Mykje fintfolk samla i universitetsaulaen under doktorpromosjon. Her er mange av dei som tener best på UiB òg samla. Prorektor Margareth Hagen og dekan Jan Erik Askildsen på veg inn i salen. Begge hadde skattbar inntekt på over ein million kroner i fjor.

Dette tener sektortoppane

Publisert

Mange i sektoren tener over ein million kroner, viser skattelistene. Og truleg tener dei endå meir enn listene viser.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har ei løn frå UiB på 1 300 850 kroner. Men i skattelistene for 2017, som vart offentleggjorde denne veka, er han oppført med ei skattbar inntekt på 1 603 818 kroner. Det betyr at Bernstrøm òg har andre inntekter.

Mange leiarar i sektoren har gode inntekter frå styreverv, mellom anna har Khrono skrive at NTNU-rektor Gunnar Bovim tener over 700 000 i året på styreverva sine.

Viser ikkje alt

I tillegg til at mange leiarar har betalte styreverv eller biverv, er tala ein finn i skattelistene nettotal. Det vil seia at det ein ser er summane som er att etter at ein har fått alle frådrag ein har krav på. Alle med lønsinntekt har krav på å trekkja frå 94 750 kroner, skriv NRK. I tillegg kan ein få frådrag dersom ein har mykje gjeld, og alle som betalar for barnehage eller SFO har krav på å trekkja frå ein sum knytt til dette. Det finst òg andre frådrag.

Dette betyr at sektortoppane, som allereie har millionløner, har tent endå betre enn det som kjem fram i skattelistene.

2,1 mill til Bovim

Forskerforum har sjekka kva ein del leiarar innan forsking- og utdanningssektoren tener. Rektoren som tente mest i fjor er Inge Jan Henjesand ved BI. Han står oppført med inntekt på 2,2 millionar kroner. Av dei offentlege universiteta og høgskulane er Gunnar Bovim best betalt. Inntekta hans i fjor var på 2,1 millionar. Rektorløna hans er vel 1,7 million kroner.

Dag Rune Olsen står oppført med 1 286 528. Han har ei løn frå UiB på 1 505 900. Olsen si løn gir han ein femteplass på lista over rektorane. Både Petter Aasen frå Universitetet i Sørøst-Norge, Berit Rokne frå Høgskulen på Vestlandet og Anne Husebekk frå Universitetet i Tromsø hadde alle ei skattbar inntekt på over 1,4 million i 2017.

Svein Stølen, rektor ved UiO, manglar på oversikta. Han vart rektor i august i fjor.

Sintef løner godt

Men det er ikkje berre rektorane som tener godt. Forskerforum si oversikt viser at tilsette i instituttsektoren òg har millionløner. Her er det Sintef-tilsette som er øvst på lista. Forskingsrådet løner òg sine leiarar godt. Topp-sjef John Arne Røttingen hadde ei skattbar inntekt på over to millionar i fjor, medan fleire av områdeleiarane står med ei inntekt på meir enn halvannan million.

På Høyden har sjekka kva UiB-leiarar tener. Desse tala finn du i faktaboksen. Og for ordens skuld, sidan me skriv om andre si løn: Redaktør Dag Hellesund hadde ei skattbar inntekt på 559 067 kroner, journalist Njord Svendsen 538 414 (begynte i På Høyden i mars 2018) og journalist Hilde Kristin Strand 222 829 (journ.anm: Den låge summen skuldast foreldrepermisjon med 80 prosent løn samt noko uløna permisjon) i 2017. Ingen i redaksjonen har formue.

Skattelistene 2017

Rektor Dag  Rune Olsen:
Inntekt: 1 286 528
UiB-løn: 1 505 900
Formue: 0

Prorektor Margareth Hagen:
Inntekt: 1 122 154
UiB-løn: 1 091 500
Formue: 1 416 860

Viserektor Robert Bjerknes
Inntekt: 1 483 022
UiB-løn: 1 158 063
Formue: 2 391 661

Viserektor Annelin Eriksen
Inntekt: 787 667
UiB-løn: 970 000
Formue: 0

Viserektor Oddrun Samdal:
Inntekt: 1 080 292
UiB-løn: 1 044 750
Formue: 0

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm:
Inntekt: 1 603 818
UiB-løn: 1 300 850
Formue: 0

Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden:
Inntekt: 1 168 103
UiB-løn: 1 100 400
Formue: 0

Dekan Per Bakke (med.fak):
Inntekt: 1 206 523
Formue: 3 896 502

Fakultetsdirektør Heidi Annette Espedal (med.fak):
Inntekt: 839 704
Formue: 815 242

Dekan Jørgen Sejersted (HF):
Inntekt: 788 498
Formue: 703 395

Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen (HF):
Inntekt: 761 132
Formue: 0

Dekan Frode Thorsen (KMD):
Inntekt: 809 153
Formue: 0

Fakultetsdirektør Synnøve Myhre (KMD):
Inntekt: 810 695
Formue: 0

Dekan Helge K. Dahle (mat.nat):
Inntekt: 1 034 832
Formue: 599 614

Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo (mat.nat):
Inntekt: 960 422
Formue: 1 157 510

Dekan Jan Erik Askildsen (SV):
Inntekt: 1 177 284
Formue: 0

Fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt (SV):
Inntekt: 790 955
Formue: 0

Dekan Karl Harald Søvig (juss):
Inntekt: 1 215 355
Formue: 0

Fakultetsdirektør Øystein Iversen (juss):
Inntekt: 724 212
Formue: 0

Dekan Bente Wold (psyk.fak.):
Inntekt: 840 688
Formue: 180 067

Fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl (psyk.fak):
Inntekt: 699 813
Formue: 1 426 543
(Lillestøl vart tilsett ved UiB i 2018)

 

 

Powered by Labrador CMS