Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Til liks med dei nye studentane som startar semesteret på Nygårdshøyden er dei fleste fødde sist på 90-talet. Men dei tjue lærlingane som torsdag starta ved UiB har valt ein annan veg ut i arbeidslivet.
Dei fleste er lærlingar innan IKT eller kontor og administrasjon. Dei skal ha læretida si ved blant anna Griegakademiet, Eigendomsavdelinga, Klinisk institutt 1, Det juridiske fakultet, Institutt for biologi.
– Kollegiefellesskapet vil vere ei viktig kjelde til læring for dykk, sa assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden då han tok i mot dei nye lærlingane torsdag.
Nokre av lærlingane starta i 2015, og er dermed halvvegs i læretida si. Andre kjem rett frå vidaregåande skule.
Møtet med UiB blir deira første verkelege møte med arbeidslivet. Tore Tungodden oppmoda dei om å tal del i kollegiet.
– UiB er kjenneteikna av å openheit. Det er stor høgde for debatt og diskusjon. De kan kanskje bli forundra over kor usamde vi kan vere her, men ofte er det nettopp dette som bringer undervisninga og forskinga framover. Eg håpar at også de vil ta ordet og seie kva de meiner, sa Tore Tungodden.
Historisk høgt tal på lærlingar
Lærlingane går først to år på vidaregåande skule, før dei har ei læretid på to år og går opp til fagprøve.
Lise Gundersen er seniorrådgjevar ved HR-avdelinga. Ho seier talet på lærlingar er historisk høgt.
– Vi har ønska å vere med på Lærlingløftet, seier ho.
Lærlingløftet er utvikla i samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet. Dei har gjennom ein kontrakt forplikta seg til å arbeide for å nå målet om ei kraftig auke i talet på læreplassar.
Staten er ein av dei største arbeidsgjevarane i landet, med over 160 000 tilsette. Likevel har staten liten tradisjon for å ta inn lærlingar.
Med Lærlingløftet fekk også staten ei klar melding om å bidra. I 2015 annonserte Kunnskapsdepartementet og Kommunaldepartementet ein felles strategi for å få fleire lærlingar inn i statlege verksemder.
Med den nye strategien vart alle statlege verksemder pålagte å ta inn minst ein lærling.