Lanserer norsk–kurdiske nettordbøker

Publisert

Dei to største kurdiske språkvariantane, sorani og kurmandji, får no for første gong ordbøker på nett. Ordbøkene kjem i LEXIN-serien, som Aksis har fått i oppdrag å utvikle på vegner av Utdanningsdirektoratet.

Salar Salih har omsett frå norsk til sorani, den kurdiske språkvarianten som blir nytta i Sør-Kurdistan. Han seier at det er stor trong for gode ordbøker for å lette opplæringa både i norsk og i morsmål for kurdarar i Noreg. Han anslår at det er om lag 6 000–7 000 kurdarar i Noreg. Majoriteten av desse kjem frå irakisk Kurdistan, og dei kom til Noreg rundt 1999.

– Vi har ikkje hatt så gode ordbøker tidlegare. No når vi har fått nettbaserte ordbøker vil det også hjelpe dei som ikkje kan sitt kurdiske morsmål, fordi ordbøkene er lagt opp slik at ein mellom anna kan gå frå tekst til tekst via bilete, seier Salih.

Dei to nye norsk – kurdiske ordbøkene er først og fremst utvikla for kurdiske barn og unge i den norske grunnopplæringa, men ein ønskjer også å nå andre brukarar med kurdisk bakgrunn.

Tverrfagleg samarbeid

Prosjektleiar ved Aksis og filolog Tove Bjørneset, som har vore med i utarbeidinga av det norske kjeldespråksmaterialet, seier at målspråka i LEXIN-serien ikkje er valde tilfeldig.

– Vi jobbar med dei språka der det er størst trong for gode verkty. Det er oppdragsgjevar avgjer kva språk det skal lagast ordbøker til. Kurdisk er berre eitt av desse, der det er stort behov, men for liten marknad til at kommersielle forlag har høve til å ta på seg det store økonomiske løftet, seier Bjørneset. Nettordbøkene som vart publisert på Raftohuset 14. desember inneheld om lag 6 000 ord. Illustrasjonsdelen er delt inn i 33 emne, som til dømes familie og slekt, kjøkken, mat, osb. Dei mange fargeillustrasjonane i nettordbøkene er laga av kunstnarar i Bergen.

– Dette prosjektet er heilt avhengig av at vi er ei tverrfagleg gruppe som jobbar tett, seier Tove Bjørneset.

Programmerar Sindre Sørensen ved Aksis har møtt ulike utfordringar i arbeidet med å utvikle skreddarsydd programvare både for redigering og søk. Til dømes er sorani, som byggjer på det arabiske alfabetet, høgrejustert. Språket nyttar også seks ekstra teikn som ikkje finst i det arabiske alfabetet.

– Det finst betre støtte for arabisk i dataverda enn for sorani, forklarer Sørensen.

Det er stor skilnad på dei to dialektane sorani og kurmandji. Kurdistan kan grovt delast inn i to språkområde. I Nord-Kurdistan, den delen som ligg under Tyrkia og Armenia, snakkar og skriv kurdarane kurmandji og nyttar eit modifisert latinsk alfabet.

I Sør-Kurdistan, som er syrisk, irakisk og iransk Kurdistan, dominerer sorani. Ein nyttar der det arabiske alfabetet, med seks teikn i tillegg, ifølgje oversettar Salar Salih. Begge desse språkgruppene får no ordbøker som gjer det lettare å lære seg norsk, men det kan óg vere til hjelp for å lære morsmålet. For første gong kan ein også søkje frå sorani til kurmandji og omvendt.


Opphavleg svensk

Dei første LEXIN-produkta vart lanserte i 2002. Det kom då mellom anna ei einspråkleg norsk ordbok og ei norsk – engelsk ordbok, begge illlustrerte. I 2003 vart ei norsk – tamilsk ordbok lansert.

– Det spennande med å utvikle og publisere elektroniske ordbøker på nett, er at vi gjennom koplingar til bilete sprengjer grensene for kva ei ordbok kan vere. Brukargrensesnittet prosjektet har utvikla opnar for at også personar utan skriftspråk kan nytte den, og produktet kan slik seiast å også vere eit læremiddel, seier Tove Bjørneset.

Det norske LEXIN-prosjektet tek utgangspunkt i ein svensk ordboksserie for innvandrarar, som er utvikla særskilt for innvandrarar med lita eller inga røynsle i bruk av språklege hjelpemiddel. I Sverige er no LEXIN-ordbøkene omsette til rundt 20 språk og utgjevne i både trykt og elektronisk form.

Også ei nettordbok i norsk – somali er under arbeid ved Aksis. Ei norsk – tigrinsk (eit av dei større språka i Eritrea og Etiopia) og ei arabisk nettordbok er dei to neste prosjekta.

Powered by Labrador CMS