Kvinnene på høyden

Publisert

Har du fundert på kven dei var, kvinnene som har oppnådd å få to av SV-fakultetet sine bygningar oppkalla etter seg? Tysdag inviterer fakultetet og Rokkansenteret til seminar og utstilling om Ulrike Pihl og Sofie Lindstrøm.

I den utstrekning bygningsmassen til UiB er oppkalla etter personar, er det gjerne ærverdige mannlege akademikarar som har fått namnet sitt på plaketten ved inngangen. Men det finst unnatak. Ulrike Pihls hus og Sofie Lindstrøms hus er begge oppkalla etter kvinnelege ”pedagogiske pionerar”, som det heiter i invitasjonen til seminaret. Ulrike Pihls hus har aldri hatt noko anna namn. Sofie Lindstrøms hus heitte fram til nyleg Stein Rokkans hus, men det namnet vart flytta til Nygårdsgt. 5 då bygget vert teke i bruk av UiB.

– Du kan seie at Sofie Lindstrøms hus no endeleg har fått det namnet det skulle hatt, seier direktør ved SV-fakultetet, Lise Gundersen.

Føredrag og utstilling

Sofie Lindstrøm var fødd i 1849. Ho utdanna seg til lærarinne i Stockholm og kom seinare til Bergen for å starte sin eigen jenteskule i 1881. Til liks med mange av medsystrene sine var ho også sterkt engasjert i politisk og sosialt arbeid, spesielt kvinnesaka. Ulrike Pihl sette i gang med skuledrift allereie i 1865, og skulen hennar har klart seg gjennom skiftande tider og skulepolitikk. U.Pihl vidaregåande skule held i dag til i Åsane.

– Begge bygningane vart i si tid oppført som skulebygg, og i dag driv vi framleis pedagogisk verksemd i desse bygningane. Sofie Lindstrøms hus har nett fått namneskilt, og vi ville markere namnebytet ved å sette fokus på desse to kvinnene, skulane deira og skulesystemet slik det var på den tida, fortel Gundersen.

I auditoriet i Ulrike Pihls hus vil det bli føredrag om lærarinneyrket som vaks fram på slutten av 1800-talet, og om dei første kvinnene i akademia. Dessutan vil det bli utstilt fotografi, tekstar og miljøbilete i dei to bygningane, som fortel om skulane og om kvinnene som dreiv dei.


Underviste små barn i handarbeid

– Kring 1860 var det eit underskot på lærarar. Då kom kvinnene for fullt inn i læraryrket. Dei var billeg arbeidskraft, og hadde ein del andre kvalitetar enn mannlege lærarar: Dei var flinke med små barn, med praktisk arbeid, og dei var flinke til å undervise jenter. I første omgang var det dette som var oppgåvene deira i skulen, fortel forskar ved Rokkansenteret, Anne Homme, som skal snakke om denne yrkesgruppa på seminaret.

Med skulelova av 1869 sleppte kvinnene til også i andre fag enn handarbeid, og i 1889 oppnådde dei formell likestilling med menn, sjølv om det neppe alltid var slik i praksis. I 1890 fekk kvinner tilgang til lærarseminar på same vis som menn, og allereie fem år seinare var nær halvparten av elevane ved lærarseminara kvinner.


Ressurssterke lærarinner

– Dei første lærarinnene var stort sett eit byfenomen, dei var gjerne embetsmannsdøtre som hadde fått privatundervising og utdanna seg til lærarinner utanlands, dei søkte stipend og drog på studiereiser og henta heim nye pedagogiske idear. Folkeskulelærarinnene var svært ressurssterke kvinner, og dei hadde gjerne ein annan tilnærming til pedagogikk enn dei mannlege lærarane, som ofte var bondesøner med dårlegare utdanningsbakgrunn. Lærarinnene la vekt på aktivitetspedagogikk, der elevane til dømes lærte matte og kjemi gjennom arbeid i skulekjøkenet. Det sto i motsetnad til puggeskulen og tavleundervisinga, fortel Homme, som understrekar at det nok var skilnad på lærarinnene i folkeskulen og dei som dreiv privatskular for borgarskapet sine døtre, slik Ulrike Pihl og Sofie Lindstrøm gjorde.

Lærarinnene var også tidleg ute med å organisere seg, og hadde tette band til kvinnesaka.

– I 1911 gjekk bylærarinnene ut av den nasjonale lærarforeininga og danna si eiga foreining. Dei kjempa for høgare løn, og for praktisk oppfølgjing av den formelle retten dei hadde til alle typar stillingar i skulen. Dei ville, som dei sa ”løfte skolen og løfte standen”. Det var nok det første yrket der kvinnene verkeleg markerte seg, seier Homme.

Seminaret ”Kvinner på Høyden” finn stad tysdag 8. juni kl. 10.15 i auditoriet, Ulrike Pihls hus.

Powered by Labrador CMS