Lang ferd mot likestilling

Publisert

Kvinneandelen av professorane ved UiB har auka med 0,1 prosentpoeng frå 2003 til 2004.
Den gode nyheita er at kvinneandelen er høgare mellom dei nytilsette professorane fordi kjønnsbalansen i rekrutteringsgrunnlaget er blitt betre.

Dette kjem fram i rapporten frå UiB sitt arbeid med å betre kjønnsbalansen i dei vitskaplege stillingane, som nyleg vart lagt fram for styret til orientering.

Ser ein på dei siste ti åra, har kvinneandelen hjå professorane auka frå 11 prosent til 15 prosent. Dette er noko under landsgjennomsnittet. Derimot har auken vore mykje større hjå førsteamanuensane i same perioden (33 prosent), og ein vonar at dette vil forplante seg oppover i toppstillingane dei neste åra. 35 prosent av professorane er no i aldersgruppa 60-69 år. Det tyder at UiB står framfor eit generasjonsskifte, som kan gje sjansar for å nå målet om ein betre kjønnsbalanse også i dei vitskaplege toppstillingane.

Fagmiljøa må gripe sjansen

Likestillingsrådgjevar Anne Marit Skarsbø meiner at mykje no er opp til fagmiljøa.

– Det komande generasjonsskiftet gjev fagmiljøa ein sjanse til å ta grep om problemet, seier ho.

– Dei ulike fagmiljøa har svært ulike utfordringar. Difor er det viktig at dei sjølve ser på kor skoen trykker i deira miljø, og kva moglegheiter som finst.

Universitetsstyret har løyvd ein million kroner til likestillingstiltak i 2005, og Skarsbø ser det som mest føremålstenleg at fakulteta sjølve kjem med framlegg til korleis pengane kan nyttast.

– I tillegg vil vi vidareføre mentorprosjektet i ei litt anna form. Prosjektet skal gjelde postdoktorar, men samstundes skal nokre tiltak også vidareførast for stipendiatane, som til dømes kurs i medietrening og i å kjenne att hersketeknikkar.

Ho meiner det ofte handlar om medvit, og om å kunne løfte skuld frå seg sjølv og over på systemet ved å avsløre ”usynlege” barrierar.

– Det er vanskeleg å peike på direkte diskriminering, men mange mønster og strukturar heng att frå tidlegare. Nettopp difor er det viktig å vere merksam på sjansane som ligg i det føreståande generasjonsskiftet, og utnytte dei no medan ein kan, seier ho.


Kvinner forskar mindre

I følgje ein rapport frå NIFU STEP som vart lagt fram i desember, bruker kvinner meir tid på komitéarbeid og undervising enn menn gjer. Dei publiserer mindre, og dei får også mindre eksterne forskingsmidlar. Dette mønsteret medverkar til å oppretthalde skilnadene i karrieremønster mellom kvinnelege og mannlege universitetsforskarar.

– Krav til kjønnssamansetting i komitear legg eit stort press på kvinnene i dei fagmiljøa der det er få kvinner. Vi må sjå til at vi ikkje får eit universitet der kvinner underviser og menn forskar. Pengane som styret har sett av til likestillingstiltak, kan til dømes brukast til å kjøpe kvinner meir tid til forsking, men også til andre tiltak. No er det jo også slik at heller ikkje unge menn er lenger viljuge til å tilbringe all tid på universitetet. Familieliv og arbeidsliv må harmonisere, og det på UiB ta omsyn til, meiner Skarsbø.

I sluttrapporten for mentorprosjektet ved UiB, som nyleg vart lagt fram, blir mangel på faste stillingar å søke på framheva som ein viktig bremsemekanisme for betre kjønnsbalanse i toppstillingane.

– Biletet i dag speglar det som var rekrutteringssituasjonen for 20 år sidan. No er problemet at sjølv om det er mange kvinnelege stipendiatar og postdoktorar, blir dei ikkje rekrutterte inn i faste stillingar fordi det ikkje er slike stillingar tilgjengeleg. Samstundes har vi mista retten til å øyremerke stillingar for kvinner, og difor er det viktig å halde godt auge med det som skjer i overgangen frå rekrutteringsstillingar til faste stillingar, seier ho.


Må lette arbeidsbyrden for kvinner

Påtroppande rektor Sigmund Grønmo er samd i at fagmiljøa må ta initiativ til å føreslå tiltak som rettar seg mot deira eigne særskilte utfordringar, men meiner at likestillingsspørsmålet også krev merksemd på institusjonsnivå.

– Vi må følgje nøye med på dette, spesielt sett i lys av det komande generasjonsskiftet. Vi ønskjer å invitere til debatt kring dette spørsmålet, og vonar at det vil kome opp fleire gode og konstruktive forslag i diskusjonen, seier han.

– Eg noterer meg at det er ein klar forbetring i kjønnsbalansen i rekrutteringsstillingane, og det gjev eit godt grunnlag for å nytte generasjonsskiftet til å betre balansen også i dei faste stillingane. Samstundes kan vi ikkje vente på at dette skal jamne seg ut av seg sjølv. Det vil ta altfor lang tid.

Grønmo meiner det er viktig å ta omsyn til den ekstra arbeidsbyrden kvinner får i fagmiljø der dei er få.

– Mange verv og andre oppgåver vil falle på dei få kvinnene i slike miljø, og det viktigaste vi kan gjere, er å få fleire kvinner inn i desse stillingane. Å skulle uthole kjønnsbalansen i komitear for å lette arbeidsbyrden for kvinnene, vil vere å gripe tak i feil ende. Samstundes må ein kunne vurdere kompensasjonsordningar for kvinner slik at dei til dømes kan bli skjerma for undervisingsoppgåver og dermed få meir tid til forsking, seier han.


Ressursbank for tiltak

Onsdag vart det lansert ein nettbasert ressursbank for likestilling, som skal hjelpe universitets- og høgskulesektoren i arbeidet med likestilling. Bak ressursbanken står Komiteen Kvinner i forsking, som er oppretta av Utdannings- og forskingsdepartementet. Ressursbanken tilbyr oversikt over ulike virkemiddel, handlingsplanar og døme på ”beste praksis”, i tillegg til relevant litteratur og statistikk.

Powered by Labrador CMS