Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor i litteraturvitskap, Gisle Selnes, har tatt eit djupdykk ned i songlyrikken til den nybakte nobelprisvinnaren Bob Dylan. – Eg har høyrt ekstremt mykje på han dei siste åra.
– Eg byrja å skriva nokre artiklar om dette omkring 2011, og så kom kjensla etter kvart om at det måtte bli ei bok. Eg har jobba i rykk og napp innimellom andre prosjekt, seier Selnes.
Boka som kjem i midten av november, ber namnet «Den store sangen» og består av 15 kapittel. Til saman tar dei for seg Dylan sitt songverk så å seia i sin heilheit, men hovudvekta ligg på den tidlegaste og den seinaste fasen.
«Den store sangen» held overblikk over utgjevnadane hans og den kulturhistoriske konteksten deira, og går djupt inn i mange enkelttekstar for å kunne gje eit så fullstendig bilete som mogleg av Dylan si utvikling som songlyrikar.
– Dylan-forsking er relativt nytt for meg. Eg har drive med det seriøst i om lag ti år. Eg oppdaga Dylan «på ordentleg» i vaksen alder, men då eg fyrst gjorde det, gjekk eg inn i stoffet med stor interesse både som litteraturvitar og som musikkinteressert person.
Det overraskar meg kor mange norske forfattarar som har uttrykt skepsis til tildelinga
Følte noko mangla
Litteraturvitaren har brukt mykje tid dei siste ti åra på å lytta og lesa seg igjennom heile verket hans, og på å bli kjent med forskingstradisjonen.
Han ønska å bidra med det han synest mangla i Dylan-litteraturen.
– Etter å ha lest ein del, følte eg at nokre aspekt ved Dylan sin kunst var underbelyste. Det finst hundrevis av biografiar og kulturhistoriske tilnærmingar, leksikonlikande gjennomgang av alle albuma hans, i tillegg til noko litterære analyse og ein del musikologi.
Selnes ønsker å sjå på fleire moment samstundes.
– Eg har prøvd å kombinera det å lesa tekstane med å analysera tekstane som musikkunst, altså songlyrikk. Eg prøver å bruka litteraturvitskapelege reiskap kombinert med ei forståing av at det er tekstar som skal syngast slik at den poetiske kvaliteten til orda kjem i forgrunnen.
Han beskriv musikken til Dylan som ei blanding av amerikanske røter og høglitterær dikting.
– Det som gjer han spesiell, og det som gjer at han har fått Nobelprisen, er ikkje berre kvaliteten på det dei beste songane og albuma han har laga, men at han famnar så utruleg breitt. Han tek opp i seg så mange ulike sjangrar tradisjonar, både svart og kvit blues og balladar, og kombinerer dei på sin særeigne måte med modernistisk poesi.
– Romanen ein overvurdert sjanger
Dei som meiner det er eit knefall for populærmusikken at Dylan blei tildelt Nobelprisen i litteratur, får ingen støtte hjå Selnes.
– Det overraskar meg kor mange norske forfattarar som har uttrykt skepsis til tildelinga. Sjølv har dei kanskje gitt ut eit par diktsamlingar eller nokre romanar, og så trur dei at dei er betre enn Dylan berre fordi han ikkje plar gi ut bøker.
Det er ein sørgeleg tabloid tenkemåte, meiner Selnes, og legg til:
Det som er minst uventa, er at han ikkje seier noko. Det går inn i eit mønster
– For å setta det på spissen, vil eg seie at romanen er ein overvurdert sjanger. Evna den har til å skapa noko genuint nytt, er overvurdert; i ein viss forstand vart romanen sine moglegheiter uttømt allereie med Don Quijote. At Dylan får prisen no, er ei gledeleg anerkjenning av ein heilt annan sjanger, og ein annan litterær strøming, som altfor lengje har vorte oppfatta som mindre høgverdig og kompleks. Når det er sagt, meiner eg Dylan har fleire kvaliteter til felles med Cervantes enn det dei aller fleste norske romanforfattarar har.
Selnes vart overraska og glad for at komiteen til slutt gav Dylan prisen. Han er mindre overraska over ein taus prisvinnar.
– Det som er minst uventa, er at han ikkje seier noko. Det går inn i eit mønster. Han er oppteken med sin USA-turne no, og han heldt generelt ein lav medieprofil, det har han gjort i fleire tiår. Dylan er ein artist, men då i tydinga kunstar, ikkje ein som driv med kommers og artisteri. Han bryr seg ikkje om all viraken som omgir populærmusikken; helst vil han ha ro til å konsentrera seg om sine eigne ting: «I’m an artist, I’m trying to create art» er eit sitat frå Dylan, fortel Selnes.
Selnes håpar og trur likevel at han kjem til Stockholm og tar i mot prisen i desember.
– Dylan oppfattar jo seg sjølv som ein poet, og prisen er ei anerkjenning av den sungne poesien sine litterære kvalitetar. Difor er det ikkje utenkjeleg at han lar seg overtala til å vera til stades – dersom det vert lagt til rette for at han kan halde ein særs låg profil utanom sjølve seremonien.
Unik kunstnar
Selnes meiner Dylan har ein unik evne til å lytta seg fram til det musikalske ved tilveret, og at han den måte òg får auge på samanhengar som andre ikkje ser.
– Dylan gjer med songtradisjonen noko av det same som Picasso gjorde med maleriet, er det blitt sagt: Han vrir og vrengjer på konvensjonane, opnar nye kromatiske horisontar og ser det kjende frå stadig nye og uventa perspektiv.
Dylan har ein unik musikalitet. Det er ikkje berre musikken i tydinga melodi og harmoni, men òg sjølve teksten, som er musikalsk. Det er ingen som kan få så mykje klang ut av ei strofe som han kan, fortel Selnes.
– Det er utruleg kor mykje det er plass til i songane hans. Tematisk er det knapt ei einaste side ved den amerikanske historia han ikkje har teke opp; i ulike fasar inkarnerer Dylan så å seia ein bestemd epoke, figur eller skjebne. Og han gjer det gjennom musikken. Eg er t.d. overtydd om at Dylan sin <<frelste>> periode rundt 1980 skuldast eit intenst ønske om å undersøka den amerikanske gospeltradisjonen innanfrå.