Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Blir det ikkje fleirtal i Kontrollkomiteen for å betre tilhøva for museet, gjer ikkje komiteen jobben sin, sa Ågot Valle då ho var på om omvisning ved Bergen Museum mandag 8.desember.
Ågot Valle er leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget og saksordførar for rapporten om dei statlege musea som kom frå Riksrevisjonen i mai 2003. Ågot Valle er ein av politikarane frå Hordalandsbenken og er busett på Sydneshaugen. Ågot Valle seier ho vil gå inn for ei samordning av dei statlege musea så raskt som mogleg, der ein kan få varige løysingar som sikrar midlar til forsvarleg drift. Valle og Jansen er samde om at dei statlege musea, og særskild dei som ikkje ligg under Kulturdepartementet dett mellom to stolar.
– Omvisninga eg har fått viser at den harde kritikken som Riksrevisjonen har kome med mot Universitetet i Bergen og Bergen Museum er berettiga, seier Ågot Valle.
– Eg er her både som kulturmenneske og stortingspolitikar. For meg er det viktig å få sett kva Riksrevisjonen har lagt til grunn for sin harde kritikk - og eg kan berre stadfeste at her må det takast nokre krafttak, seier Valle. Som saksordførar for rapporten skal ho legge premissane for saka når den skal oppi kontrollkomiteen i januar neste år. Komiteen skal så kome med ei tilråding til Stortinget.
Valle meiner det skal godt gjerast om ikkje eit fleirtal i komiteen ho leiar vil gå inn for at ein får ei ordning for dei statlege musea. Særskilt gjeld dette universitetsmusea som ligg under Utdannings- og forskingsdepartementet. Rapporten viste at dei statlege musea som ligg under Kulturdepartementet har langt betre kår.
– Blir det ikkje fleirtal for at vi skal gjere noko etter ein så ramsalt kritikk, gjer ikkje Kontrollkomiteen jobben sin, seier Valle.
Av kulturhistorisk verdi
– Eg er engasjert i denne saka av mange grunner - ikkje minst ser eg det som viktig at politikarane tar til seg at bygg, som “naturhistorisk museum”, Museplass 3 og “historisk museum”, Haakon Sheteligsplass 10, er ein del av kulturarva, og ikkje berre eit universitetsbygg. Dette kan opne for andre stader å hente pengar til oppgradering av bygningsmassen, som jo er den største utfordringa, seier SV-politikaren.
Tilhøva ved Bergen Museum, både den naturhistoriske - og den kulturhistoriske avdelinga, vart i Riksrevisjonens rapport vurdert som kritikkverdige. Sentrale problem var manglande vedlikehald av bygningane gjennom mange år og uegna magasinlokale.
–Vi vil søke om ei byggebevilgning til å setje bygningane i forsvarleg stand til formidlingsformål, men vi treng og permanente løysingar til dei vitskaplege samlingane, seier konstituert direktør ved Bergen Museum, Siri Jansen. Ho fortel at slik tilhøva er i dag, kan ein til dømes ikkje ta imot spesielle vandreutstillingar ved museet. Dette skuldast mellom anna at klimatilhøva ikkje er tilfredsstillande.
– Mellom anna har vi sterkt behov for eit nytt magasinbygg for å kunne ta vare på våre særs verdifulle samlingar på ein forsvarlig måte.
Går inn for samordning
– Det trengs heilt spesielle grep for å organisere bevarings-, forskings- og formidlingsarbeidet ved desse institusjonane, som kjem i skvis ved fordeling av midlar, seier Ågot Valle. Ho meiner musea som sorterer under UFD lir under dette.
– UFD er eit departement som kanskje dessverre ikkje har best kompetanse på musedrift, påpeikar Ågot Valle.
Mellom to stolar
– Vi konkurrerer om midlar til drift og vedlikehald på linje med strategiske forskings satsingar og kvalitetsreforma. Vi er kjempeglade for rapporten frå Riksrevisjonen og det fokuset som no er kome på tilhøva ved museet. Vi har sjølv peika ut problema vi slit med til Riksrevisjonen og vi håpar at stortingshandsaminga av saka kan føre til øyremerking av midlar til bygningsmessige tiltak, seier Jansen.
For trass i dårlege kår og langs tids underbudsjettering er stemninga god ved Bergen Museum.
– Vi er meir optimistiske enn på lenge. Vi trur på ei varig og tenlig løysing på problema museet har med nedslitne bygg, og ser på det som svært viktig også for arbeidsmiljøet. Dei tilsette har jobba lenge under ganske deprimerande tilhøve og er svært utålmodige. Skal dei halde på gløden er det svært viktig at Bergen Museum no blir prioritert, seier styreleiar for Bergen Museum, Brian Robins.