Lærarane kjem!

Publisert

For trettande gong er fagleg-pedagogisk dag avvikla med mange foredrag og høg deltaking. Og dagen ser ut til å kunne bli enno meir populær neste år. Til hausten startar UiB tre integrerte lærarutdanningsprogram, og då ventar ein at kontakten mellom universitetet og skulen vil bli enno tettare. Truleg vil det dryppe litt på fagleg-pedagogisk dag også.

På Sydneshaugen skole prøvde ein uten hell å finne eit større lokale, då ein såg kor mange som møtte opp i moderate auditorium L for å vere med på miniseminar om smak og estetikk. I staden gjekk seminaret sin gong medan tilhøyrarane stabla seg oppetter veggene eller sat på golvet. År etter år viser det seg at ein har underestimert publikumsinteressa på mange av foredraga.

- Det finst sjølvsagt motar også mellom akademikarar. Kva for felt og tilnærmingsmåtar er “in”? I så måte er det ikkje mykje skilnad på klede og filosofi, bortsett frå at ein filosof sjeldan blir avkravd ein ny kolleksjon av meiningar kvar haust, bemerka førsteamanuensis i filosofi, Lars Fr. H Svendsen, i foredraget sitt om motens filosofi.

Etter Immanuel Kant har ubrukelegheit vore eit viktig kunstnarisk kriterium: Så snart eit objekt kan brukast til noko, forsvinn den reine smaksdommen, og i kunsten må ein difor kunne verdsette det ubrukelege. Klede kan ofte brukast, og fell difor ikkje heilt inn under kantiansk estetikk. Det er eit større problem for estetikken enn for kleda, meinte Svendsen.

- I dag er det vanskeleg å bruke ubrukelegheit som kriterium, fordi det finst så mange ting som er ubrukelege, slik som ein del designa kjøkenprodukt og liknande. Blir ein for individualistisk, definerer ein seg ut av moteomgrepet, og i dag er det svært vanskeleg å vere mote-uriktig. Dersom det er slik at det ikkje lenger finst nokon universell form for god smak, er det ei utfordring for den filosofiske estetikken, hevda han.

Vrimling på Dragefjellet

Ein stor del av foredraga var lagt til jusbygget på Dragefjellet i år. Det same galdt læremiddelutstillinga. Ved å konsentrere aktivitetane i denne enden av Høyden, skulle det bli enklare for publikum å legge opp strategien for kva dei ville vere med på. Og besøkstalet var høgt, både mellom lærebøker og datapresentasjonar i vrimlearealet, og mellom kaffikoppane i juskantina.

I auditorium 3 på jusbygget snakka professor Egil Lillestøl, for anledninga med armen i fatle, om energikrisa for eit overvegande maskulint publikum av fysikklærarar. Han fortalde spesielt om nobelprisvinnar og tidlegare generaldirektør ved CERN, Carlo Rubbia, og hans planar for å framstille rein energi frå ein Thorium-reaktor.

- Ordet kjernekraft blir ofte sett på som eit banneord. Men ingen andre anlegg kan produsere reinare energi. Denne reaktoren produserer mindre radioaktivtet enn kol tilsvarande same energimengde, sa han.

No er det opp til EU om ein prototype på Rubbia sin Thorium-reaktor vil bli bygd. Det står om ein halv til ein milliard kroner.

- Det er berre småpengar. Når eg blir frisk i armen, skal eg også leggje meg framfor plutonium-toga og nekte dei å deponere det i nedlagde gruvegangar eller sende det til land som er viljuge til å ta imot avfallet. Vi må lage bråk om dette! Ingen veit kor mykje energi vi vil trenge i framtida berre for å skaffe oss reint vatn som følgje av klimaendringar. Ingen veit heller sikkert kva som er hovudårsaka til klimaendringane, men lat oss for all del prøve å avgrense CO2-utsleppa, i det minste!


Å male med lyd

Dei som tok turen til prøvesalen på Griegakademiet, fekk vere med på ei spesiell oppleving av noko som har fått namnet “soundpainting”. Det er eit system for strukturert improvisasjon, som er utvikla av den amerikanske komponisten og dirigenten Walter Thompson. Han fortalde korleis ideen oppstod for 20 år sidan.

- Eg sto framfor orkesteret eg dirigerte i Brooklyn. Eg hadde skrive eit musikkstykke, og orkesteret spelte etter notane. Midt i stykket var det ei luke der det skulle vere tematisk improvisasjon. Men ingen visste kva som var forventa av dei, og det enda med ein trompetsolo, som var flott, men ikkje det som var meininga. Så korleis skulle eg få musikarane til å gjere det eg hadde tenkt, utan å stå og rope til dei?

Resultatet er blitt eit velutvikla teiknspråk som no inneheld rundt 1750 teikn, og som kan brukast for musikarar, dansarar og skodespelarar. Med støtte frå eit førti mann stort orkester av elevar på Griegakademiet, vart teknikken demonstrert. Ingen hadde notar. Alle improviserte i samarbeid med kvarandre, og dirigenten brukte teikn til å fortelje kven som skulle spele eller vere stille, om han ville ha lange tonar eller raske vekslingar, og om musikarane skulle røre på seg, le eller gjere andre ting.


Som å fortelje historiar med musikk

- Ved hjelp av dette språket, kan eg til dømes leggje inn rørsle hos musikarane, som kan støtte dansarar eller skodespelarar under ei framsyning. Det er som å spele på eit stort instrument ved hjelp av teikn. Denne måten å lage musikk på, eksluderer ingen. Du må ikkje kunne spele eller dirigere for å kunne bruke det, forklarte Thompson, som har undervist i systemet i mange land.

Nokre av dei frammøtte fekk også prøve seg som dirigentar. Line Halvorsen frå Kopervik Videregående Skole dirigerte orkesteret ved hjelp av noko som vart kalla “shape line” – då prøver orkesteret å følgje kvar rørsle hos dirigenten, og tilpasse styrken og tonane etter korleis dirigenten rører kroppen.

- Eg var kjempenervøs! Men etterpå hadde eg lyst til å spørre om eg kunne kom fram ein gong til, og prøve med attlatne augo. Berre høyre reaksjonane frå musikarane, utan å tenkje på at alle såg på meg, sa ho.

Ho hadde plukka ut soundpainting-presentasjonen som noko av det mest interessante på programmet.

- Eg er ikkje musikklærar, men eg tykte dette var spennande med ein gong. Det var som å fortelje historiar med musikk. Med rørsler kunne dirigenten få meg til å le eller grine. Eg greidde ikkje å sitte sille, men måtte reise meg og sjå korleis han kommuniserte med orkesteret, fortalde ho entusiastisk.

Powered by Labrador CMS