Prorektor Anne Lise Fimreite ventar ikkje at tiltak som støttar kvotering som likestillingstiltak vil verte vidareførte. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Kjønnskvotering i det blå

Den nye regjeringa vil arbeide for likestilling, men ikkje gjennom kvotering. Prorektor Anne Lise Fimreite meiner UiB kan velje å arbeide for ein jamnare kjønnsbalanse, uavhengig av kva linje den komande regjeringa legg seg på.

Petter Aaslestad, leiar i Forskarforbundet, har peika på at både Høgre og Frp har uttrykt at dei er opptekne av kvalitet i forsking og høgare utdanning. I dette tilfellet betyr kvalitet også ein jamnare kjønnsbalanse, meiner han.  
– Forsking viser at monokjønna fagmiljø ikkje er bra for kvaliteten. Talet på kvinnelege professorar har auka det siste året. Politiske verkemiddel er mykje av grunnen til at universitet og høgskular gradvis vert meir likestilte, seier Petter Aaslestad til Forskarforum.

Fimreite: – Vi har autonomi
Prorektor Anne Lise Fimreite meiner UiB har makt til å gjere mykje sjølv, uavhengig av kva prioritet den nye regjeringa vil gje arbeidet for jamnare likestilling i akademia.

– Vi har som universitet eit eige ansvar for å fremje likestilling blant studentar og tilsette. Vi har nok institusjonell autonomi til å kunne gjere dette. Denne autonomien ventar eg vert styrka heller enn redusert under den nye regjeringa, seier Fimreite til På Høyden.

Lite glade i kvotering
I regjeringserklæringa står det at regjeringa vil bygge likestillingspolitikken på «positive, stimulerande tiltak framfor kvotering». Fimreite tek ikkje for gitt at kvoteringstiltak vil få eit langt liv under Solberg-regjeringa.

– Er du uroa over at insentivordningar for å fremme likestilling ikkje vil bli prioritert av den blåblå regjeringa?

– Verken Høgre eller Frp er spesielt begeistra for kvoteringsordningar, og det kan difor vere grunn til å vente at dei ikkje ukritisk vil vidareføre tiltak som styrkar slike ordningar, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Ho minner om at Høgre og Frp ikkje har fleirtal i Stortinget aleine, og dermed ikkje er åleine om å ta avgjerdsler.

Eit haldningsspørsmål
– Petter Aaslestad i Forskarforbundet peikar på at politiske verkemiddel er mykje av grunnen til at universitet og høgskular gradvis vert meir likestilte. Vil UiB kunne prioritere å arbeide for betring av kjønnsbalansen, sjølv om det politiske fokuset skulle avta?

– Kjønnslikestilling er like mykje eit haldingsspørsmål som eit budsjettspørsmål. Dersom vi vil likestilling, kan vi sjølv velje å rette merksemda mot det, nokså uavhengig av sentrale politiske signal. Og det vil vi, seier Fimreite.

UiB har pengar – ei stund
– Norsk likestillingsarbeid i akademia har fått positiv merksemd i EU, seier likestillingsrådgjevar ved UiB, Anne Marit Skarsbø.

Skarsbø vil ikkje spekulere om korleis politikken til den nye regjeringa vil påverke det vidare arbeid for likestilling ved UiB.
– Ein kan lage så mange handlingsplanar ein vil, men dersom det ikkje vert lagt ressursar bak, skjer det lite, seier Skarsbø.

– For vår eigen del er eg ikkje direkte uroa, seier Skarsbø.

Ho fortel at UiB og prosjektpartnarar nyleg sikra seg 5,4 millionar av 15 utlyste millionar frå Forskingsrådet sitt program Kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing (BALANSE).

Programmet skal gå over tre år, støtte opp under kulturelle og strukturelle endringar som kan betre kjønnsbalansen.

I praksis vil ein jamnare kjønnsbalanse ofte bety at fleire kvinner må tilsettast. Ved UiB er det 24 prosent kvinner i professorstillingar. I dei faglege leiarstillingane er 10 til 15 prosent av dei tilsette kvinner.

– Vi har arbeidd med å betre kjønnsbalansen i leiinga av SFF-ane og i forskingsgruppeleiinga i mange år. Vi ser at det er vanskeleg, og vil finne ut meir om kvifor.

– Finne ut kvar skoen trykker
Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Bergen, Havforskingsinstituttet, UniResearch/Rokkansenteret og UiB. UiB er prosjektansvarleg, medan Rokkansenteret skal ha ansvaret for forskingskomponenten.

– Vi skal finne ut kvar skoen trykker. Er det i forskingsprofilane? Skjer det ei diskriminering i tildelinga av pengar? Skjer det diskriminering i tilsettingsprosessane? Er det desse, og fleire komponentar i ein kombinasjon? Forskinga skal skaffe meir kunnskap om dette, seier Skarsbø.

Prorektor Fimreite er svært stolt av at UiB og samarbeidspartnarane har fått midlar til Balanse-prosjektet.

– Seinast denne veka har eg møtt folk frå programkomiteen som fortalde om den harde konkurransen prosjektet vann fram i. Eg kjenner ikkje prosjektet i detalj, men er viss på at dei i tråd med planane vil verte brukt på best måte slik at gode tiltak for å fremje kjønnsbalanse i vitskaplege institusjonar kan verte foreslått, seier Fimreite.

Powered by Labrador CMS