Bjørn Østbø var kritisk til saka som vart presentert for styret. Foto: Njord V. Svendsen

Leiinga fekk kritikk i På Høyden-saka

Publisert

Universitetsstyret var ikkje nøgde med verken prosess eller innhald i saka om nasjonal universitetsavis.

- Eg synest me må ta eit steg attende. Kva behov har eigentleg UiB, og løysingar kan støtta det behovet. Styret må få ei breiare sak, eg har vesentlege betenkelegheiter knytt til den saka som no er lagt fram.

Det sa Bjørn Østbø då universitetsstyret diskuterte sak om nedlegging av På Høyden. Saka har fått mykje merksemd dei siste par vekene. Universitetsstyremedlemmene var ikkje nøgde med verken prosess eller innhald i saka.

- Det uroar meg at den konkrete modellen som er lagt fram ikkje overtydar meg. Det kunne gjerne vore fleire store aktørar med. Eg er òg uroa for at den modellen som er lagt fram vil svekka moglegheita for debatt, sa Hanne Foss Hansen.

Både ho og Østbø er eksterne representantar i styret.

Schibsted-modell

Saka som vart lagt fram for styret var ei sak som skulle opna for debatt. Endeleg vedtak skulle ifølgje sakspapira ikkje gjerast før i neste møte, 31. mai. Fleire av styremedlemmene var tydelege på at dei ville ha attende ei sak som skisserer fleire ulike alternativ til løysingar. Alf Erling Risa føreslo ein modell som liknar den Schibsted har.

- Då kan ein ha ein redaktør i Bergen og ein i Oslo, og så kan ein ha nasjonalt stoff som ein jobbar med saman. Det er ikkje sikkert at ein skal ha ein felles redaksjon, men målet må vera å skapa synergieffektar som gjer at den nasjonale dekninga vert betre.

Risa understreka at redaktørplakat er viktig.

- Ein får ikkje alltid det ein vil, men det er velkjent at for å vera truverdig så er det ikkje ei formidlingsavdeling som kan stå for den fulle opplysninga av oss og av verda ikring.

Kjersti Fløttum sa at ho synest at ideen om ei nasjonal avis er ganske sterkt svekka når det ser ut til at berre vert UiB og Oslomet som vert med. Ho stilte spørsmål ved kvifor ingen andre har gått i forhandlingar med Oslomet.

- Eg synest ikkje saka er veldig inviterande når det ligg som ein premiss at UiB og Oslomet skal ha negativt fleirtal, sa Fløttum.

- Mange i vår institusjon er opptekne av kva plass lokale saker vil få i ei eventuell nasjonal avis, og dei er uroa for å mista eit debattfora. Vil den tenkte konstellasjonen gi UiB ein nasjonal plass og sikra ei tydeleg lokal forankring?

Skal linja organsiera debatt av linja?

I saksframlegget vart det lagt vekt på at det skal leggast til rette for eit fora for debatt. Både Fløttum og Jørgen Melve, som representerer gruppe C, stilte spørsmål ved korleis eit slikt fora skal organiserast.

- Ein kanal for debatt i regi av UiB kjem ikkje til å gå bra. Nokon i linja skal ha ansvar for kritikk av linja, illustrerte Melve.

Han etterlyste ein breiare debatt. Skal ein ha ei rein nasjonal avis? Eller ei nasjonal avis som òg er lokalavis for UiB og Oslomet?

- Eg er òg oppteken av meir kontakt med dei andre universitetsavisene. Finst det andre samarbeidsformer?

Rektor Dag Rune Olsen sa at både UiT og Høgskulen på Vestlandet har skissert at dei kan vera interesserte i å vera med i ei nasjonal avis. Men det er ikkje sagt noko om når eller på kva måte.

Negativ omtale

Erik Hanson, som representerer gruppe B, beklaga merksemda saka har fått. Han meiner leiinga burde forstått at den prosessen som har vore kunne føra til negativ omtale av UiB.

- Slik denne prosessen vart er det lett for ein journalist å framstilla oss i eit relativt dårleg lys.

Samstundes stilte Hanson spørsmål ved kva ende ein har begynt i.

- Er det noko ved dagens På Høyden me vil forbetra? Eller var det berre Khrono som inviterte og så kasta me oss på? Er intensjonen vår å laga noko saman med Khrono eller å laga noko nasjonalt? Skal ein laga noko med betre kvalitet, spurte Hanson.

Både han og fleire av dei andre styrerepresentantane var opptekne av å legga betre til rette for debatt, særleg å legga til rette for at både studentar og mellombels tilsette tek del i debatten.

Studentrepresentant Katja Løvik føreslo at pengane, om lag 1,5 millionar kroner, som etter planen skal brukast dersom På Høyden vert ein del av Khrono, heller kan brukast lokalt.

- Khrono har eit mykje større budsjett enn På Høyden. Dersom ein vil styrka På Høyden kan ein gi dei desse pengane og slik få gjort noko her, sa Løvik.

Vedtaket

Universitetsstyret gjorde eit vedtak i fire punkt. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa at det skal vera mogleg å koma attende med ei sak som planlagt 31. mai.

1.Styret legger til grunn at UiBs videre utredning av en mulig nasjonal avis ikke skal svekke hensyn til lokaldemokrati, fri og kritisk debatt om og ved UiB.

2.Styret ber universitetsledelsen utrede flere alternative muligheter for å posisjonere UiB og Bergen i videre utvikling av en nasjonal offentlig arena for vår sektor.

3.I påvente av videre utredning og behandling i universitetsstyret får styret for på høyden fullmakt til å prolongere ansettelse av redaktør inntil endelig behandling i universitetsstyret foreligger.

4.Styret ber universitetsledelsen skissere en plan for hvordan arbeidet med internkommunikasjon ved UiB kan styrkes.

Kjersti Fløttum og Alf Erling Risa representerer vitskapeleg tilsette i fast stilling. Dei hadde fleire spørsmål til saka slik ho var presentert. Foto: Njord V. Svendsen
Powered by Labrador CMS