Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ved det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er hovudregelen at alle skal disputera innan ti veker etter at avhandlinga er levert. HF-ar Ann-Kristin Molde leverte i november og anar framleis ikkje når hennar disputas vert.
7. juni. Det er den første datoen humanist Ann-Kristin Molde har moglegheit til å disputera. Avhandlinga hennar vil då vera nesten sju månader gamal – noko som er i strid med UiB sine eigne retningslinjer. På nettsida om forskarutdanning står det at tida frå søknad om vurdering av avhandlinga er sendt til disputas bør ikkje vera meir enn tre månader. Men Molde har eigentleg ikkje tid til å ha disputas 7. juni. Ho jobbar som universitetslektor både ved UiB og ved Høgskulen i Volda. – Dette er midt i sensurtida. Dei siste to vekene før disputasen skal eg bruka til å førebu prøveforelesinga. Eg bør ikkje gjera det midt i eksamenstida, det kan gå ut over studentane mine, seier Molde. Kan måte venta til hausten – Det er fleire sider ved denne saka. Det eine er at eg må venta. Det andre er meir prinsipielt: Når disputasen ikkje kjem innan rimeleg tid, gir heller ikkje UiB graden til dei som skal ha han, seier Molde. – Doktorgrad er no definert som den tredje syklusen i utdanninga. Det vert fleire og fleire som tek doktorgrad – og det er ikkje jobb til alle i akademia. Ein treng graden for å kunne søkja andre jobbar, legg ho til. På Høyden har snakka med fleire andre som har levert avhandling og ventar på å disputera. Ei av dei fortel at ho vurderer å søkja ein postdoktorstilling i utlandet. Men det kan ho ikkje gjera så lenge ho ikkje har ein grad å visa til. 10 veker hos mat.nat Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet skal ein som hovudregel ikkje venta meir enn ti veker frå levering til disputas. – Me held dette i dei aller, aller fleste tilfella, seier seksjonssjef Eli Neshavn Høie. Ho seier at fakultet har ei detaljert skildring av kva som skal skje når, og at institutt og fakultet deler på oppgåvene. – Dette betyr mellom anna at institutta må byrja å tenkja på komite før kandidaten har levert avhandlinga. Komiteen har òg ein tidsfrist, seier Neshavn Høie. Ho meiner at fakultet skuldar studentane å få disputasen unnagjort. – Me arbeider for å få dei gjennom på normert tid, og då må me legga til rette for at dei vert heilt ferdige, seier ho. Lengst ventetid hos humanistar og juristar – Utvalet av fagpersonar som kan sitja i komiteane er såpass lite at ein må akseptera litt utviding av tidsramma for å få folk til å stilla. Avhandlingane ofte monografiar, og dei kan vera mellom 400 og 800 sider, seier Mari Myren, ph.d.-koordinator ved Det juridiske fakultet. – I tillegg er det generelt mangel på internt tilsette lærarkrefter, slik at det kan ta tid å finna den interne medlemmen, legg ho til. Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet var gjennomsnittstida i 2012 3,7 månader, mot 3,2 månader året før. I 2011 var det tre tilfelle der det tok meir enn eit halvt år å få disputert, eitt av tilfella skuldast sjukdom hos kandidaten. I fjor var det ein kandidat som måtte venta eit halvt år. Den kortaste ventetida i desse to åra er 1,1 månad. Framleis er det nokre som leverte avhandling før jul i fjor som ikkje har disputert. Det humanistiske fakultet rapporterer om ei snitt-tid på 5,7 månader i 2011 og 5,9 i fjor. I fjor var kortaste ventetid 3,2 månader – lengste var 9,3. Fleire av dei På Høyden har snakka med fortel at tida mellom innlevering og disputas er ei sårbar tid. – Ein ting er at eg ikkje får disputert med det same. Men det er to månader sidan eg leverte, og eg anar ikkje om avhandlinga mi er godkjent, seier ei av dei. Heller ikkje Ann-Kristin Molde veit noko. – Eg kan jo i prinsippet få ein e-post med innstillinga når som helst, seier ho. – Kulturskilnad – Ein kan ikkje legitimera skilnaden mellom fakulteta. Ja, avhandlingane ved HF er ofte lenger enn dei ved mat.nat eller MOF. Men ein har òg ein annan lesekultur. Å lesa 200-300 sider – det gjer jo ein humanist lett. Og ja, det skal skrivast ei vurdering, men det er jo røynde folk som gjer dette, seier Molde engasjert. Ho seier at ein nyanseskilnad i ventetid hadde gått an å forstå. – Men slik det framstår no, er det ein kulturskilnad. Molde trur det er tre stader ventetida oppstår: Først ei forseinking hos UiB, som gjerne ikkje finn komite før etter at avhandlinga er levert. Deretter tida mellom lesing og innstilling. – Eg mistenkjer at avhandlingane ofte kan verta liggande i ei skuffe. Eg meiner ein bør innføra eit strengare tidskrav – slik ein har for mastergrader, seier Molde. Den siste staden som gir ventetid, er at ein må finna ein dato for disputas som passar for alle. – Komitemedlemmer er travle menneske, men ein kan spørja seg om dei prioriterer disputas høgt nok, seier Molde. Ann-Kristin Molde leverte avhandlinga si i november. Ho veit enno ikkje om avhandlinga er godkjent, og disputas vert tidlegast i juni. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand Framsidefoto: Gudrun Sylte
Ho har bede om å få ein ny og tidlegare dato, men har ikkje fått dette. I verste fall må ho venta til haustsemesteret før ho får disputert.
I doktorgradsforskrifta heiter det at komiteane normalt skal ha ein frist på tre månader til å koma med innstillinga. Men praksis for kor lenge kandidatane må venta, varierer mykje ved UiB.
På Høyden har fått tal frå alle fakulteta. Ved Det psykologiske fakultetet var ventetida i snitt 4,7 månader i 2011 og 4,5 i 2012. Fakultetet gir komiteane tre månader til å koma med tilbakemelding. Samfunnsvitarane må venta litt lenger. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet var tida mellom innlevering og disputas i snitt fem månader både i 2011 og 2012. Hos juristane må ein venta endå lenger: 4,9 månader i 2011, 6,4 månader i 2012.
Universitetslektoren meiner UiB opptrer uproft når dei tillet så lang ventetid.