Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsdirektøren si måloppnåing er ei av sakene universitetsstyret skal diskutera på haustens første møte.
Torsdag klokka ti samlar universitetsstyret seg til det første møtet i nytt studie- og arbeidsår. Tre nye medlemmer er på plass; Sofie Marhaug representerer no vitskapeleg tilsette i mellombels stilling (gruppe B), og Sausan Hussein og Erlend S. Grønvold representerer studentane (gruppe D). I tillegg har Bjørn Østbø meldt forfall. For han stiller Marit Warncke.
Møtet kan du sjå direkte her:
Del 3, frå ca. 1530:
Del 2, frå ca. 1310 og utover:
Del 1, frå ca. 1000:
Ei av sakene som skal debatterast er om universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har nådd måla sine. Stillinga som universitetsdirektør er omfatta av leiarlønsordninga til staten med ein kontrakt som tek føre seg krav og resultat for stillinga tolv månader fram i tid. Styret skal difor drøfta om Bernstrøm har gjort det han skulle det siste året, og kjem òg med forslag til område direktøren særleg skal legga vekt på det komande året. I saksframlegget er mellom anna masterplan for areal, legga til rette for at ein får meir eksterne inntekter, ha spesielt fokus på sikring av samlingane ved universitetsmuseet og universitetsbiblioteket og utvikla ein framtidsretta og effektiv administrasjon.
Saka om direktøren sine måloppnåingar skal opp ein gong i året. Tidlegare har desse gått bak lukka dører, men Kjell Bernstrøm har vore tydeleg på at han vil ha saka diskutert i ope møte.
Her er sakslista:
S 68/18: Godkjenning av innkalling og saksliste
S 69/18: Godkjenning av protokoll fra møte 31.5.2018
S 70/18: Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v
S 71/18: Økonomirappport per juli 2018
S 72/18: Revisjon av regnskap og budsjettdisponering
S 73/18: Etatsstyring 2018. Tilbakemelding fra Universitetet i Bergen
S 74/18: Universitetets forvaltning av eierinteresser
Vedlegg: Årsrapporter for selskapene som UiB har eierskap i pr. juni 2018
S 75/18: Oppretting av felles masterprogram i marinbiologiske ressurser – IMBRSea
S 76/18: Oppnevning av medlemmer til skikkethetsnemnda for perioden 30.8.2018 til 31.7.2019
S 77/18: Universitetsdirektøren si måloppnåing 2018
S 78/18: Salgsfullmakt – Salg av Vektergården til Bergen FinTech Hub med formål å etablere klynge for «Finance Innovation» i bygget - unntatt offentlighet
S 79/18: Ansettelse av faglig leder ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) – unntatt offentlighet
S 80/18: Senterleder ved SFF – Birkeland Centre for Space Science (BCSS) – Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor – unntatt offentlighet
S 81/18: Revisjon av UiBs strategi «Hav, Liv, Samfunn» 2016-2022
S 82/18: Fullmakt til å forhandle om eierskap i nasjonal universitetsavis
S 83/18: Forslag til nytt reglement for styringsorganene og nytt valgreglement
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt