I denne søte førjuletida får juleugla stå fremst.

Kven eig desse?

Julekalender 11. desember

Kven eig denne samlinga av ugler?

Ifølgje Wikipedia er ugler ein orden moderne fuglar som består av 234 artar, fordelt på uglefamilien og tårnuglefamililen. Ti av artane hekkar tradisjonelt i Noreg.

Ved UiB kan ein observera ugleparaplyar, uglegenserar, det finst ugleslips og andre former for ugler. Men nokon har litt fleire ugler enn andre. 

Spørsmål: Kven eig denne uglesamlinga?

Send svaret ditt til tips@pahoyden.no innan midnatt 18. desember og ver med i trekninga av julesjokolade.

Powered by Labrador CMS