Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
28. januar var representantar frå fagmiljøa ved dei ulike lærarutdanningane i UH-nett Vest samla ved Universitetet i Bergen. På dagsorden stod moglegheiter for forskings- og utdanningssamarbeid mellom nettverkspartnerane Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund.
28. januar var representantar frå fagmiljøa ved dei ulike lærarutdanningane i UH-nett Vest samla ved Universitetet i Bergen. På dagsorden stod moglegheiter for forskings- og utdanningssamarbeid mellom nettverkspartnerane Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarutdanninga er eit uttalt satsingsområde for UH-nett Vest, og nettverket har sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein plan for samarbeid og arbeidsdeling mellom dei ulike partnerane i løpet av våren. Høgskolen i Volda har no søkt om medlemsskap i UH-nett Vest og deltok også under lærarseminaret ifølge uhnettvest.no.