Kven arbeider med Colombia?

Publisert

UiB har skrive under ein samarbeidsavtale med Universidad de Antioquia, Colombia. I tillegg er det planar om å inngå ein avtale med Universidad Nacional de Columbia. Dei som arbeider med samarbeidet frå UiB si side ønsker å kartlegga dei kontaktane som fins med Colombia for å skapa nettverk.

– Det er allerede gjort ei viss kartlegging av kva kontaktar som fins mellom forskarar og studentar, men når samarbeidet skal koma igang er det er derfor interessant å få vite om det finst fleire faglege kontaktar. Studentutveksling er også ein del av samarbeidsavtalen og det er derfor interessant å finna ut om det fins faglege linkar, seier førstekonsulent ved fakultetssekretariatet på SV, Helge Bjørlo. Fram til no har det vore ein del forskingssamarbeid og det har vore utveksling av lærarar, slik at det er eit grunnlag å bygga på, seier Bjørlo som fortel at initiativa til samarbeidet har kome fra forskjellig hold.

– Så langt har vi hatt få gode samarbeidspartnarar i Latin-Amerika og det er behov for fleire samarbeidspartnarar på det kontinentet. Blant studentar er det stor interesse for Latin-Amerika.

Fag som kan bli berørt av avtalen er mange. Det kan til dømes vera media, språk og statsvitenskap, botanikk, sosialantropologi, lingvistikk og medisin.

– Det er store universitet det er snakk om, som dekker heile det faglege spekteret, seier Bjørlo.

Tilsette ved UiB som arbeider med Colombia-relaterte emne, som har studentar som arbeider på feltet eller som har andre faglege og/eller institusjonelle kontaktar i Colombia kan kontakta Latinamerikakoordinator Jon Askeland så snart som mogleg per epost: jon.askeland@sfu.uib.no

Powered by Labrador CMS