Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Intensjonen med å etablere Lyngheisenteret var at det skulle vereeit fagleg kompetansesenter. Med dei rammevilkåra senteret no ser ut til å måtte leve med, må det leggjast mykje større vekt på den kommersielle delen av drifta enn det som var føresetnaden då eg vart tilsett, seier Mons Kvamme, som nyleg sa opp stillinga si som direktør for senteret.
Heilt sidan opninga i 1999 har Lyngheisenteret stridt med trong økonomi, og ein har stadig vore på jakt etter nye kriseløysingar. I april i år tok til dømes professor Peter Emil Kaland turen til Ulvik og landbruksminister Lars Sponheim for å få ekstraløyvingar. Sponheim understreka då at det var siste gong regjeringa aksjonerte for å redde senteret. Når senteret enno ikkje har oppnådd tilfredsstillande økonomiske rammevilkår, kan det synast tvingande nødvendig å leggje større vekt på den kommersielle delen av drifta. I denne situasjonen ønskjer Mons Kvamme difor å gje styret optimalt handlingsrom til å omorganisera, leggja om drifta og førebu neste års drift. Denne veka sette han foten ned. På det faglege planet har senteret langt på veg lukkast i sine målsetjingar. I 2001 fekk dei til dømes Melina Mercouris kulturlandskapspris av Unesco. Prisen vart tildelt senteret for framifrå arbeid med å verne det spesielle kulturlandskapet som lyngheiene representerer. Utviklingsprogrammet ved senteret har også fått høg anerkjenning frå EU ved at dei har fått løyvingar til to ulike prosjekt. Det første«Heathcult» med Peter Emil Kaland i spissen, involverte femten organisasjonar frå ni land. Dette formidlingsprosjektet resulterte mellom anna i to vandreutstillinger, ei felleseuropeisk internettside og ei bok.
Bakgrunn som stort forskingsprosjekt
– Mi stilling vart skipa som ei fagstilling med nasjonal og internasjonal kulturlandskapskompetanse. Når senteret no må konsentrere seg om å utvikle den delen av drifta som kastar av seg mest penger, som til dømes reiselivsverksemda, vil dét etter mi meining vere å gå langt utanfor fagfeltet mitt, seier Kvamme, som legg til at det var med tungt hjarta han tok denne avgjerda.
Ideen om Lyngheisenteret var eit resultat av eit stort forskingsprosjekt, Lindås-prosjektet, som starta i 1971 i regi av Universitetet i Bergen. Det tverrfaglege prosjektet, som vart leia av professor Peter Emil Kaland, engasjerte på det meste nitten
forskarar og studentar. Tolv fag og tre fakultet var involvert. Prosjektet fekk stor merksemd internasjonalt fordi kunnskapen om forvaltning av lyngheiene i stor grad er gått tapt med åra. På tampen av åtti-talet starta arbeidet med å etablere eit senter på Lygra, og i 1999 kunne det opne dørene.
Lyngheisenteret er i dag organisert som ein stiftelse der Hordaland fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Lindås kommune har vore initiativtakarane.
Høg anerkjenning frå Unesco og EU
Nyleg fekk Lyngheisenteret også løyvingar frå Culture 2000-programmet «European Heritage Laboratories« til eit «Heathguard»-prosjekt og Mons Kvamme vart prosjektleiar. Målet med det eittårige prosjektet er å få ny og forbetra innsikt i problema knytt til miljøvern og landskapsvern i lyngheiane. Tufta på samanlikning av forvaltningspraksis i fire verneområder i ulike delar av Europa, skal prosjektet utarbeide generelle tilrådingar for skjøtsel og forvalting av lyngheiar i Europa.
– Sjølv om eg har sagt opp stillinga mi som direktør, vil eg framleis leie dette EU-prosjektet. Det er viktig for meg å understreke at eg ikkje snur ryggen til Lyngheisenteret, men ønskjer å bidra til den faglege utviklinga, seier Kvamme til På Høyden.
I ei pressemelding seier styret at dei er leie for at direktør Kvamme sluttar, men at dei har forståing for hans grunngjeving. Videre presiserer dei at Kvamme har dei naturvitskaplege kvalifikasjonar som krevst for å utvikla Lyngheisenteret etter dei målsetjingane som stiftarane har lagt inn i vedtektene for senteret, og at han i dei fire åra som han har vore direktør, har utvikla Lyngheisenteret til ein nasjonal og internasjonal kunnskapsbase og eit anerkjent kompetansemiljø for kystens kulturlandskap. Sjølv om senteret må styrke driftsgrunnlaget ved å satse meir på kommersielle sider av drifta, understreker styreleiar Jostein Vike, og nestleiar professor Svein Indrelid, at det korkje er, eller kan vere, ei målsetjing at hovuddelen av drifta skal dekkjast gjennom denne type verksemd. «Det vil stri mot innarbeidde prinsipp i nasjonal og internasjonal landskapsforvalting», heiter det i pressemeldinga.