Leiar bak lukka dører

Publisert

Rektor Sigmund Grønmo har i dag invitert alle leiarane ved UiB til konferanse på Solstrand. Men i motsetnad til tidlegare år er journalistar ikkje velkomne.

Dekanar, universitetsstyremedlem, instituttleiarar, direktørar av ymse slag og universitetsleiinga er onsdag samla til heildagskonferanse på Solstrand. Arrangementet er ein viktig styringsreiskap for den hierarkisk inndelte universitetsorganisasjonen.

Tidlegare har På Høyden vore velkomen til å høyre på planane for framtida, samt ein eventuell etterfølgjande debatt, men i år har rektor Sigmund Grønmo avgjort at På Høyden ikkje får delta.

Oppsummerer
Programmet er elles spekka med oppsummeringar av dei siste fire til åtte åra: Første punkt på programmet er «Reformkritikk og verdigrunnlag: Rektoratets tilbakeblikk på universitetets framganger» ved rektor Sigmund Grønmo. Deretter kjem viserektor Astri Andresen med innlegget «Et internasjonalt anerkjent universitet - verdier, tradisjoner og ambisjoner».  Prorektor Berit Rokne har hatt ansvar for forskinga, og oppsummerer i innlegget «Forskningsuniversitetets egenart: Forskning og forskerutdanning i alle fagmiljøene». Viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan talar om «Forskningsbasert utdanning: Konsolidering for kvalitet», før det etter lunsj er tid for to timars diskusjon om verdiane, erfaringane og utfordringane til universitetet.

Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken fortel om «Rammer og handlingsrom, tjenester og holdninger: Administrativ virksomhet forankret i universitetets verdier», før påtroppande rektor Dag Rune Olsen fortel om «Framtidsperspektiver for forskningsuniversitetet». På Høyden kan diverre ikkje opplyse sine lesarar meir om innhaldet i innlegga, då programmet går for lukka dører.

Fleire lukka møte
Leiarkonferansen er ikkje den einaste styringsarenaen ved det offentleg finansierte forskingsuniversitetet som er lukka for offentleg innsyn. I går blei På Høyden sendt på gangen av rektor då vi ville høyre på eit såkalla utvida dekanmøte. Kvar fjortande dag har universitetsleiinga møte med dekanane, men i forkant av kvart universitetstyremøte blir og andre invitert med, mellom andre leiarane for studentparlamentet og universitetsmuseet. I møtet blir det diskusjonar mellom universitetsleiinga og dei ulike fakulteta.

Noko vidare om korleis møtet virkar inn på styringa av universitetet og dets høgste organ, universitetsstyret, er lite kjent.

Hengte ut instituttleiar
Under universitetsleiarkonferansen for eit år sia blei leiar for Institutt for biologi, og ein av Grønmos klaraste kritikarar, Anders Goksøyr, tema for Grønmo frå talarstolen. Rektor hevda at påstandande til Goksøyr var uriktige, og inneheld faktafeil. Då hadde debatten om dekningsbidrag rast i spaltene til På Høyden.

– Han hengte meg ut frå talarstolen, utan å nemne namn, fortel Goksøyr til På Høyden.

Dekan og jusprofessor Asbjørn Strandbakken var blant dei som reagerte på at ein toppleiar gjekk til åtak på ein einskild medarbeidar på denne måten, og tok det opp med Grønmo etterpå. Strandbakken er og kritisk til at Grønmo ikkje ønskjer å sleppe journalistar til på arrangementet.

– Etter mi meining var det ei uverdig førestilling som viser at ein treng å ha eksterne aktørar til stades for å leggje ein dempar på denne typen personfokus i negativ retning, seier Strandbakken til På Høyden.

– Det Grønmo dreiv med var hersketeknikk. Å hengje ut nokon som har alternative syn synest eg ikkje passar seg for ein rektor.

Ei tid etter møtet ringte Grønmo til Goksøyr, men det var ikkje for å orsake seg, slik han var oppmoda til.

– Han kom berre med fleire argument for at han sjølv hadde rett, fortel Goksøyr, som ikkje legg skjul på at han ser fram til eit skifte av rektoratet.

På Høyden har bede Sigmund Grønmo om ein kommentar til saka, men han har ikkje tatt kontakt. 

Arkivfoto: Randi Heimvik 

 

Powered by Labrador CMS