Læring i alderdommen

Publisert

Dagens eldre lever lenger og er friskare enn nokon gong. Men korleis kan den lange, rolege alderdommen bli meiningsfull? Slike tema blir tekne opp på ein nordisk kongress i eldrepedagogikk som går av stabelen i Bergen 3.-5. april.

Kongressen «Aldring, mening, mulighet. Læring som eldreomsorg» blir arrangert av Prosjekt Eldrepedagogikk, som spring ut frå Institutt for praktisk pedagogikk ved UiB, i samarbeid med fylkeskommunen og Nordisk nettverk for eldrepedagogikk. Dette er den tredje i rekkja av nordiske konferansar i eldrepedagogikk, og den første i Norge. Konferansen samlar ei rekkje fagpersonar på områda alderdom, læring og ressursar. Mellom anna vil professor emeritus Kjell Raaheim snakke om «Kan vi eldre forhindre at kunnskap går tapt?».

– Prosjekt Eldrepedagogikk starta hos oss som eit samspel mellom lærarar og studentar, seier førsteamanuensis Ragna Aadlandsvik ved Insitutt for praktisk pedagogikk.

– Prinsippa er dei same i all pedagogikk, men eldrepedagogikk tyder at ein er bevisst på læring og intellektuell utvikling også i aldersgrupper der vi tradisjonelt ikkje har hatt for vane å fokusere på det. Vi tek det ofte for gitt at evna til å ta til seg ny kunnskap blir mindre med alderen, men forsking utført av mellom andre psykologen Sol Seim viser at dette ikkje stemmer.

Prosjekt eldrepedagogikk, som er eit samarbeid mellom Institutt for praktisk pedagogikk og Hordaland fylkeskommune, har drive eldrepedagogisk arbeid i Bergen sidan 1999. Mellom anna har det vore arrangert fleire kurs i kreativ skriving for eldre. Saman med konferansen lanserer prosjektet boka «Tonen og glaset. Pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet», som kjem ut på Høyskoleforlaget, der ein får sjå resultatet av noko av dette arbeidet.

Powered by Labrador CMS