Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Opp gjennom historia har kvitlauken fått æra for å kurere det meste frå insektstikk til hjartesjukdommar. No syner det seg at han også kan brukast i kampen mot kreft.
Dr. Talia Miron er på gjesteopphald ved Institutt for biomedisin, men held vanlegvis til ved det biokjemiske fakultetet ved The Weizmann Institute of Science i Israel. Heime i Israel har ho lenge forska på dei gode helseeffektane i kvitlauk. Sist fredag heldt ho eit ope forskingsseminar om dei fortreffelege eigenskapane til urten med den gjennomtrengande lukta. – Det er dette stoffet som gjev knust kvitlauk den intense lukta, men det er ustabilt og blir fort brote ned og omdanna. Det syner seg at allicin er giftig for ein del mikroorganismar, og laboratorieforsøk har vist at det hemmar veksten av nokre typar kreftceller. Vi ville teste denne eigenskapen på levande organismar, der ein møter det same problemet som ved all kjemoterapi: Korleis skal ein rette åtaket direkte mot kreftcellene, utan at ein samstundes skader dei friske cellene i kroppen? forklarer Miron. No er dei i gang med å teste verknaden av allicin på andre typar kreftceller, og på sopp. Ein undersøker også om syntetisk produsert allicin kan hindre baktierieåtak på fiskelarvar i oppdrettsnæringa. Men ho understrekar at det er langt att før dette kan takast i bruk i kreftbehandling.
– Kvitlauk har vore brukt i medisin gjennom fleire tusen år, men vi var interesserte i å sjå nærare på det aktive stoffet i kvitlauken, og eigenskapane det har, fortel Miron, som har bak seg fleire forskingsopphald ved UiB.
Den kjemiske hovudkomponenten i rå kvitlauk er aminosyra alliin. Når ein knuser kvitlauken, frigjer ein enzymet alliinase, som så verkar som ein katalysator og omdannar alliinet til allicin, som er det aktive stoffet i kvitlauken, og som forsvarer kvitlauken mot åtak frå insekt og sopp.
Tygg rå kvitlauk
På seminaret gjekk ho gjennom korleis hennar gruppe har prøvd å løyse dette problemet. Enzymet alliinase vart kopla kjemisk til eit stoff som bind spesifikt til kreftcellene. Deretter tilførte ein aminosyra alliin.
– Du kan førestelle deg alliinet som ein torpedo. Når det nådde fram til kreftcellene, reagerte det med alliinase og danna allicin, som effektivt drap kreftcellene. Då vi testa dette systemet på forsøksrotter, fekk vi demonstrert korleis verkestoffet vart konsentrert i kreftsvulsten, utan at anna vev tok skade, fortel ho.
– Så det er altså ikkje berre å tygge rå kvitlauk, om ein vil medisinere seg sjølv mot kreft?
– Å tygge kvitlauk er berre bra! Folk som gjer det, får nesten aldri kreft i munnen eller spiserøyret. Men du må ikkje koke han først, då forsvinn effekten, hevdar Miron.
Forskar i mange retningar
– Vi arbeider i mange retningar, men førebels høyrer det heime i laboratoria. Dessutan kan ein ikkje ta patent på allicin, for kvitlauk er jo tilgjengeleg for alle. Det gjer at kommersielle aktørar sjeldan er interesserte i å investere i dette.
Dei siste 20 åra er det forska mykje på kvitlauk, og undersøkingar tyder på at kvitlauk hjelper mot både kolesterol og høgt blodtrykk, i tillegg til antibakterielle effektar. Det er lite sannsynleg at det ustabile allicinet åleine er årsak til alle dei positive helseeffektane kvitlauken har fått æra for, sjølv om det altså har vist seg effektivt mot kreftceller.
– Men eg sprøytar med allicin i hagen heime – sjølv om familien påstår at frukta får ein bismak av kvitlauk. Lukta er det store problemet med allicin, men det er prisen vi lyt betale for god helse, ler ho.