Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regjeringa har lagt fram eit revidert nasjonalbudsjett utan dei store nyhenda for universitets- og høgskulesektoren.
I dag la finansminister Sigbjørn Johnsen fram revidert nasjonalbudsjett 2011. Det var på førehand knytt lite spenning til det reviderte nasjonalbudsjettet for universitets- og høgskulesektoren sin del, og det inneheldt ikkje dei store overraskingane. Regjeringa har imidlertid foreslått ei eingongsløyving på 30 millionar kroner til rehabiliteringsprosjekt og utstyr i universitets- og høgskulesektoren. Utfordrande rehabiliteringsprosjekt – Forslaget vi no fremmer vil difor bidra til betre rammebetingelsar for å drive god forsking og utdanning, seier ho i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Forslag til korleis dei 30 millionane skal bli fordelte, vil departementet kome med seinare. Skuffa Forskerforbund – Vi er skuffa over at regjeringa ikkje har funne plass til å prioritere ressursar til stillingar, infrastruktur eller bygg som kan gjere UH-sektoren i stand til å følge opp den forventa studentveksten i åra som kjem, seier leiar i Forskerforbundet Bjarne Hodne i ei pressemelding.
Statsråd for høgare utdanning og forsking, Tora Aasland, viser til at særleg dei eldre universiteta som forvaltar bygningsmassa si sjølve, har store utfordringar knytt til større rehabiliteringsprosjekt.
Forskerforbundet delar ikkje statsråden si oppfatting av at det reviderte nasjonalbudsjettet inneheld justeringar eller tiltak som styrkar forsking eller høgare utdanning. Forskerforbundet saknar ei tydelegare satsing på å rekruttere toppforskarar og dei som skal utdanne fleire lærarar, helsearbeidarar og ingeniørar. Dei er heller ikkje imponerte over korleis Regjeringa går den forventa studentveksten i møte.