Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Søndag går den årvisse 7-fjellsturen av stabelen på Bergens tak. I år kan deltakarane for første gong få akutt geologhjelp underveis.
Og då handlar det ikkje først og fremst om kva som er dei ”eigentlege” sju fjella som omkransar Bergen, men meir om kvifor byfjella ser ut som dei gjer. Det frivillige geolog-hjelpekorpset vil vere utplassert på toppen av Ulriken, som alle deltakarane må innom anten dei går 7-fjellstur eller kortversjonen, 4-fjellsturen. Himalaya på Vestlandet – I grunnen har vi ikkje fjell kring Bergen lenger, vi burde snakke om dei sju dalane i staden, hevdar Haakon Fossen, som er professor i geologi og konservator ved Bergen museum. Han har jobba med geologien rundt Bergen gjennom heile si akademiske karriere, og er kanskje den som veit mest om landskapet som 7-fjellsturen utspelar seg i. Han fortel at for over 400 millionar år sidan, såg Vestlandet ut som Himalaya. Men med tida vart dei høge fjella slipte ned til nær havnivå. Sidan har dette flate platået heva seg, og det er restane av denne formasjonen som utgjer Vidden mellom Ulriken og Fløyen i dag. – Dette platået er kanskje titals millionar år gamalt, seier Fossen. Bergensbogane – Ser ein på satellittbilete av Bergen og området rundt, vil ein sjå bogestrukturar definert av dalar og fjordar kring Bergen. Denne terrengforma blir kalla Bergensbogane, og strekk seg om lag frå Bjørnefjorden i sør til Austrheim i nord, og frå Fyllingsdalen i vest til Vaksdal i aust. Det er geologien som styrer forma på landskapet. Nokre bergartar er mjuke og forvitrar lett av vatn og frost, medan andre er harde og meir motstandsdyktige, og dermed får vi desse dalane. Eit geologisk kart av Bergensområdet viser at mykje av landskapet rundt byen består av granittisk gneis. – Det er mykje gamalt grunnfjell med granittiske bergartar rundt Bergen. Når det gjeld sjølve Bergensdalen, og byfjella med Fløyen, Rundemanen og Ulriken, så kjem dette området vestfrå, kan ein seie. Det er berg som er blitt pressa mot aust av ein kollisjon mellom den europeiske og amerikanske kontinentalplata for nokre hundre millionar år sidan. Det er difor ein nokre stader kan sjå skjeringar med lagdelte bergartar, til dømes langs Svartediket der dei heller skrått mot aust, forklarar geologen. Geologar på topp Sjølv ser Fossen fram til å kunne tilby deltakarane på 7-fjellsturen ein liten pust i bakken på søndag, spesielt sidan vêrmeldinga ser lovande ut. – Det ville nok vore mindre kjekt å stå der oppe ein heil dag i regn og vind, men no trur eg vi kjem til å få det veldig fint, meiner han.
På veg opp til Ulriken kjem deltakarane til å finne tre spørsmål om fjellformasjonane dei er i ferd med å legge under seg. Når dei så kjem opp, vil geologar stå klare til å gje dei svara, og til å løyse eventuelle andre geologiske problem som måtte ha meldt seg under oppstiginga. For når ein først tek til å fundere, er det mange spørsmål som dukkar opp. Visste du til dømes at Vestlandet i gamle dagar kunne skilte med dei høgaste fjella verda har sett?
Han peikar på at landskapet kring Bergen er svært spesielt.
Komande søndag kan alle som vitjar Ulrikens topp få vite meir om kva det er som har forma landskapet dei har utsyn til, og planen er at 7-fjellsturen skal vere den første i ei rekke av turar som tek for seg landskapsformasjonane på Vestlandet. Turopplegget har fått namnet ”Geologar på topp”, og er eit samarbeid mellom Bergen museum, Bergen Turlag og lokalavdelinga til Norsk Geologisk Foreining. Utover sommaren og hausten vil det bli arrangert fotturar fleire stader i Hordaland, og alle vil ha med ein eigen geolog.