Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er hundre år sidan norske kvinner fekk stemmerett. Betyr det at ein no er heilt likestilt? Tja, seier kulturvitar Hilde Danielsen.
11. juni 1913 vedtok Stortinget at alle norske kvinner over 25 år skulle få stemmerett. Hundre år seinare vert boka «Norsk likestillingshistorie 1814-2013» lansert. Forfattar er kulturvitar Hilde Danielsen, saman med historikar Eirinn Larsen (BI) og filosof Ingeborg W. Owesen (UiO). – Likestilling handlar i dag om å skapa eit rettferdig samfunn og å inkludera minoritetar, seier Danielsen. I boka skildrar forskarane korleis sjølve likestillingsomgrepet har hatt ulikt innhald i ulike epokar. På 1800-talet vart det knytt til målstrid og unionskamp, og det vart nytta i stemmerettskampen. På første halvdel av 1900-talet var likestilling sett på som å gi noko ulikt lik verdi, medan likestilling frå 1970-talet i stor grad har handla om kvinner sine rettar. Vil visa agentane – Me har hatt dårleg tid, seier Danielsen. Det var ikkje før hausten 2011 dei tre kvinnene fekk oppdraget, og dei starta på nyåret 2012. Boka er delt i ni, der kvart kapittel skildrar ulike epokar. – Me har prøvd å få fram ulike agentar for likestillingstankar, til dømes Ludvig Holberg, Camilla Collett og Gina Krog. Og det er viktig å ikkje gløyma dei mannlege stortingsrepresentantane – det var dei som vedtok stemmerett for kvinner. Samstundes har me vore opptekne av å sjå korleis likestilling er vevd inn i allmenne demokratiske prosessar, seier Danielsen. Med ein forfattar i Bergen og to i Oslo har det vorte mange turar over fjellet. Dei tre forskarane har òg hatt ei faggruppe som har vore til god hjelp i arbeidet. – Då me leverte anbodet, fokuserte me på at dette ville verta ei tverrfagleg bok. Me måtte verta samde om kva for ei overordna forteljing me ville formidla – og så måtte me fordela oppgåver, skriva, og sjå kor det bar, seier Danielsen. Kvinner ikkje eigna i det offentlege livet I juni 1890 vart stemmerett for kvinner første gong debattert i stortinget. Mennene som var i mot stemmerett for kvinner, det vil seia fleirtalet, argumenterte med at det var umogleg å trassa dei naturgitte skilnadane mellom kjønna, og dei meinte at kvinner ikkje var eigna til å delta i det offentlege livet. Mindretalet meinte at kvinner ikkje kom til å verta gjort om til menn dersom dei fekk stemmerett, men at dei derimot kunne gjera politikken betre, fordi kvinner hadde moderlegheit og høg moral. Husmorperiode på 60 år Men sjølv om kvinner fekk stemmerett, var det i tiåra etter 1913 ikkje så mange av dei som nytta høvet til å la seg velja inn i politiske verv. Få jobba utanfor heimen. Åra fram til 1960 vert kalla husmorperioden. – Husmorsystemet var grunnleggande i første halvdel av 1900-talet, seier Danielsen. – Framsteg og likeverd var definert som å hjelpa den funksjonsdelte familien. Ein fekk husmorskular og ein fekk eit skattesystem som la opp til at mannen skulle jobba ute og kvinna skulle jobba heime. På 1970-talet fekk ein eit omslag, og ein annan statleg politikk. Den nye kvinnerørsla vaks fram – dette er noko Danielsen og fleire andre forskarar frå UiB og Uni Rokkansenteret har skildra i boka «Da det personlige ble politisk». – Ein snakkar om Noreg som eit likestillingsland. Men dette er eit omgrep som kom i bruk først etter 1990, seier Danielsen. – Det er ikkje utan grunn at me fekk eit kvinneopprør på 1970-talet. Før den tid var ikkje likestillinga mykje å skryta av, med tanke på kvinnene si reelle moglegheit til å kombinera arbeidsliv og familieliv, legg ho til. Gro si kvinneregjering – Denne regjeringa var viktig både praktisk og symbolsk, og fekk mykje å seia for Noreg sitt omdømme som eit likestilt land, seier Danielsen. – Er ein likestilt i dag? – Ein har vunne nokre store kampar, og det er lett å kosa seg med det. Men det er viktig å tenkja på at ting tek lang tid. Sjølv om kvinner fekk stemmerett i 1913, var det ikkje før på 1970-talet at det vart meir vanleg med kvinnelege stortingsrepresentantar. Framleis er det dessutan slik at utdannings- og arbeidsmarknaden er svært kjønnsdelt, og likeløn er ein utopi. Og seksualisert vald er eit stort samfunnsproblem, seier Danielsen. – Men på mange område er ein meir likestilt i dag, og ein er sikra likare rettar. Dette gjeld òg ulike minoritetar, som seksuelle, etniske og religiøse. Dei er i dag vert omfatta av dei offentlege likestillingsordningane. Det same gjeld personar med funksjonsnedsetjing, legg ho til. Kulturvitar Hilde Danielsen har skrive den ferske likestillingshistoria saman med historikar Eirinn Larsen og filosof Ingeborg W. Owesen. Foto: Hilde Kristin Strand – Utdannings- og arbeidslivet treng løft Dei viser til Skjeie-utvalet, som var sett saman av samfunnsforskarar. I 2010 leverte utvalet ein rapport som peika på at det er utdannings- og arbeidslivet som treng eit likestillingsløft dei neste åra. – Me har fått mange statlege ordningar for å letta kombinasjonen og omsorg og lønsarbeid. Men nokre av dei er retta mest mot kvinner. Kontantstøtta verdset husmorlivet, og retten til fødselspermisjon, òg for far, er basert på mor, seier Danielsen. I dagens samfunn er det fleire kommunar som no har innført kommunal kontantstøtte etter at regjeringa fjerna slik støtte for 2-åringar. Debatten om sjølvbestemt abort har blussa opp att, og mange unge kvinner bloggar og viser fram reine heimar og heimebakst. – Kva seier dette? – Når det gjeld abort, er det viktig å vita at når abortlova vart vedteken i 1978, skjedde det med eit fleirtal på berre ei stemme. Det er ikkje uventa at Høgre slit med denne saka, seier Danielsen. Dei som stemte for lova i 1978 var representantane frå Arbeiderpartiet og SV. – Når det gjeld blogginga, seier eg det eg har sagt før: Det er berre ein flørt med husmorrolla. Dei har ikkje ambisjonar om å vera husmødre på full tid over lang tid, det er svært få som er det i Noreg i dag. Men samstundes handlar det om kva verdiar ein har og vil visa fram og seier noko om kva ein synest er viktig. Det er ikkje mange menn som bloggar på same måten, sjølv om det finst nokre pappabloggar. Dersom likestilling er at alt er likt, så viser dette at ein ikkje er likestilt. Men blogginga kan vera eit uttrykk for ei verdsetjing av kvinnelege syslar. Familien er høgt verdsett i Noreg, seier Danielsen. Den ferske boka vert feira med sleppfest på Litteraturhuset 10. juni. Der vert det òg debatt med Audun Lysbakken (SV), Siv Jensen (Frp) og samfunnsforskar Helga Hernes. Arrangementet er starten på UiB si markering av stemmerettsjubileet.
Boka vart til etter ein anbodskonkurranse som Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet lyste ut. Oppdraget var eit praktverk i eitt band om likestillinga si historie i Noreg, som skulle venda seg til eit allment publikum og samstundes òg vera fagleg fundert.
Det var kvinnene i borgarskapet som først vart opptekne av likestilling for kvinner, og dei kravde rett til utdanning og næringsfridom. Dei brukte ikkje ordet «likestilling», men snakka om kvinnesak og kvinnespørsmålet. Arbeidarklassekvinnene var i stor grad i jobb utanfor heimen, og var mest opptekne av løn og arbeidsvilkår. Men dei rike kvinnene hadde eigentleg inga anna oppgåve i livet enn å verta gift.
Når dei første kvinnene så fekk stemmerett ved kommuneval i 1901 og ved stortingsval i 1907, var det ut frå eit økonomisk perspektiv. For å kunne stemma, måtte dei ha ei inntekt på 300 kroner i landet og 400 kroner i byen. Tanken var at etter kvart som fleire menn frå arbeidarklassen fekk stemmerett, kunne det å gi velståande kvinner stemmerett auka ansvarlegheita i politikken. I 1913 fekk kvinner altså stemmerett og kunne veljast som representantar til Stortinget, men det var ikkje før i 1919 at menneske som fekk sosial stønad fekk rett til å stemma.
Både i boka og på ei liste Danielsen har laga over milepælar i likestillingshistoria (sjå faktaboks), trekkjer ho fram den såkalla kvinneregjeringa frå 1986. Gro Harlem Brundtland var statsminister, og ho danna ei regjering der åtte av 18 statsrådar var kvinner.
I siste kapittel i boka diskuterer forskarane dagens situasjon. Kva no?