Lar seg ikkje smitte av medisin

Publisert

Medisinsk-odontologisk fakultet (MOF) har innført bruk av tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus som standard for alle PHD-avhandlingar. Men dei andre fakulteta let seg ikkje smitte av begeistring.

Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) har innført bruk av tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus som obligatorisk før innlevering av doktoravhandling. Både kandidat og rettleiar må skrive under på at dei har brukt Ephorus eller eit anna program før avhandlinga blir innlevert.

Fleire saker
MOF har det allereie vore eit tilfelle der ein har oppdaga manglande sitering, og kandidaten blei kasta ut av programmet, og fekk ikkje lov å levere avhandlinga på nytt. Saka er no til handsaming hos Sivilombodsmannen. På Det juridiske fakultet blei 205 studentar på lågare grad mistenkte for fjusk våren 2008. Tekstgjenkjenningsprogram viste at meir enn 40 prosent av tekstande deira var identiske.

Men på møtet i forskingsutvalet i førre veke var det ingen fakultet som signaliserte at dei ville kopiere framgangsmåten til MOF.

Nulltoleranse
– Vi skal ikkje ha nokon toleranse for plagiering. Ephorus blir brukt på lågare grad, og MOF har innført som prosedyre at alle avhandlingar blir undersøkt. Men det kan diskuterast om det er hensiktsmessig å gjere det slik MOF gjer det. Det er eit viktig val om dette blir gjort før eller etter innleveringa, sa prorektor Berit Rokne.

Endrar ikkje praksis
– Vi må og tenkje på omdømet til organisasjonen. Dei vil le av oss ute i pressa om vi får ei slik sak, og seie at program som Ephorus bruker dei jo til og med på ungdomsskulen. Vi kan fort komme i ein gapestokk om ei slik sak dukkar opp, sa direktør Svenn-Åge Dahl ved forskningsadministrativ avdeling.

Men muleg gapestokk til tross: Forskingsutvalet kom ikkje til nokon felles konklusjon i saka om plagiatsjekk, og det er framleis opp til fakulteta kva dei vil gjere.

 

Forskingsutvalet hadde bruken av tekstgjenkjenningsprogram som Ephours oppe til diskusjon på sitt forrige møte, men kom ikkje til nokon annan konklusjon enn at ulike praksisar kan halde fram som før. Berre MOF har fast rutine på at plagiat skal sjekkast for kvar einaste avhandling. Foto: Dag Hellesund

 

 

 

Powered by Labrador CMS