Lærer tryggleik frå første studiedag

Publisert

På ein parkeringsplass utanfor Realfagbygget slår flammane høgt i vêret. Nokon ropar ”Det brenn!”, andre er raskt på pletten med sløkkjeutstyr og får bukt med flammane. Målet er at det skal gå like kjapt og greitt den dagen det er alvor.

Brannen er ein del av HMS-kurset som alle nye kjemistudentar må igjennom før dei slepp inn på laboratoria. Her lærer dei ikkje berre grunnleggjande brannsløkkjing, men også førstehjelp, rett bruk av laboratorieutstyr og generell skikk og bruk på laboratoriet. Kurset er obligatorisk for alle som skal ta eitt av introduksjonsemna i kjemi.

Stipendiat Bent Pedersen heller noko brannfarleg utover ein benk og tenner på. Så viser han korleis brannen let seg sløkkje ved å leggje ei avis forsiktig over flammane.

– Det som er veldig dumt å gjere, er dette, seier han, og prøver å kaste avisa over benken frå avstand.

– Og det aller dummaste er om du absolutt skal sjå på flammane så lenge som mogleg, legg han til, og stikk nasen under avisa.

Deretter får dei ferske kjemistudentane prøve seg etter tur. Det tek ikkje lang tid før teknikken sit.

Vil fjerne frykt

– Det er tredje semester vi køyrer dette obligatoriske HMS-kurset, men vi har aldri hatt så mange påmelde før, seier instituttleiar Øyvind M. Andersen, som berømmer staben som har utvikla kursopplegget.

Over 400 studentar skal gjennom kurset, noko som gjer at ein denne gongen måtte fordele studentane på to kursdagar. Andersen meiner aukinga seier noko om ein generell auke i søkinga til realfag som krev laboratoriearbeid.

– Også studentar som seinare har tenkt å studere til dømes biologi eller molekylærbiologi, tek gjerne eitt av innføringskursa i kjemi. Slik servar vi også andre fag ved fakultetet, fortel han.

Kjemisk institutt legg vekt på å halde eit høgt fokus på HMS-arbeid, og har lenge arbeidd med å innføre gode rutinar for til dømes avfallshandtering og kjemikaliebruk. Instituttet har også oppretta eit eige HMS-utval.

– Det er naturleg å vere oppteken av HMS-arbeid, fordi vi arbeider mykje med kjemikalie. Vi har eit spesielt ansvar for å lære folk ansvarleg omgang med farlege kjemikalie. Samstundes er det mange kjemikalie som ikkje er så skumle som ein kanskje trur, og klarer vi å auke kunnskapen om dette, kan vi fjerne ein del frykt kring dette med kjemiske substansar, seier Andersen.

Powered by Labrador CMS