Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Snarrådige tilsette sprang over gata og kjøpte inn presenningar då sprinkleranlegget i Stein Rokkans Hus sendte ut 6000 liter vatn onsdag morgon.
I 9-tida torsdag morgon gjekk brannalarmen i Stein Rokkans Hus. Alle tilsette kom seg kjapt ut.
– Men då me kom attende, skjøna me at det ikkje var brann, men derimot vatn, seier Karin Cecilia Rydving, som er seksjonssjef hos Universitetsbiblioteket.
– Dei tilsette sprang ut, skaffa presenningar og begynte å dekka til. Parallelt med dette jobba brannvesenet.
6 000 liter vatn
Det som vart dekka til, var UiB sine spesialsamlingar og biletsamlingar. Dei ligg i første etasje, byggearbeidet som gjorde at det vart ein skade på sprinkleranlegget går føre seg i etasjen over.
– Dei tilsette har gjort ein kjempejobb, rosar Gunnar Mikkelsen.
Han er områdeleiar og overingeniør hos eigedomsavdelinga.
6000 liter vatn rann ut.
– Ein fekk stoppa anlegget raskt, slik at det berre var det vatnet som var i røra som rann ut. No er det full sanering, men allereie no er det lite vatn att, sa han då På Høyden snakka med han like før klokka 11.30.
– Optimistiske
Truleg har snarrådige tilsette redda samlingane. Rydving skryt òg av tilsette frå Universitetsmuseet, som har hjelpt til.
– No skal me ha møte og ein gjennomgang for å sjå om noko er skada. Men me er optimistiske, seier universitetsbibliotekar Marthe Tolnes Fjellestad.