar på å fornye, vidareutvikle og styrke det vi er best på.  Men vi er forsiktige med å opprette nye kurs, studier og emner.

Forsidefoto: Paul Erik Rosenbaum

 

Kvalitetsreforma: Alle manglar tid

Går seint: 
Ifølge publikasjonen Education at a Glance (OECD, 2012) ligg Norge 13 prosent under OECD-gjennomsnittet for gjennomstrømming. Og heile 41 prosent av alle studentane som ble tatt opp i 2000 sto framleis utan ei grad i 2010.

Powered by Labrador CMS