Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Her er ekspertane si tilråding: Seks steg til ein betre skule.
Måndag fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen overlevert rapporten «Om lærarrolla. Eit kunnskapsgrunnlag».
Her står det blant anna at lærarane si hovudoppgåve er undervisning.
– Det er eit godt utgangspunkt for å diskutere lærarrolla i tida framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
I rapporten «Om lærarrolla. Eit kunnskapsgrunnlag» kjem gruppa med ei rekke tilrådingar til korleis lærarane sitt arbeid kan styrkast.
Her kan du lese heile rapporten.
Her er nokre av hovudpunkta:
Vi veit at læraren er ein sentral faktor for læringa og utviklinga til elevane
Fellesskap og nettverk
Professor ved Program for lærarutdanning ved NTNU, Thomas Dahl, har vore leiar av ekspertgruppa.
– Relasjonen til elevane, og faga dei underviser i, vil alltid vere kjernen i lærarrolla. Men ei utvikling av lærarrolla betyr også å bygge på andre relasjonar. I rapporten peiker vi blant anna på kor viktig det er med eit godt lærarfellesskap, der lærarane på ein og same skule, og på tvers av skolar, samarbeider om å styrke og utvikle undervisninga, seier professor ved NTNU, Thomas Dahl.
5300 av dei 10 000 lærarane som har søkt om å ta vidareutdanning får i haust starte på eit studium. Ordninga med lærarspesialistar er under utprøving mange stader i landet.
Til hausten startar ei ny vidareutdanning for dei lærarane som vil bli lærarspesialistar.
– Vi veit at læraren er ein sentral faktor for læringa og utviklinga til elevane. Vi veit også at det er mange dyktige og motiverte lærarar som ønskjer seg meir fagleg påfyll, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Neste haust vil lærarutdanninga vere ei femårig masterutdanning.
– Ein viktig jobb
– I haust startar over 60 000 seksåringar på skolen for aller første gong. Når dei går ut av ungdomsskolen om ti år, skal dei stå godt rusta for framtida som ventar dei. Det er liten tvil om at lærarane har ein av dei aller viktigaste jobbane i samfunnet vårt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Desse har vore med i ekspertgruppa:
Thomas Dahl, professor, NTNU
Kåre Heggen, professor, Høgskulen i Volda
Lise Iversen Kulbrandstad, professor, Høgskolen i Hedmark
Torunn Lauvdal, rektor, Universitetet i Agder
Kjell G. Salvanes, professor, Norges Handelshøyskole
Kaare Skagen, professor, Høgskolen i Oslo og Akershus
Siw Skrøvset, dosent, Universitetet i Tromsø
Fredrik W. Thue, professor, Høgskolen i Oslo og Akershus
Berit Askling, professor emerita, Göteborgs universitet
Lars Qvortrup, professor, Aalborg universitet
Sekretær: Førsteamanuensis Sølvi Mausethagen ved Senter for profesjonsstudier, HiOA