Lågt utdanna vil ikkje ete grønsaker

Publisert

Korleis skal ein nå ut til alle med førebyggande helsetiltak? Ei ny doktoravhandling frå HEMIL-senteret viser at det er stor sosial variasjon i korleis folk bruker helseinformasjon frå massemedia.

– Det er vel kjent at skilnader i sosioøkonomisk status gjev skilnad i helse og helseåtferd. Mitt bidrag har vore å sjå på om desse skilnadene skuldast ulike oppfatningar om kor mykje kontroll ein har over eiga helse, seier Anette Christine Iversen, som nyleg forsvarte avhandlinga si om dette temaet.

Hennar konklusjon er at det er utdanningsnivå som er nøkkelen til korleis ein handterer helseinformasjon frå media.

Meiner helse er tilfeldig

– Eg brukte eit utval vaksne kvinner, og spurte dei korleis dei reagerer på generell helseinformasjon i massemedia. Det synte seg at kvinner med låg utdanning i større grad rapporterte det eg kallar unngåingsstrategiar i møte med denne informasjonen. Ei mogleg tolking kan vere at dei ikkje orkar å ta det innover seg, fortel ho.

Arbeidet hennar tyder på at kvinnene med minst utdanning i større grad meinte at helse er eit resultat av tilfeldige prosessar utanfor deira kontroll. Dermed har dei mindre motivasjon for å prøve å gjennomføre helsefremjande åtferd som å ete mykje frukt og grønt, og drive fysisk aktivitet. Kvinner med høgare utdanning har større tru på at slik åtferd er bra for helsa. Dei har også større tru på at dei vil klare å gjennomføre slik åtferd.


Mange kjelder til informasjon

– Kvinner med høg utdanning rapporterte mindre unngåingsstrategiar. Kanskje er dei flinkare til å vurdere informasjonen. Vi har eit problem dersom det er slik at menneske med lågare utdanning stenger av for informasjonen fordi dei tykkjer det blir for mykje. Vi har så mange kjelder til helseinformasjon at det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal tru på, seier Iversen.

Ho peikar på at medan råda frå offentlege helsestyresmakter er ganske stabile, så skriv avisene heile tida om ulike einskildstudiar som seier ulike ting, som at kaffi kan vere bra for deg den eine veka, og kreftframkallande i neste veke.

– Det er tydeleg at helseinformasjonen mest treff dei ressurssterke. Det er dei som endrar åtferd i positiv retning. Difor må ein tenkje igjennom korleis ein vil nå lågstatusgruppene, seier ho, og viser til at i Noreg er det eit politisk mål å redusere dei sosiale skilnadene i helse og helseåtferd.


Utdanning viktigare enn inntekt

– Vi treng å vite meir om korleis folk oppfattar helseinformasjon. Men det er også andre faktorar enn eigen kontroll og meistring som avgjer folk si helseåtferd, til dømes sosiale normer. Kva gjer dei andre i ditt miljø, og korleis ser dei på å endre åtferd? Ein kan tenke seg at normene også vil variere med sosioøkonomisk status, men dette er det forska lite på, opplyser Iversen.

I tillegg kan strukturelle faktorar som pris og tilgang forklare ein del av skilnadene i helseåtferd. Men dersom desse faktorane var dei viktigaste, skulle ein venta at helseåtferd hang sterkare i hop med inntekt og økonomisk situasjon, enn med utdanning. I staden syner det seg altså at det er utdanning som er avgjerande. Dette er også konsistent med funn frå andre undersøkingar.

Powered by Labrador CMS