Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kvinnelege professorar ved NTNU tener meir enn sine mannlege kollegaer. Ifølge Universitetsavisa ligg kvinnene nesten eit lønstrinn over mennene, og kvinnene sitt overtak gjer seg gjeldande ved alle fakulteta. Den gjennomsnittlege løna for professorar av begge kjønn er ifølge lønstabellen frå 2008 mellom 626 100 og 641 800 kroner brutto.
Kvinnelege professorar ved NTNU tener meir enn sine mannlege kollegaer. Ifølge Universitetsavisa ligg kvinnene nesten eit lønstrinn over mennene, og kvinnene sitt overtak gjer seg gjeldande ved alle fakulteta. Den gjennomsnittlege løna for professorar av begge kjønn er ifølge lønstabellen frå 2008 mellom 626 100 og 641 800 kroner brutto. Personalsjef ved NTNU, Arne Kr. Hestnes, stussar ikkje på tala som viser at dei kvinnelege professorane tener meir enn sine motstykke. – Dette er eit resultat av ein medviten politikk i lokale lønsforhandlingar. Hovudtariffavtalen har lenge hatt ei formulering om at kjønsskilnader innad i einingane skal utjamnast innanfor same stillingskategoriar, seier han til Universitetsavisa.